Namnet bokmål har ei ganske lang forhistorie. Etter 1814 vart dansk skriftspråk brukt i Noreg. I starten vart det kalla Modersmaalet og noko seinare det almindelige Bogsprog. Også Bogmaal vart tidleg brukt, men først om skriftspråk, litteraturspråk generelt, altså «språk brukt i bøker». I 1885 vart landsmål (nynorsk) offisielt jamstilt med det som i stortingsvedtaket vart kalla vort almindelige Skrift- og Bogsprog. Landsskulelova av 1889 brukte nemninga det almindelige Bogmaal. Frå slutten av 1800-talet kom Riksmål i bruk. I 1929 vart nemningane på dei to offisielle målformene riksmål og landsmål endra til bokmål og nynorsk.
Knud Knudsen la fram mange forslag til norske ord i den store ordboka Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning. Ordskifte – for debat og diskussion – er det forslaget hans som har halde seg best.
Les meir om bokmål og Knud Knudsen her:
Publisert 13. januar 2012