Engelsk i norsk og engelsk i Noreg

Eit stykke ut i 1980-åra begynte Norsk språkråd å leggje meir vekt på kulturpolitiske saker. Det vart naturleg å arbeide meir med språkvern, som Norsk språkråd etter lova var forplikta til. På årsmøtet i 1987 vart påverknaden frå engelsk drøfta særskilt, og det vart vedteke å arbeide meir systematisk på dette feltet. Norsk språkråd fekk seinare støtte frå politisk hald for synet sitt og fekk signal om at det burde prioritere haldningsskapande arbeid.

Aksjonen for språkleg miljøvern

I 1990-åra starta Norsk språkråd planmessig arbeid mot engelsk press på norsk og vende seg til skolen, næringslivet, media og ålmenta. Planane om ein haldningskampanje hadde teke form i 1989, og det vart tidleg klart at ein ville arbeide på fleire frontar samtidig. To målgrupper vart peikte ut som ekstra viktige: næringslivet og ungdommen. I 1990 kom kampanjen i gang og fekk namnet Aksjon for språkleg miljøvern – ein haldningskampanje mot unødvendig og uheldig bruk av engelsk i norsk.

Norsk språkråd fekk ein del kritikk for namnet på kampanjen. Somme hevda at det kunne gje assosiasjonar til reinleik og ureining. Bakgrunnen for namnet var at delar av næringslivet på den tida hadde begynt å bruke engelsk i reklame og annonsar, og innslag av engelsk i butikknamn og på skiltreklame var svært iaugefallande.

I samband med kampanjen vart det sett i gang fleire tiltak. Ja til norsk! var eit informasjonshefte for skolen. Det inneheldt arbeidsoppgåver, polemiske utfall og faktisk informasjon og vart sendt gratis til alle sjuandeklasser i heile landet dei åra kampanjen var i gang. Heftet kom seinare i ny utgåve under namnet Norsk – i nye tusen år? og vart trykt opp att fleire gonger. Det vart òg laga klistremerke, jakkemerke, postkort osv., og rådsmedlemmer og andre let seg intervjue av media og var med i NRK-program på andre måtar.

Som ledd i aksjonen vart det laga eit informasjonshefte til alle språkinteresserte som spesialnummer av Språknytt (nr. 2-1990). I Språknytt vart elles arbeidet mot engelsk påverknad dekt gjennom fleire artiklar.

Hausten 1991 lanserte Språkrådet ein særskild næringslivsbrosjyre om språk og språkvern, der hovudperspektivet var internasjonalisering og domenetap. Slagordet då var Bruk hovudet, snakk norsk!

Kampanjen Aksjon for språkleg miljøvern vart avslutta i 1993. Norsk språkråd heldt likevel fram arbeidet for å styrkje norsk andsynes engelsk. Ein del av aktivitetane frå aksjonen vart førte vidare, men Norsk språkråd gjekk bort frå å kalle arbeidet språkleg miljøvern. Arbeidsfeltet gjekk under ulike namn: statusvern for norsk, arbeid mot unødvendig bruk av engelsk i norsk, språkvern og språkstyrking.

Diplom for godt namnevett

I 1991 begynte Norsk språkråd å dele ut diplom for godt namnevett til føretak som hadde valt gode norske namn på verksemda. Det første året fekk m.a. desse diplom: Skulsekkjin (skoleavis, Sekken i Molde kommune), Det lille under (undertøyforretning, Oslo), Den Rustne Eike (sykkelverkstad, Oslo) og Fast Fisk (fiskeutstyrsforretning, Oslo).

Norsk språkråd og seinare Språkrådet har sidan delt ut diplom eit par gonger i året og hatt som mål å dekkje heile landet.

Namn i neon

Som eit ledd i arbeidet for å fremje bruken av norske namn skrivne på norsk vis på bedrifter, etatar og organisasjonar laga Norsk språkråd i 1993 brosjyren Namn i neon / Navn i neon. Brosjyren var skriven for namngjevarar i det private og det offentlege og inneheldt informasjon om namnevett og dei skrivereglane som er mest aktuelle når ein lagar namn. Namn i neon vart etter kvart lagd ut på nettsidene til Norsk språkråd.

Norsk språkpris

Frå 1992 til 2003 delte Norsk språkråd ut Norsk språkpris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen vart delt ut på årsmøtet i Norsk språkråd, annakvart år for bokmål og annakvart år for nynorsk (det var inga utdeling i 2000 og 2002).

Ordsmia

I 2000 oppretta Norsk språkråd eit nettbasert diskusjonsforum, Ordsmia, der språkinteresserte vart inviterte til å diskutere engelske importord og norske avløysarord.

Talet på påmelde deltakarar i Ordsmia varierte ein god del. Den første hausten var det ikring 200, men seinare var talet både lågare og høgare. I Ordsmia kunne ein diskutere importord i både fagspråk og allmennspråk. Dei fleste orda som var framme, var likevel henta frå nokre få fagområde, blant anna IT og næringslivet, truleg fordi mange av deltakarane representerte desse felta.

Ordsmia vart avvikla i 2010 fordi det hadde vore lite aktivitet i forumet dei siste åra, og fordi Språkrådet prioriterte andre tiltak og arbeidsmåtar.

Nokre frukter av arbeidet i Ordsmia finst i ordlista På godt norsk, som vart lagd ut på nettsidene til Norsk språkråd, og gradvis har vorte supplert med nytt stoff. Det er ei liste med oppslagsord på engelsk og framlegg til norske avløysarar.

Større vekt på arbeid med språkvern

Ved tusenårsskiftet var arbeidet til Norsk språkråd prega av ei dreiing mot større vekt på språkvern og språkstyrking. Under overskrifta «Språkvern» i årsmeldinga frå 2000 heiter det:

Språkrådet arbeider med tiltak for å hindre at norsk språk – bokmål og nynorsk – blir tilsidesett som bruksspråk og fagspråk på viktige samfunnsområde. […]

Språkrådet har i mange år arbeidd for å styrkje bruk av norsk språk i Noreg. I St.meld. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste står det at rådet «bør oppgraderast til å kunne vere eit statleg instrument for eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid», og langtidsplanen for perioden 2001–2003 slår fast at verksemdsområdet språkvern no skal prioriterast endå høgare enn før.

Norsk språk og informasjonsteknologi

I 2000 fekk Norsk språkråd i oppgåve å fremje norsk språk, bokmål og nynorsk, i informasjonsteknologi. Språkrådet fekk to stillingar til dette arbeidet. I juni 2001 la Norsk språkråd fram ein plan for arbeidet. Planen var del av den såkalla e-Noreg-planen til regjeringa og var grunnlaget for dagens arbeid med digitalisering av offentlege tenester.

Det største tiltaket som vart foreslått i handlingsplanen frå 2001, var å etablere ein språkbank, ei samling digitale språkressursar, som skal vere ein teknologisk infrastruktur for alle former for språkteknologisk bruk. Språkrådet var pådrivar for å få etablert Språkbanken og utarbeidde konkrete planar for etableringa saman med aktuelle miljø i industri og forsking. Prosessen tok tid, men i 2010 gav Kunnskapsdepartementet Nasjonalbiblioteket i oppdrag å etablere Språkbanken.

Eit anna tiltak i handlingsplanen er Rosings språkpris, som vart oppretta i samarbeid med Den norske Dataforening i 2002 for å fremje godt språk i programvare og i tenester.

Eit tredje viktig tiltak er å samle, standardisere, utvikle og gjere tilgjengeleg norsk IKT-terminologi. Ein del arbeid vart gjort tidleg på 2000-talet, men først då det vart oppretta ei eiga gruppe for terminologi og fagspråk i sekretariatet i Språkrådet i 2009, vart det etablert ei datatermgruppe som no arbeider systematisk med norsk dataterminologi.

Språkrådet har nær kontakt med miljø som arbeider med politikkutvikling, forsking og produkt- og tenesteutvikling både nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Nettverket av nordiske språknemnder har etter kvart fått ei eiga arbeidsgruppe for språkteknologi.

Mastergradsstipend

I 2001 begynte Norsk språkråd å dele ut stipend til mastergradsstudentar som skulle skrive avhandling om bruk av engelsk og norsk i samfunnet. Føremålet var å få meir kunnskap om bruken av språka på visse samfunnsområde, særleg i arbeidsliv og høgare utdanning.

Dei første åra vart det delt ut stipend til studentar som skreiv om bruk av engelsk i norsk pop og rock, engelsk som konsernspråk i ei norsk bedrift, språkleg sosialisering blant mastergradsstudentar i økonomi og engelsk som akademisk språk i Noreg.

Seinare er det delt ut stipend nesten kvart år til studentar som skriv om ulike språklege tema: språk i offentleg sektor, fagspråk og terminologi og teiknspråk, språk i skolen osv. Stipendutdelinga har halde fram etter at Språkrådet avløyste Norsk språkråd. Sjå liste med tildelte stipend.

Parallellspråklegheit

Omgrepet parallellspråklegheit vart introdusert av ei språkpolitisk referansegruppe under Nordisk råd. I omgrepet la dei «systematisk sidestilling av to eller fleire språk i akademisk samanheng, som eit slags generelt språkpolitisk prinsipp med lange historiske røter». Tanken var å satse på både engelsk og nasjonalspråket (nasjonalspråka) og eventuelt andre språk, slik at begge (alle) kunne brukast parallelt. Omgrepet vart brukt først og fremst på eitt samfunnsområde, høgare utdanning.

Norsk språkråd arrangerte fleire konferansar for å samle kunnskap om bruken av språk i arbeids- og næringslivet. Ein viktig konferanse var Norsk som framtidsspråk i arbeids- og næringsliv på Lysebu i Oslo i 1995. Ein rapport frå konferansen er trykt i Norsk språkråds skrifter nr. 1-1995.

To konferansar som Norsk språkråd arrangerte på byrjinga av 2000-talet, viste at det gjekk føre seg ei språkpolitisk nyorientering ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt både i Noreg og Norden elles. Den eine konferansen var Engelsk – elitenes nye latin? i Trondheim i 2003. Den andre var Engelsken og de nordiske språkene på høgskoler og universitetet. En konferanse om parallellspråklighet – arrangert av Nordens språkråd og Norsk språkråd i Oslo i 2004.

Nyorienteringa inneheldt to tendensar, for det første auka medvit om behovet for ein språkpolitikk for dette feltet, også konkret utforma ved kvar institusjon. For det andre vaks det fram tankar om ei målmedviten jamstilling av nasjonalspråket (norsk, dansk, svensk osv.) med engelsk. I staden for «anten norsk eller engelsk» sa ein ved universitet og høgskolar ofte «både norsk og engelsk», men spurde også «når?» og «i kva for samanhengar?».

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021