Terminologi, fagspråk og allmennord

Norsk språkråd såg tidleg behov for å utvikle norske termar på ulike fagområde og gjekk i gang med fleire fagspråkprosjekt. Eit viktig prosjekt var Norsk dataordbok, som kom i fleire utgåver mellom 1976 og 1997. Ein del termprosjekt frå Språknemnda vart vidareførte, og ein del prosjekt var eit samarbeid med Rådet for teknisk terminologi. (Sjå lista med publikasjonar blant vedlegga.)

Norsk språkråd hadde den haldninga at ein ofte kunne erstatte utanlandske ord, særleg engelske, med norske, både i faglege tekster og i allmennspråket. Slike spørsmål var aktuelle i den språklege granskinga av lærebøker og i den løpande rådgjevinga.

Etter at arbeidet med ei større rettskrivingsreform i bokmål var avslutta, følgde Norsk språkråd frå slutten av 1970-åra kritisk med på bruken av engelsk i ulike samfunnsområde. Rådet såg på det som har vore kalla korpusplanlegging (arbeid med ordforrådet) og statusplanlegging (språkbruksvern), som to sider av same sak. Arbeidsmåten var lenge å skrive brev til firma som brukte engelsk for eksempel i stillingsannonsar, og påtale det, men det kom lite ut av dette.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.05.2020 | Oppdatert:18.01.2021