Bli kjend med Målfrid!

Verktøyet Målfrid samlar inn og analyserer statlege nettsider. Rapporteringa av bokmål og nynorsk i staten blir enklare, og dei store tekstmengdene kan nyttast i andre verktøy.

Kven er Målfrid?

Målfrid er eit digitalt verktøy som haustar inn nettsidene til alle statsorgan, analyserer språket i dei, og gjev oversikt over tekstmengda på bokmål, nynorsk, engelsk og samisk.

Kvifor finst Målfrid?

Språklova seier at alle statsorgan skal veksle mellom bokmål og nynorsk i tekstar på nett. Statsorgana skal rapportere til Språkrådet, som fører tilsyn med korleis statsorgana etterlever regelverket. For å gjera rapporteringa enklare og få sikrare data har Språkrådet i samarbeid med Nasjonalbiblioteket fått utvikla Målfrid. Vi tok Målfrid i bruk fyrste gong i rapporteringa for 2020.

Funkar det?

Ja! Statsorgana rapporterer om at verktøyet gjer det mykje lettare å rapportere om og få oversyn over målbruken. Og Språkrådet får sikrare grunnlag for tilsyn og tilbakemelding.

Som ein tilleggsvinst får Nasjonalbiblioteket gjennom Målfrid hausta inn store tekstmengder frå statsorgana, til bruk i såkalla tekstkorpus. Desse tekstkorpusa kan Nasjonalbiblioteket bruke til å utvikle språkdata. Korpuset frå Målfrid inneheld dokument frå 339 internettdomene som er knytte til norske, statlege institusjonar. Totalt inneheld materialet om lag 4,1 milliardar «tokens» (ord og spørsmålsteikn, punktum osb.). Det gjer korpuset til eit av dei største fritt tilgjengelege tekstkorpusa for bokmål og nynorsk.

Målfrid-korpuset er ein del av Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket. Språkbanken inneheld store datasett med norsk tekst og tale, som blir nytta til å utvikle språkteknologi. Ressursane i Språkbanken kan til dømes brukast av verksemder som utviklar språkteknologiske produkt, språkforskarar og språkstudentar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.04.2022 | Oppdatert:26.04.2022