Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Valfridomen i nynorsk

Alle som har skrive nynorsk, veit at det ikkje er nok å vita kva nynorsken inneheld av ord og former, for ein råkar støtt på fleire «sett» av begge delar. Kva skal ein gjera då? Korleis skal ein velja?

Valfridomen i nynorsk rettskriving er av to slag:

For det fyrste har vi eit skilje mellom hovudformer og sideformer (til dømes mellom tenkje og [tenke], mellom sola og [soli]. Sideformene står i hakeparentes, òg kalla klammer [ ], i ordlistene. Slike former skal ikkje nyttast i statstenesta og er difor ikkje tekne med i rettleiinga.
 
For det andre har vi ofte eit val mellom jamstelte hovudformer (til dømes mellom tenkje og  tenkja, mellom skole og skule). Rettleiinga gjev oversyn over dei fleste slike valfridomstilfelle, både når det gjeld gjennomgåande valfrie former, særleg i endingsverket, og einskildord. Kravet er konsekvent bruk av dei formene og skrivemåtane ein har valt.

I særskilde rammer står det kva som ikkje er valfritt. Der står sjølvsagt ikkje om alt av det slaget, men om det som mange trur er valfritt – etter vanlege nynorskfeil å dømma.

Valfridomen gjer at den som skriv, ofte må velja kva former han eller ho vil nytta. Dette er særleg utfordrande når fleire personar samarbeider om å skriva eit dokument.

Dei som skal skriva ei tekst i lag, bør bli samde om kva former dei vil nytta. Då kan kapitla nedanfor brukast som sjekkliste.

 

Hankjønn eller hokjønn

-ing eller -ning

Konsonantar

  • Enkle eller doble konsonantar
  • Ordlagingsendingane -dom, -døme og ord med m(m)
  • Enkel eller dobbel n, t, k

Vokalar og diftongar

  • Valet mellom a og å
  • Valet mellom a og o
  • Valet mellom a og e
  • Valet mellom æ og å
  • Valet mellom o og ø
  • Valet mellom y og u
  • Valet mellom jo og y
  • Diftongar

Substantivbøying

  • Bøying av inkjekjønnsord som auga/auge

Verbbøying og samsvarsbøying

  • Infinitivsendinga: -a eller -e
  • Sterk eller svak bøying av verb
  • Fullformer eller stuttformerVerb med valfri presens- og preteritumsending: -ar/-a eller -er/-te
  • Verb med valfri preteritumsending: -de eller -te
  • Samsvarsbøying
  • Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av verb som byggja og løyva: -d eller -t
  • Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av verb som endar på -dde i preteritum
  • Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av sterke verb: -e eller -i
Utviklet av Gazette