Forenkla samsvarsbøying høyrer med til sideformene i nynorsk og kan brukast av elevar.
EKSEMPELTEKST
Til Olav!
Gå heim til meg. Hunden er bunde og huset er ope. Gå opp trappa og finn notata frå måndag på skrivebordet mitt. Dei er reinskrive og leselege, trur eg. Innleiinga er ikkje skrive av meg, men av Jon. Benthe og Kari har lese igjennom utkastet, og elles er innleiinga lese av Jan Olav og Turid. Spørsmåla til slutt er førebudd av meg. Eg er ganske nøgd med dei. Kan du møte resten av oss i gruppa onsdag klokka 18.00?
Slutten er lite diskutert, og heller ikkje særleg gjennomarbeidd. Tida er forsvunne og inspirasjonen er floge, men ein siste innsats er påkravd. Vi vil jo gjerne at alle delane skal vere gjennomarbeidd og godt formulert. Vi snakkast!
Helsing Trine
I dette systemet nyttar du den same forma av partisippet etter hjelpeverba vere, verte og bli som etter å ha.
1 Boka blei skrive ferdig.
2 Brevet blei skrive for fort.
3 Notata var dårleg skrive.
4 Alle snøbretta blei levert inn om kvelden.
5 Alle gjestene var komme tidsnok
Men, dei sterke verba skal alltid ha samsvarsbøying når dei står som adjektivet "open" til substantivet, slik døma viser:
| hankjønn |
hokjønn |
inkjekjønn |
fleirtal |
| ein open bil |
ei open dør |
eit ope hus |
opne dører |
| ein bunden hund |
ei bunden ku |
eit bunde dyr |
bundne hundar |
| ein skriven stil |
ei skriven bok |
eit skrive brev |
skrivne notat |
Døme:
1 Politiet leitte etter ein stolen bil.
2 Bonden etter ei stolen ku.
3 Korleis kan ein snakke om eit stole fly?
4 Dei fann fleire stolne syklar i elva.
Øving: