Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Skurdtreskjar (og tungrock)

Mangstad gulnar no åkrane mot hausten. Grøda er stor, men onnefolka få, heiter det, men i vår tid er ikkje det eit like stort problem – takk vere skurdtreskjaren.

I nokre hektiske veker med skurdonn kan vi ute i bygdene høyra den jamne duren frå treskjemetallet som i éin operasjon både skjer, treskjer og reinskar kornet. Dei to prosessane skurd og tresking går i hovudsak føre seg ved hjelp av skjerebordet og treskjeverket (treskjeapparatet). Uttrykket gå som eit treskjeverk om å gå ujamt og støyande stammar frå den tida treskjeverket var ein sjølvstendig maskin som stod og laga mykje bråk.

Skurd (norrønt skurðr) har samanheng med verbet skjera, og i tillegg til tydinga ’det å skjera’ brukar vi det om ’noko som er skori’, som i treskurd, og ’stad der det er skori’, t.d. skurden på geværsiktet.  Vi finn det òg i skurdtømmer, tømmer som kan skjerast til bord, til skilnad får sliptømmer, som blir slipa til tremasse. På ein moderne skurdtreskjar grip den roterande vinda eller haspelen tak i kornaksa, som blir skorne av ved hjelp av knivstonga på skjerebordet, og så blir dei førte vidare inn i treskjaren gjennom treskjeverket, halmristarane og reinseverket.

Treskja (norrønt þreskja) er det å skilja kornet eller frøet frå resten av loa (agner og halm). Eit anna verb som har hatt nokolunde same tydinga, er drøfta, som har gått frå å ha tydinga ’reinsa korn ved å rista slik at agner og rusk fell ut’ til òg å ha tydingane ’ordskiftast om; granska’. Det engelske thrash/thresh, som er det same som vårt treskja, har i tillegg tydinga ’slå, dengja laus’, som var den måten ein treskte på tidlegare. Denne tydinga finn vi att i musikksjangernemninga thrash metal, som følgjeleg er ein noko annleis type treskjemetall. 


9. august 2010 

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette