Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Verbbøying og samsvarsbøying

Det som står om fortidsendingar av verb, må sjåast i samanheng med dei siste avsnitta, som set søkjelyset på samsvarsbøying av partisipp (dyret er skote, men mannen er skoten).

 

Infinitivsendinga: -a eller -e

Nynorsk har to jamstelte infinitivsendingar: -a og -e, som båe er i allmenn bruk. Ein må vera konsekvent og halda seg til éi av dei i eitt og same dokument: bera, finna, meina, tenkja, vera osv. eller bere, finne, meine, tenkje, vere osv. Kløyvd infinitiv (t.d. eta, gjera, koma, men elske, fange, skrive osv.) er ikkje hovudform og skal difor ikkje nyttast i statstenesta.

Legg merke til at det i ordlister og ordbøker alltid er valt éi infinitivsform. Det har praktiske grunnar og tyder sjølvsagt ikkje at den andre forma ikkje skal brukast.

 

Sterk eller svak bøying av verb

Sterke verb skil seg frå dei svake ved å ha éi staving i preteritum i staden for å enda på -a eller -de/-te, til dømes: skaut, skreiv. På nynorsk har dei dessutan éi staving i presens: skyt, skriv, og dei fleste har to stavingar og e-ending i perfektum partisipp: har skote, har skrive. Nynorsk har etter gammalt fleire sterke verb enn bokmål, og fleire former av verba har ”sterke” kjennemerke.

Etter kvart har det kome inn noko valfridom, om ikkje så mykje innanfor hovudformsystemet. Til dømes kan det heita både

gi – gir – gav – har gitt og
gje(va) – gjev – gav – har gjeve,

og det heiter valfritt har slege eller har slått. Dei fleste valfrie orda er av typen ri(da), gli(da), svi(da), til dømes:

ri(da) – rid/rir – rei(d) – har ride/ridt/ridd.

Ein bør nytta eit og same system i alle verba av den siste typen, anten ein vel til dømes

ri – rid – reid – har ride eller
ri – rir – reid – har ridd.

Det er rimeleg å la be(da) og by(da) følgja om lag same mønster som ein har valt ovanfor. Her er heile valfridomen:

be(da) – bed/ber – bad – har bede/bedt/bedd og
by(da) – byd/byr – baud – har bode eller
by(da) – byr – bydde – har bydt/bydd

Merk at d-en i bad og baud ikkje er valfri sjølv om han er det i reid, gleid osv.

Noko av det fyrste ein må å ta stilling til (fordi verbet bli/verta er så vanleg), er kva av desse tre systema ein skal nytta konsekvent:

bli – blir – blei – har blitt
bli – blir – vart – har vorte
verta – vert – vart – har vorte

Kompromisset i midten kan sjå konstruert ut, men har faktisk svært godt grunnlag både i målføre og i skrifttradisjon.

For merknad om dei lange infinitivsformene i parentes, sjå neste avsnitt. Om alternativt perfektum partisipp med -i til slutt, sjå her.

Ikkje noko val!

Hugs at desse orda berre har sterk bøying innanfor hovudformsystemet:
dra(ga) – dreg – drog – har drege
la(ta) – lèt – lét – har late
mala – mel – mol – har male
sverja – sver – svor – har svore
ta(ka) – tek – tok – har teke

Men desse går mot straumen og er linne på nynorsk, sterke på bokmål: hjelper–hjelpte, treffer–trefte, trekkjer–trekte, tvingar–tvinga. Hugs òg at det heiter bryr–brydde, knyter–knytte, syter–sytte.

 

Fullformer eller stuttformer

Ein kan i prinsippet velja mellom ei og to stavingar i infinitiv av ein del sterke verb. Døme:

be(da), dra(ga), gje(va), gli(da), ha(va), la(ta), ta(ka), vri(da) osb.

Ein kan òg velja mellom lange og stutte former i infinitiv og presens av ein del svake verb som sluttar på -da i den lange infinitivsforma, som blø(da), fø(da), gle(da), glø(da). Døme:

fø(da) – fø(de)r – fødde – har født/fødd.

Presens og infinitiv bør ha same slags form. Om ein skulle velja dei lange formene, bør ein tenkja på at dei gjev eit så sterkt inntrykk av traust tradisjon at resten av teksten helst bør harmonera med dei. Om ein vil at teksten skal verka ryddig, bør ein la gruppene av verb som liknar på kvarandre, følgjast åt; til dømes fø(da) som blø(da) og helst vri(da) som gli(da) til liks med alle dei andre sterke verba som endar på -i eller -ida.

 

Verb med valfri presens- og preteritumsending: -ar/-a eller -er/-te

Eit mykje brukt døme på slike verb – som både kan vera a-verb og e-verb – er bruka. I preteritum kan det heita anten bruka eller brukte. Slik går òg dreia (dreia/dreidde), ropa (ropa/ropte), skjøna, smaka, svara, tala og nokre titals andre verb. I tillegg kjem ei rekkje ord der sjølve rota sluttar på konsonanten -t, til dømes drøfta (drøfta/drøfte), gifta, leita, skifta og nokre til. Mista (mista/miste) høyrer òg til desse, men missa, med same tyding, kan berre bøyast misser – miste – har mist.

(Nokre av dei nemnde verba kan ha -de i staden for -te; meir om det i neste avsnitt.)

Her er det nok å vera konsekvent per ord. Men det kan vera greitt å bestemma seg ein gong for alle for kva ein skal bruka i kvart tilfelle, og då kan det vera lurt å setja orda i grupper som ein behandlar nokolunde likt.

Merknad
Dersom ein vel preteritumsendinga -a, må ein velja presensendinga -ar og endinga -a etter hjelpeverbet å ha. Vel ein preteritumsendinga -te, må ein velja presensendinga -er og endinga -t etter hjelpeverbet å ha:
Ho skjønar – skjøna – har skjøna
Ho skjøner – skjønte – har skjønt
Dei talar – tala – har tala
Dei taler – talte – har talt

Ikkje noko val!

Mange trur at arbeida, dekkja, byta, brøyta, føya, knyta, lada, leia, skada, støyta, styrkja, svekkja, ynskja/ønskja er a-verb eller valfrie, men sanninga er at dei er e-verb. Døme på bøying er:
byta–byter–bytte–bytt
leia–leier–leidde–leidd/leitt
skada–skader–skadde–skadd/skadt
.

 

Verb med valfri preteritumsending: -de eller -te

Grovt sett har e-verba med ustemt konsonant før endinga (p, t, k, f, s) òg ustemt endingskonsontant (altså -te), til dømes tenkte. Tilsvarande får dei fleste med stemd konsonant (b, d, g, m, v) den stemde konsonanten i endinga (-de), til dømes bygde.

Med m får vi ofte -de (gløymde, rømde), men òg valfridom: bestemte/bestemde, limte/limde.

Sjølv om n er stemd, har mange ord med denne stammeutlyden likevel -te i preteritum (meinte, minte, skjente, tente (inf. tena)). Men obligatorisk -de førekjem òg (t.d. brende, kjende, tende (inf. tenna), løynde, nemnde).

Nokre verb med l før endinga har obligatorisk -te (kvilte), somme har -de (valde) andre att er valfrie (tolde/tolte).

Dei med r er stort sett valfrie (førde/førte, lærde/lærte, stirde/stirte, varde/varte), unnataket er -te i ord på -ere (studerte) og -de i høyrde, køyrde (valfritt hørde/hørte, kjørde/kjørte)

Merk at nokre fåe av desse orda òg kan ha a-bøying, som til dømes svara (svarar/svarer-svara/svarde/svarte) eller vara (åtvara har derimot berre a-bøying) (jf. førre avsnitt) – det vil seia at det finst tre alternativ i preteritum. Då er det greitt å ha gjort eit prinsipielt og gjennomtenkt val!

I alle tilfella med valfridom er det strengte teke nok å vera konsekvent per ord, men igjen kan det svara seg å gruppera orda og ta eit val ein gong for alle. Det ingen grunn til å skriva ord som har same konsonant føre endinga, ulikt, til dømes å veksla mellom -rd- og -rt-.

 

Samsvarsbøying

Alle har vel høyrt om samsvarsbøyinga i nynorsk endingsverk, og somme av dei som ikkje har samsvarsbøying i dialekten, vonar vel at den òg er valfri. Men den gong ei! Sløyfing av samsvarsbøying høyrer ikkje til hovudformene, og dermed heller ikkje til målbruk i statstenesta. Men ein kan velja mellom nokre bøyingsformer som vi kjem attende til under punkta nedanfor.

Samsvarsbøying har vi når perfektum partisipp har ulike endingar i hankjønn/hokjønn, inkjekjønn og fleirtal. Endinga må då ”samsvara” med kjønn og tal. Det meste av valfridomen innanfor hovudformene gjeld inkjekjønn, men det svarar seg å ta eit kjapt sveip over heile systemet. Då byrjar vi med fleirtal.

Kjennemerket på fleirtalsbøyinga er e-en til slutt. I tillegg kan det nemnast at preteritum (som før vart kalla imperfektum) av eit svakt verb tilfeldigvis alltid svarar til fleirtalspartisippet (anten ein har valt det eine eller det andre over), til dømes:

presens  preteritum  fl. partisipp
kjøper     kjøpte   dei er kjøpte
byggjer   bygde   dei er bygde
når          nådde   dei er nådde

Det er òg så visleg skipa at hankjønns- og hokjønnspartisippa er like kvarandre, og til overmål står dei i eit særs einfelt tilhøve til fleirtalsforma: Det er berre å trekkja frå e-en:

Han eller ho er kjøpt/bygd/nådd.

Ein treng ikkje gjera det meir innfløkt med inkjekjønnspartisippet. Ein kan skifta ut d i hankjønn/hokjønn med t og dermed alltid sitja att med ei korrekt inkjekjønnsform: Det er kjøpt/bygt/nått. Då må ein følgja opp med t etter hjelpeverbet ha: har bygt osv. Men t-en er ikkje obligatorisk i alle tilfelle; om det handlar dei to neste avsnitta.

 

Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av verb som byggja og løyva: -d eller -t

Verb som får endinga -de i preteritum etter stamme som endar på g eller v (altså med bokstavkombinasjonane -gde og -vde), kan valfritt få -d eller -t i inkjekjønn i perfektum partisipp:

Huset vart bygd eller bygt (preteritum bygde).
Beløpet er løyvd eller løyvt (preteritum løyvde).

Det same valet mellom -d og -t har vi når hjelpeverbet er å ha, og ein må der velja same løysing som i inkjekjønn ovanfor:

Etaten har bygd/bygt opp stor kompetanse på dette området.
Stortinget har løyvd/løyvt pengar til føremålet.

(Det same gjeld det mindre brukte å få: Koret fekk løyvd/løyvt pengar til turen.)

Alle andre verb med preteritumsendinga -de skal ha endinga -t i inkjekjønn i perfektum  partisipp (det blir dømt, fortalt, gjort osv.). Det kan tala for å nytta endinga -t også der ho er jamstelt med -d, om ein vil ha éin regel for flest mogleg av inkjekjønnsformene.

Merknad
Bøying med -d i staden for -t er berre aktuelt når det framfor -gde eller -vde i preteritum står ein vokal. Difor må det t.d. heita følgt, svelgt, sørgt. Merk òg at det må heita lagt og sagt (unnatak frå reglane i dette punktet).

 

Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av verb som endar på -dde i preteritum

-dd, -dt eller -tt
Verb som endar på bokstavkombinasjonen -dde i preteritum, kan – alt etter korleis infinitivsforma ser ut – få endingane -dd, -dt og -tt i inkjekjønn i perfektum partisipp. Dette kan verka innfløkt, og det er høve til – og svært vanleg – å nytta berre -dd.

Døme, fyrst i infinitiv og preteritum:
fø(da)–fødde
arbeida–arbeidde
nå–nådde

Døme i partisipp, inkjekjønn:
Barnet vart født eller fødd.
Utkastet vart omarbeidt eller omarbeidd.
Inntektsmålet er nått eller nådd.

Alternativet med -t tek form av -dt i dei tilfella der den fulle forma til stamma i infinitiv inneheld ein d (født, arbeidt av fø(da), arbeida), ikkje elles (nått av ).

Når hjelpeverbet er å ha eller å få, er valet det same:

Ho har født eller fødd ei lita jente.
Ho har omarbeidt eller omarbeidd utkastet.
Dei har nått eller nådd inntektsmålet.

Det er òg råd å følgja regelen med t i inkjekjønn heilt ut. Men inkjekjønn med -dt og -tt er vorte sjeldnare i skrift med tida. På hi sida har det hatt svært godt grunnlag i sørnorske målføre og nynorsk skrifttradisjon. Igjen er kunsten å velja eit system og halda seg til det.

 

Inkjekjønnsendinga i perfektum partisipp av sterke verb: -e eller -i

Sterke verb har ikkje noka preteritumsending (jf. skaut, skreik), så her må ein ty til andre hugseteknikkar. Men framleis er regelen den at hankjønn og hokjønn er like (gjeld hovudformene), med endinga -en. Fleirtal har -ne.

Døme:
Romanen er skriven
Boka er skriven.
Bøkene er skrivne
.

Inkjekjønn har -e eller -i:
Brevet er skrive eller skrivi.

Som i dei linne verba er inkjekjønnsformene til forveksling like det vi får etter hjelpeverbet å ha (han/ho/det/dei har skrive eller skrivi). Sameleis etter å få (han/ho/det/dei fekk skrive eller skrivi brevet og sendt det).

Bruken av i-endinga har minka etter at -e og -i vart jamstelte i 1959.

 

Inkjekjønnsendinga til adjektiv av typen open: -e eller -i

Slike adjektiv bøyer vi på same måten som perfektum partisipp av sterke verb (jf. 2.1.9):

Inkjekjønn:
Leet er ope eller opi.

Her òg har i-endinga etter kvart vorte mindre brukt enn e-endinga. Ein bør ikkje velja ei anna løysing her enn ein vel for partisippa ovanfor.

Utviklet av Gazette