Pinse er den tredje store høgtida i den kristne kyrkja. Første pinsedag blir feira den sjuande sundagen etter første påskedag. I kyrkja har pinsa vore feira sidan først på 200-tallet til minne om Den heilage ande og grunnlegginga av kyrkja.
Truleg har vi fått ordet pinse gjennom dansk frå lågtysk pinxte. Ordet kjem opphavleg frå gresk πεντηκοστή pentekostē, som tyder ’femtiande’ (dvs. den femtiande dagen etter påske).
Kvitsunn(dag) har vorte brukt ein del i nynorsk om pinse. I norrønt heitte det hvitasunna, hvítadagr, hvítsunnudagr ’kvitesundag’ (jf. engelsk Whitsunday).
Opphavleg var kvitsunndag namnet på første sundagen etter påske, den store dåpsdagen, då dei som skulle døypast, var kledde i kvite klede.
Over heile Sør-Noreg brende dei bål om kvelden før pinsedagen i eldre tid. I Trøndelag la dei gjerne rått bar på bålet, så det skulle ryke til gagns. Både der og i Hardanger tala dei om pinstidrøyk. I andre landsdelar vart det kalla vòkeeld, fordi dei hadde vòkenatt før pinsedag.
Frå og med Trøndelag og sørover heiter det at om pinsedagen er varm, blir sommaren kald og omvendt. I Buskerud heitte det at etter pinseregn blir det ein tørr sommar. I Romsdal meinte dei at det vart eit godt år om det kom pinseregn, om så berre tre dropar. I Nord-Noreg venta dei no pinsria, rusket og kaldt vêr, i alle fall nordavind.
Kjelder: Nynorskordboka, Store norske leksikon og Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon av Brynjulf Alver.
Publisert: 9. juni 2011