Ei nynorsknorm som skal vara i tiår?

AV EILOV RUNNESTØ

Nynorskseksjonen i Språkrådet har dei siste åra arbeidd med å revidera nynorsknorma. Arbeidet er snart til endes, og tanken er at den rettskrivinga ein no kjem fram til, i det store og heile bør bli ståande i fleire tiår. Men først må Kultur- og kyrkjedepartementet behandla og godkjenna det Språkrådet har gått inn for.

Færre hovudformer og fleire sideformer

I åra 1997–2000 gjekk fagnemnda i Norsk språkråd grundig gjennom nynorskrettskrivinga og la eit framlegg til ny normal fram på rådsmøtet i 2000. Normeringsarbeidet var tufta på prinsipp vedtekne i 1997. Eitt av prinsippa var at nynorsknorma skal ha ein trong læreboknormal, men ei rettskriving med stor valfridom (det vil seia mange sideformer eller klammeformer). Etter nokre justeringar vedtok Språkrådet dette framlegget (heretter kalla 2000-vedtaket), og det innebar at ei mengd tidlegare jamstilte hovudformer fekk status som sideformer, medan sjølve hovudnorma (læreboknormalen) skrumpa ein del inn.

Slutt på to normnivå?

Kulturdepartementet godkjende ikkje dette vedtaket, men bad i brev av 5.12.00 Språkrådet greia ut om skiljet mellom læreboknormalen og den vide rettskrivinga kunne takast bort i nynorsk og eventuelt korleis. Vidare bad departementet Språkrådet vurdera korleis ein kunne løysa spørsmål knytte til ei norm med eventuelt berre eitt nivå.

Bokmålsseksjonen hadde same året vedteke å fjerna skiljet mellom lærebokformer (hovudformer) og sideeller klammeformer. Denne todelinga kom inn i landsmål og riksmål allereie i 1917. Ordlistene for begge målformene har sidan den tid markert skiljet mellom dei to nivåa i norma ved å setja sideformene i klammer. Klammeformene kunne nyttast av alle som ikkje skreiv for det offentlege, mellom anna skuleelevar. Læreboknormalen utgjer hovudformene i den offisielle rettskrivinga, og skal brukast i lærebøker for skuleverket og av folk i statstenesta.

Seksjonsmøte mot klammer

Styret i Språkrådet oppnemnde våren 2001 ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe til å førebu saka, og det første drøftingsutkastet vart lagt fram på rådsmøtet i februar 2002. I mai same året møttest nynorskmedlemmene att, og då gjekk fleirtalet i seksjonen inn for å ta bort klammesystemet i nynorsk. Jamstilling mellom tidlegare hovud- og sideformer ville gje ei rettskriving med svært mange jamstilte valfrie former, og seksjonen ynskte å stramma ho noko inn. På grunnlag av to forslag frå referansegruppa arbeidde seksjonen ut eitt framlegg som opna for stor valfridom i rettskrivinga, og eit anna framlegg med færre valfrie former. Framlegget til vidast norm vart vedteke med 10 mot 8 røyster.

Utgreiing om nynorskrettskrivinga

Arbeidsgruppa og referansegruppa fekk på møtet i mai 2002 i oppdrag å greia ut detaljane i det fleirtalsvedtaket som var gjort. Gruppene laga frametter sommaren og hausten 2002 ei omfattande utgreiing som både tok opp generelle og prinsipielle normeringsspørsmål, men òg drøfta grundig dei språkkategoriane innanfor lydverk, formverk og einskildord som skulle halda på valfridomen, etter dei retningslinjene fleirtalet i seksjonen hadde gått inn for. Dei formene som seksjonen hadde vedteke å ta ut av nynorskrettskrivinga, vart behandla i eit kapittel for seg. I eit eige vedlegg kom eit revidert motframlegg frå mindretalet i nynorskseksjonen.

Høyring om rettskrivinga

I slutten av oktober 2002 sende Språkrådet Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk ut på høyring. Det var eit stort dokument, og ein kortversjon av framlegga var gjeven att i eit særskilt kapittel. ottakarar var dei instansane som nemner opp medlemmer til nynorskseksjonen i Språkrådet, norskseksjonar ved universitet og høgskular, målpolitiske organisasjonar og andre interesserte. Høyringsnotatet låg òg ute på nettsidene til Språkrådet.

