Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Ord på -heit

Orda på -heit har hatt ein omstridd status i nynorsk. Mange skrivande folk har avvist dei utan unnatak, andre har vore meir pragmatiske.

Omskriving

Dei som helst vil unngå -heit-ord, kan ha nytte av desse råda, til dømes når dei skal setja om frå bokmål til nynorsk:

a) Skil -het  frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:

Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte.
Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen > Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane.

b) Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb, ofte bli, vera eller verta:

Det er økende sannsynlighet for at >
Det blir/er/vert meir og meir sannsynleg at

c) Skriv om med infinitiv kombinert med ei løysing etter a) eller b) ovanfor:

Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.

[Til toppen]

Godtaking

Språkrådet godtek i dag -heit (ikkje -het) som ei ordinær og produktiv ordlagingsending i nynorsk. Ho bør likevel ikkje nyttast slik at ho trengjer ut innarbeidde ordlagingsmåtar. Språkrådet godtok difor i 2000 desse reglane for opptaking av -heit-ord i nynorske ordlister:

a) Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -et/-ete/-ut: ikkje fordømtheit, klossetheit.

b) Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing (t.d. arbeidslaus > arbeidsløyse).

c) Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing (t.d. sparsam > sparsemd).

d) Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit (merk at det likevel finst valfrie par som godheit/godleik).

e) Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit

[Til toppen]

Atterhald

At det blir opna for friare bruk av ordlagingsendinga -heit, tyder ikkje at det blir fritt fram for  «substantivsjuka». Det er ikkje -heit-orda i og for seg som er problemet, men visse måtar å nytta dei på. Ei setning som «Dei drøfta gjennomførlegheita av tiltaket» bør framleis skrivast om til for eksempel «Dei drøfta om tiltaket kunne gjennomførast».

At nynorsk tek inn substantiv på -heit, er like lite til hinder for å uttrykkja seg verbalt som det at målet har tradisjonelle substantiv på -dom, -leik, -semd og -skap. Eit døme: Substantivet venleik har funnest i norsk skriftmål heilt sidan Ivar Aasen tok det med i Ordbog over det norske Folkesprog i 1850 (i forma Venleikje). Dette har truleg likevel ikkje fått nokon på den tanken at «Han elska henne for venleiken hennar» er ei like tilrådeleg ordlegging som «Han elska henne fordi ho var så ven». Men dét igjen er sjølvsagt ikkje noko argument for at venleik er eit uhøveleg ord i nynorsk, for i visse samanhengar trengst det abstrakte substantiv. Og stilen blir korkje meir eller mindre substantivisk om ein erstattar det talemålsnære substantivet moglegheit med det talemålsfjerne substantivet moglegskap.

[Til toppen]

 

Utviklet av Gazette