Nynorsk

Nynorsk og bokmål er jamstilte målformer i Noreg, og det har dei to skriftspråka vore sidan 1885. Etter mange år under dansk styre og med dansk som einaste skriftspråk i Noreg voks nye språklege idear fram frå midten av 1800-talet. Det språklege treet som blei planta den gongen, ber stadig frukter. Som mindretalsspråk i landet vårt krev nynorsken av og til litt ekstra pleie.

Den unge 1800-talsnasjonen Noreg trong eit eige skriftspråk, skulle vi vere herrar i vårt eige svensk-norske hus. Diskusjonen om språket vårt skaut fart frå midten av 1800-talet. Skulle vi byggje opp eit heilt sjølvstendig skriftspråk på grunnlag av dialektane i landet? Eller fornorske det danske utgangspunktet med norske ord og heimlege strukturelle trekk?

Ivar Aasen (1813–1896) tok initiativet til det første alternativet. Han var ein grundig sunnmøring og brukte fleire år på ei jamførande undersøking av grammatikk og ordtilfang i dei ulike norske dialektane. Resultata publiserte han mellom anna i omfattande ordbøker (utgjevne i 1850 og 1873).

På grunnlag av det innsamla materialet utarbeidde Aasen ei fellesform for dialektane. Dette språket blei kalla landsmål. Alt frå slutten av 1850-åra byrja andre å ta skriftspråket i bruk. Landsmålet blei likestilt med dansk i 1885 og blei godkjent som undervisingsspråk i skolen etter lokal avgjerd i 1892. Landsmålet auka raskt i bruk og popularitet i Bygde-Noreg. I 1929 fekk språket offisielt namnet nynorsk etter vedtak i Stortinget.

  • sidemålsstilen blei innført i gymnaset i 1907?
  • i 1938 blei skillet mellom hovudformer og klammeformer innført – og ikkje fjerna att før med 2012-reforma?
  • infinitiv på -e blei sidestilt med -a i 1959 (gjere/gjera)?
  • i 1970 vedtok Stortinget at minst 25 % av sendingane i NRK skulle vere på nynorsk?
  • pronomenforma me blei sidestilt med vi i 1983?
  • mållova blei vedteken i 1983, for å regulere bruken av målformene i statlege organ?
  • språklova blei vedteken i 2021 og tok til å gjelde i 2022?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.01.2004 | Oppdatert:25.10.2023