Færøysk

Ein som kan islandsk, forstår ein heil del av ein færøysk tekst, men har større vanskar med å forstå færøysk talespråk. Det kjem dels av at det alltid har vore stor skilnad mellom færøysk skriftspråk og færøysk talespråk. Dansk var det dominerande skriftspråket på Færøyane i fleire hundre år, og fram til slutten av 1800-talet eksisterte færøysk berre som talespråk. Då stavemåten blei normert, hadde ein to rivaliserande alternativ: eitt baserte seg på språkhistorien og eitt på talespråket. Den historiske lina vann, og det førte til at skriftspråket blei oppfatta som gammaldags heilt frå starten.

Eit døme på det er at færøyingane bruker bokstavane ð og g, trass i at dei ikkje finst i uttalen. I islandsk blir dei både skrivne og uttalte. Då færøyingane bestemte seg for å bruka ð og g, var det altså av historiske årsaker, ikkje praktiske.

Resultatet er at færøyske barn har problem med å læra seg å lesa og skriva. Mange ungdomar vil helst lesa skjønnlitteratur på engelsk eller dansk, sjølv om færøysk er det naturlege morsmålet for alle som veks opp på Færøyane. Skriftspråket blir opplevd som altfor tungt, høgtidleg og vanskeleg å forstå.

Islandsk og færøysk

Færøysk grammatikk har mange likskapar med den islandske og den norrøne grammatikken. Kasussystemet er det same, og det same er bøying i kjønn. Det er ein tendens til at den færøyske grammatikken blir forenkla raskare enn den islandske. Genitiv er til dømes uvanleg i moderne færøysk.

Færøysk har vore opnare for lånord, særleg frå dansk, men også frå engelsk. Ein person som kan eit skandinavisk språk, forstår difor fleire ord i ein færøysk tekst enn i ein islandsk. Den store skilnaden mellom færøysk og islandsk finn ein i uttalereglane. Eit døme er at dei færøyske vokalane endrar lydkvalitet når dei blir forkorta. Den maskuline forma av adjektivet stórur blir uttalt med diftong (staurur), medan den nøytrale forma stórt blir uttalt med ein enkel ø-lyd (stört). I islandsk er uttalen lik i begge døma, nemleg ståor og ståort. Finn sjølv døme i dei færøyske og islandske ordbøkene, lytt og samanlikn uttalen.

Eit lite, men sterkt språk

Færøysk er det minste av dei nordiske språka som er i bruk. Det er om lag 75 000 brukarar. Av dei er vel halvparten (48 000 personar) færøyingar som framleis bur på Færøyane. I tillegg er det mange færøyingar som har flytta utanlands, særleg til Danmark og dei andre nordiske landa.

Sjølv om talet på brukarar er lågare enn talet på innbyggjarar i ein skandinavisk småby, er språket i høgste grad levande og veldokumentert. Det finst ein rik færøysk litteratur, og i dei seinare åra har det kome omfattande ord- og grammatikkbøker. Den største einspråklege færøyske ordboka er fritt tilgjengeleg på nettet. Alle som vil læra seg språket, kan melda seg på eit sommarkurs på den færøyske høgskulen i hovudstaden Torshamn.

Jamfør språka

Denne teksten er omsett til alle nordiske språk. Nedanfor ser du den færøyske versjonen. Ved å lesa den korte omtalen av dei andre nordiske språka, kan du jamføra likskapar og skilnadar mellom denne teksten på færøysk og dei andre nordiske språka:


Sviar, norðmenn og danir skilja heilt væl hvønnannan.Teir hava størri trupulleikar við íslendskum, hóast íslendskt líkist tí skandinaviska málinum, ið varð tosað fyri túsund árum síðan. Næstringur hjá íslendskum er føroyskt, men málini eru ikki so lík, at ein íslendingur skilir ein føroying uttan trupulleikar.

Finskt minnir um estiskt, men har er eisini skilskapur við sámisku málini. Í bæði finskum og sámiskum kann en til dømis skapa long orð við at leggja bendingar aftrat stovninum. Men viðvíkjandi longum orðum er grønlendskt heilt serstakt. Har øðrum málum tørvar eina heila meining, er ofta nóg mikið við einum einasta grønlendska orði.


Jamfør den færøyske teksten med den islandske. Du vil sjå at mykje er likt, men du vil også finna nokre skilnader. Legg til dømes merke til at meining heiter meining på færøysk (om lag som på svensk og på nynorsk), men setning på islandsk (om lag som på norsk bokmål og på dansk). Og kva trur du at trupulleikar tyder?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.07.2013 | Oppdatert:14.01.2021