Det kom inn 45 fråsegner om utgreiinga. Målorganisasjonane var sterkt representerte, likeins universiteta og høgskulane. Nær ti einskildpersonar uttala seg. Éi viktig sendargruppe mangla: grunnskulen og norsklærarane. – Somme av høyringsfråsegnene uttala seg svært generelt om framlegga, andre hadde omfattande endringsframlegg til detaljane i fleirtalseller mindretalsframlegget. Det kom både grunngjevne framlegg om ei trongare norm enn det mindretalet i Språkrådet hadde gått inn for, og underbygde ynske om større formrikdom enn i det forslaget som gjekk vidast. Somme høyringsorgan sende inn delte fråsegner. Ein del fråsegner kom med grundige faglege merknader, og til dels kom det fram ny og relevant kunnskap.

Hovudstandpunkta i fråsegnene kunne ein dela i fire: Eit klårt fleirtal avviste framlegget frå fleirtalet i Språkrådet og ville halda på ei norm med hierarki (skilje mellom dei to rettskrivingsnivåa). Dei andre fråsegnene samla seg anten om fleirtals- eller om mindretalsframlegget, og den siste gruppa avviste framlegget utan å ta klår stilling til korleis norma burde vera, og kva ho skulle innehalda.

Rådsmøtet 2003

a) Hovudvedtak: framleis to nivå i nynorsk

På dette møtet var 14 av dei 19 nynorskmedlemmene til stades. Seksjonen vedtok dette framlegget samrøystes:

Nynorskseksjonen i Norsk språkråd viser til dei innkomne høyringsfråsegnene og rår ut frå dei til at den nynorske rettskrivinga framleis skal vera samansett av ei hovudnorm, kalla hovudnormalen, og tillatne sideformer.

Dermed var det avgjort at nynorskrettskrivinga framleis skal halda på ei gradert normering, og at den tidlegare læreboknormalen heretter skal kallast hovudnormalen.

Deretter gjorde seksjonen dette samrøystes vedtaket på rådsmøtet i 2003:

Nynorskseksjonen legg 2000-vedtaket til grunn for rettskrivinga i nynorsk.

Det vart likevel gjort nokre justeringar i 2000-vedtaket.

b) Utvida funksjonsområdet for hovudnormalen?

På seksjonsmøtet 14.2.03 drøfta seksjonen om det er grunnlag for å utvida bruksområdet for hovudnormalen sidan nynorsken no blir åleine om eit rettskrivingssystem med skilje mellom hovudformer og sideformer. Etter noko debatt gjekk seksjonen samrøystes inn for å senda dette vedtaket til styret i Språkrådet:

Nynorskseksjonen ber styret få vurdert om den noverande funksjonsfordelinga mellom hovudnormalen og sideformene er tenleg i ein situasjon der nynorsken er åleine om dette systemet.

Dette er òg i samsvar med ei formulering som det vart vedteke å ta inn i den grunngjevinga for normsystemet i nynorsk som skal sendast over til Kultur- og kyrkjedepartementet:

Det er ynskjeleg at det i tida framover blir sett i gang prosjekt med ulike undervisningsopplegg der ein prøver ut og jamfører opplæring avgrensa til hovudnormalen og opplæring som tek omsyn til valfridomen i rettskrivinga. Slike og andre forsøk kan gje oss betre kunnskap om gode læringsvilkår, og dei vil gje grunnlag for å diskutera kva rolle skriftnormer kan og bør spela.

Revidert nynorsknorm – når?

Det er viktig for nynorskbrukarane å vita kva tidspunkt den reviderte rettskrivinga skal gjelda frå. Det er uklårt enno når det blir. Vedtaka frå 2003 med grunngjeving skal sendast til Kulturog kyrkjedepartementet. Dei skal behandlast der, og departementet kan avvisa eller godkjenna dei. Det er nokså sannsynleg at me er komne godt inn i 2004 før den nye rettskrivinga kan takast i bruk.

 

-- Eilov Runnestø er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015