Læhkoeh biejjine – Vuorbbe biejvijn – Lihkku beivviin – Gratulerer med dagen!
(6.2.17) Den 6. februar er samefolkets dag, ei felles feiring for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Datoen er vald for å markere det første samiske landsmøtet i Trondheim i 1917.
Denne veka er det igjen samling i Trondheim, for å feire 100-årsjubileet for det første landsmøtet.
- Du kan lese meir om arrangementet her.
Vi har fått eit nytt omsetjarverktøy i gåve, som gjev høve til å lese samiske tekstar på norsk. Programmet omset nordsamisk tekst og skal etter kvart også omsetje til andre samiske språk og finsk.
- Du finn programmet her.