
Om avløysarord og norvagisering
Når ord frå andre språk blir tekne i bruk i norsk, kan vi behandle dei på tre måtar:
(a) Vi kan finne eit norsk ord (eit avløysarord) i staden for det utanlandske.
(b) Vi kan tilpasse skrivemåten til norsk (norvagisering).
(c) Vi kan behalde den utanlandske skrivemåten.
Døme på (a) er idédugnad eller idémyldring i staden for det engelske ordet brainstorming.
Døme på (b) er tøff og streik for dei engelske orda tough og strike.
Døme på (c) er cowboy, som ikkje har fått norsk skrivemåte, og fender, der skrivemåten passar til både engelsk og norsk uttale.
Språkrådet sin politikk
Språkrådet sin politikk er at ein skal prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske framandord. Døme: krøllalfa for teiknet @ (på engelsk uttalt at) i e-postadresser og nakkesleng for engelsk whiplash.
Vidare arbeider Språkrådet for at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, får norsk skrivemåte. Å gje eit ord norsk skrivemåte blir på fagspråket gjerne kalla norvagisering.
Ord som refererer berre eller nesten berre til saksforhold i engelsktalande land, får behalde den engelske skrivemåten. Det gjeld òg i ein viss grad for ord frå språk som færre nordmenn kan. Døme frå engelsk: cricket.
Kvifor?
Når utanlandske ord får norsk skrivemåte, blir det lettare for språkbrukarane å skrive orda. Skriftbiletet blir meir i samsvar med uttalen og med norske rettskrivingsmønster. Når vi lagar norske avløysarord for anglo-amerikanske ord, tek vi i bruk vår eiga skaparevne i staden for blindt å ta imot det som kjem frå eit anna språk og ein annan kultur.
På årsmøtet i februar 1998 gjorde Norsk språkråd vedtak om korleis ein skulle behandle importord (lånord og framandord), sjå første punktet nedanfor.
1 Avløysarord eller norsk skrivemåte?
2 Lenkjer som gjeld avløysarord
3 Lenkjer som gjeld norsk skrivemåte
4 Lenkjer til "Beiken-feiden 2004"
5 Språkkonkurranse for vidaregåande skular
6 Litteratur
7 Eldre artiklar
Sist oppdatert 1. desember 2010