I Svake verb
1 a-verb (kaste-klassa)
Desse verba har -ar i presens og -a i preteritum:
| å kaste |
kastar |
kasta |
har kasta |
| å sykle |
syklar |
sykla |
har sykla |
2 e-verb (dømme-klassa)
I denne gruppa går vokalen e att i presens (-er) og preteritum (-te, -de):
| å lyse |
lyser |
lyste |
har lyst |
| å prøve |
prøver |
prøvde |
har prøvd |
3 j-verb (telje-klassa)
Verb i denne gruppa har -je i infinitiv, og inga ending i presens slik som dei sterke verba:
| å telje |
tel |
talde |
har talt |
| å selje |
sel |
selde |
har selt |
| å spørje |
spør |
spurde |
har spurt |
4 nå-verb (kortverb)
Desse verba følgjer dette mønsteret:
| å nå |
når |
nådde |
har nådd/nått |
| å bu |
bur |
budde |
har budd/butt |
| å tru |
trur |
trudde |
har trudd/trutt |
5 Uregelrette svake verb
| å gjere |
gjer |
gjorde |
har gjort |
| å eige |
eig |
åtte, el. [eigde]
|
har ått, el. har [eigd/eigt]
|
| å pla |
plar |
pla |
|
| å vite |
veit |
visste |
har visst |
| å seie |
seier |
sa |
har sagt |
II Sterke verb
Sterke verb har ikkje ending i presens og preteritum. Det skil dei frå svake verb. Dei fleste har vokalskifte.
| å fare |
fer |
for |
har fare |
| å bite |
bit |
beit |
har bite |
III st-verb
Nokre svært vanlege verb har endinga -st, eller [-s] i alle former:
| å finnast |
finst |
fanst |
har funnest
|
| å synast |
synest |
syntest |
har synst |
Hovudformene har endinga -st, sideformene [-s].
Øvingar: