Sterke verb har ikkje ending i presens og preteritum. Det skil dei frå svake verb. Dei fleste har vokalskifte.
| å fare |
fer |
for |
har fare |
| å bite |
bit |
beit |
har bite |
I dette kurset gjennomfører vi endinga -e i perfektum partisipp, men ein kan også nytte -i:
har fari og har biti.
Somme har talemål som samsvarer godt med det nynorske systemet. Ein kan prøve å lage eit oversyn over korleis dei sterke verba blir bøygde i talemålet, og jamføre med nynorskbøyinga. Mange av dei vanlegaste sterke verba står på lista nedanfor.
| å bite |
bit |
beit |
har bite |
| å drive |
driv |
dreiv |
har drive |
| å gripe |
grip |
greip |
har gripe |
| å skine |
skin |
skein |
har skine |
| å skrike |
skrik |
skreik |
har skrike |
| å skrive |
skriv |
skreiv |
har skrive |
| å slite |
slit |
sleit |
har slite |
| å svike |
svik |
sveik |
har svike |
| å bryte |
bryt |
braut |
har brote |
| å by(de) |
byr (byd) |
baud |
har bode |
| å fly(ge) |
flyg |
flaug |
har floge |
| å fryse |
frys |
fraus |
har frose |
| å krype |
kryp |
kraup |
har krope |
| å lyge |
lyg |
laug |
har loge |
| å nyte |
nyt |
naut |
har note |
| å ryke |
ryk |
rauk |
har roke |
| å skyte |
skyt |
skaut |
har skote |
| å skyve |
skyv |
skauv |
har skove |
| å syngje |
syng |
song |
har sunge |
| å springe |
spring |
sprang |
har sprunge |
| å brenne |
brenn |
brann |
har brunne (jf. brenne/brenne her) |
| å drikke |
drikk |
drakk |
har drukke |
| å finne |
finn |
fann |
har funne |
| å vinne |
vinn |
vann |
har vunne |
| å bere |
ber |
bar |
har bore |
| å rekke |
rekk |
rakk |
har rokke (jf. rekke/rekkje her) |
| å skjere |
skjer |
skar |
har skore |
| å sleppe |
slepp |
slapp |
har sloppe (jf. sleppe/sleppe her) |
| å stele |
stel |
stal |
har stole |
| å strekke |
strekk |
strakk |
har strokke (jf. strekkje/strekke her) |
| å vere |
er |
var |
har vore |
| å verte |
vert |
vart |
har vorte (jf. tilhøvet mellom å verte og å bli her) |
å bede, eller å be |
bed ber |
bad bad |
har bede har bedd/bedt |
| å drepe |
drep |
drap |
har drepe |
| å lese |
les |
las |
har lese |
| å reke |
rek |
rak |
har reke |
| å ete |
et |
åt |
har ete |
| å fare |
fer |
fór |
har fare |
| å halde |
held |
heldt |
har halde |
| å late |
lèt |
lét |
har late |
| å blåse |
blæs |
bles |
har blåse |
| å gråte |
græt |
gret |
har gråte |
| å låte |
læt |
lét |
har låte |
| å gå |
går |
gjekk |
har gått |
| å stå |
står |
stod |
har stått |
| å få |
får |
fekk |
har fått |
å gi gje(ve) |
gir gjev |
gav gav |
har gitt har gjeve |
| å komme |
kjem |
kom |
har komme |
Øvingar: