Korleis bli betre i nynorsk

Det finst mange måtar å bli betre i nynorsk på. Ein lærer ikkje nynorsk berre ved å pugge bøyingsmønster. Ein lærer det også ved å møte språket ofte og i ulike samanhengar.

5 vegar til betre nynorsk:

Les nynorsk!

Du blir god i engelsk når du les engelske bøker. Det same skjer når du les nynorsk, uansett kva slags tekstar det er snakk om – romanar, nettaviser eller bloggar. Les ei bok på nynorsk neste gong, bruk Wikipedia på nynorsk eller les ein nynorsk blogg!

Skriv nynorsk i fleire fag!

Har du nynorsk som sidemål? Bruk nynorsk i fleire fag enn norsk, så får du gratis språklæring!

Bruk nynorsk i sosiale medium!

Bruk nynorsk på Facebook og Twitter! Lat det gå sport i å ha éin «nynorskdag» i veka!

Lat som du er nynorsking!

Nynorsk er ein del av språkarven din også, sjølv om du kanskje ikkje har nynorsk som sidemål.  Du kjenner kanskje nokon som bur andre stader i landet og skriv nynorsk? Eit søskenbarn, ei tante, ei bestemor? Forsking viser at når ein identifiserer seg med eit språk, blir det lettare å lære. Du blir god i nynorsk når du har ei positiv og nyfiken haldning til språket. Og kanskje oppdagar du også nye sider ved deg sjølv som språkbrukar.

Engasjer deg!

Kunnskap rustar deg til livet! Du blir god i nynorsk når du bruker språkkompetansen din. Språksituasjonen i Noreg er spesiell!  Snakk om språket med venner. Lær deg litt om språkhistoria vår, så du kan briljere med gode argument i diskusjon med andre. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.06.2012 | Oppdatert:08.09.2022