«Da» eller «når»

Mange synest det er vanskeleg å skilje mellom da og når.

Kort sagt blir da berre brukt om einskildhendingar og samanhengande periodar i fortid (medrekna historisk presens). Elles er det når som rår.

Denne skuleregelen gjeld for fortid:

Den gong da, kvar gong når.

Når du skal fortelje om noko som skjedde éin gong, i fortida, bruker du da:

  • Da han kom, byrja vi å ete.
  • Ho grein da ho høyrde kva som hadde hendt.
  • Da eg oppdaga feilen, retta eg han med éin gong.

Merk at du må sjå på verbet i leddsetninga som blir innleidd med da/når:

  • Da eg budde i Oslo, gjekk eg på kino kvar dag.

Det avgjerande her er at «eg» budde éin gong, altså i ein samanhengande periode, ikkje at «eg» gjekk fleire gonger på kino!

Er det tale om repetisjon i leddsetninga, er det styrande. Det må bli når:

  • Vi åt alltid når han kom.

I presens handlar det om vane, og «når» gir seg sjølv. «Når» er òg det opplagde valet i futurum, anten det handlar om éin eller fleire gonger.

  • Når eg er i Oslo, bruker eg å vitje tanta mi.
  • Når det stormar om hausten, liker vi best å sitje framfor peisen med ei god bok.
  • Når eg blir stor, skal eg flytte til Frankrike.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.02.2014 | Oppdatert:13.01.2021