e-verb (dømme-klassa)
I denne gruppa går vokalen e att i presens (-er) og preteritum (-te, -de):
| å lyse |
lyser |
lyste |
har lyst |
| å prøve |
prøver |
prøvde |
har prøvd |
Verba får t (lyste) eller d (prøvde) i preteritum. Som regel vil ein velje rett automatisk dersom ein ikkje tenkjer for mykje, men følgjer språkkjensla. I dei fleste tilfella der ein stussar, er det tillate både med -de og -te:
| å dømme |
dømmer |
dømde el. dømte |
har dømt |
Merk at verb som har infinitiv på -ere, er e-verb:
| å notere |
noterer |
noterte |
notert |
| å analysere |
analyserer |
analyserte |
analysert |
| å fantasere |
fantaserer |
fantaserte |
fantasert |
Døme på bøying av e-verb, 1:
| infinitiv |
presens |
preteritum |
perfektum |
| å hjelpe |
hjelper |
hjelpte |
har hjelpt |
| å tenkje |
tenkjer |
tenkte |
har tenkt |
| å treffe |
treffer |
trefte |
har treft |
| å reise |
reiser |
reiste |
har reist |
| |
|
|
|
| å diskutere |
diskuterer |
diskuterte |
har diskutert |
| å argumentere |
argumenterer |
argumenterte |
har argumentert |
| |
|
|
|
| å kjenne |
kjenner |
kjende *) |
har kjent |
| å sende |
sender |
sende *) |
har sendt |
| |
|
|
|
| å arbeide |
arbeider |
arbeidde |
har arbeidd |
| å greie |
greier |
greidde |
har greidd |
| |
|
|
|
| å leve |
lever |
levde |
har levd |
| å leige |
leiger |
leigde |
har leigd |
| |
|
|
|
| å følgje |
følgjer |
følgde |
har følgt |
| å nemne |
nemner |
nemnde |
har nemnt |
*) Desse verba kan ha sideformene [kjente] og [sendte]
Det blir alltid rett å bruke -t i perfektum partisipp. Alle e-verb kan ha -t i partisipp etter hjelpeverbet ha: har/hadde ....t
| å køyre |
køyrer |
køyrde |
har køyrt
|
| å gløyme |
gløymer |
gløymde |
har gløymt |
Men det kan vere greitt å vite at verb som endar på -de i preteritum og -d i perfektum partisipp på bokmål, har valfritt -d i partisippet på nynorsk:
| Bokmål: |
Nynorsk: |
| bygde – har bygd |
bygde – har bygd |
| leide (hybel) – har leid |
leigde (hybel) – har leigd |
| leide (bedriften) – har leid |
leidde (bedrifta) – har leidd |
Øvingar: