Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Litt om bakgrunnen for valfridomen

Om bakgrunnen for valfridomen

Nynorsken er laga for å femna breitt om norske målføre. Det er fleire måtar eit skriftmål kan femna om talemål på. Mange former i skriftmålet er kompromiss mellom landsdelar. Eit døme er -ar til slutt i presens, ein kombinasjon av austlandsdraget -r og fullvokalen a, som står sterkare andre stader i landet. Såleis har vi til dømes hoppar i staden for dialektvariantar som hoppa’ og hopper. Dette kan vi kalla ei «samleform», og samleformprinsippet nytta Ivar Aasen mykje.

Då dei skulle reformera rettskrivinga i førre hundreår, kom eit anna slags kompromiss i vinden, nemleg dobbelformer, både i grammatikk og stavemåte – til dømes skriva og skrive, ynske og ønske eller vit og vett. Desse formene vart vedtekne dels fordi ein ville koma folkerike delar av landet i møte, og dels fordi ein ville gjera bokmål og nynorsk meir like (samnorsktanken). Samstundes vart synet på skriftmål meir prega av kravet om det lydrette: Ord skulle skrivast nett slik dei vart uttala, utan slingringsmon. Etter gammalt var tilhøvet mellom skrift og tale tenkt meir romsleg i nynorsken, slik at skriftforma vit stod for både vit, vet og vett. Men dette prinsippet kan vi ikkje ta opp her.

Å leva med valfridom

Sameksistensen mellom tradisjonelle og nyinnførde former, meir og mindre lydrette, tvingar målbrukarane til å velja når dei skriv. Bokmålet har òg hatt mykje valfridom, men han har vore lite nytta. Bokmålet er stort sett eins kvar ein snur seg, og ein kan følgja vanen utan å bry seg med val. Nynorskbrukarar må vera meir medvitne, for mangfaldet er teke meir i bruk i nynorsken, på godt og vondt. Stoffet om valfridom under Språkbruk i staten gjev oversyn over sjølve variasjonen, men vil ein ha eit skikkeleg grunnlag å gjera sjølvstendige og velgrunna val på, må ein gå til språkhistoriske verk.

 

Utviklet av Gazette