Skriftleg sidemål må styrkjast

Norsk språkråd har i brev til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen gått inn for at opplæringa i skriftleg sidemål må styrkjast. I august i fjor skreiv Språkrådet mellom anna:

«Norsk språkråd meiner det vil vera eit brot med norsk språkpolitikk å gjera den skriftlege sidemålsopplæringa valfri, og Språkrådet rår sterkt ifrå å gå inn på dette framlegget. Forsøk med fritak kan på sikt få svært alvorlege følgjer for jamstillinga mellom dei to norske målformene. […] Norsk språkråd rår til å styrkja opplæringa i denne delen av norskfaget. Etter vårt syn har ikkje utdanningssystemet teke alvorleg den mangelfulle skrivedugleiken som blir oppnådd i sidemålet, heller ikkje at norske elevar har utvikla svært negative haldningar mot ordninga. I ei undersøking som vart gjennomført i samband med prosjektet om fellesspråklege lærebøker i samfunnslære (Senter for etterutdanning, Allforsk 1998), kom det fram at 71 % av bokmåls- og nynorskelevane er mot skriftleg opplæring i sidemål. Ein såkalla ’språkhaldningsindeks’ viste at 82 % av bokmålselevane er negative til nynorsk i det heile. […] Dersom undervisninga korkje fører til brukande språkdugleik hjå barn og unge og heller ikkje til særleg skriftspråkleg toleranse, bør noko gjerast. Eit viktig mål for forsøk i sidemålsopplæringa blir dermed å få snudd negative haldningar – også hjå lærarane. »

Brevet vart sendt i samband med at tre stortingsrepresentantar frå Framstegspartiet fremja forslag i Stortinget om å innføre valfri sidemålsopplæring i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Da forslaget vart debattert i Stortinget 21. oktober, møtte det motstand frå alle parti unnateke FrP.

Alternativ skriftleg opplæring

Norsk språkråd har tidlegare overfor Læringssenteret og Utdannings- og forskingsdepartementet gått inn for forsøk med alternative opplegg i skriftleg nynorsk sidemål. I brev til Læringssenteret 20. juni 2002 skreiv Språkrådet:

«Jamstillinga mellom bokmål og nynorsk er ein grunnleggjande premiss i norsk språkpolitikk, og St.meld. nr. 9 (2001–2002) følgjer opp dette ved å sitera Sem-erklæringa:

’Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt.’ Hittil har det då òg vore eit vilkår for generell studiekompetanse at studentane har fått skriftleg opplæring i begge målformer. I ei rad stillingar i skuleverket, i statsadministrasjonen og i ein del andre administrative stillingar er yrkesutøvarar pålagde å meistra begge målformer skriftleg. Norsk språkråd har i årevis registrert mangelfull nynorskkompetanse i samfunnet. Statsinstitusjonane har vanskeleg for å etterleva mållova, og mange av dei grunngjev dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg. Oslo er i ei spesiell stode i så måte, sidan hovudstaden har så stor del av dei statlege stillingane. Det er difor all grunn til og på høg tid å syta for ei betre sidemålsopplæring, især i nynorsk sidemål.»

Forsøk – betre dugleik, betre haldningar

Språkrådet skreiv vidare:

«Etter Norsk språkråds syn bør sidemålsopplæringa leggja til rette for at desse måla blir nådde: (a) Elevane skal oppnå eit rimeleg ferdigheitsnivå i skriftleg sidemål, (b) dei skal ha god kunnskap om den norske språksituasjonen, (c) dei skal utvikla forståing for dei sosiale og historiske føresetnadene for den norske språksituasjonen, (d) negative haldningar til sidemålet skal minskast. Vi gjer difor framlegg om at forsøk med sidemålsopplæringa bør gå inn på desse momenta:

  1. Kartleggja kva stilling sidemålsundervisninga har når det gjeld ulike rammefaktorar, pedagogiske opplegg/undervisningsformer, faglege resultat og haldningar til faget. Det bør kartleggjast i kva mon lærarane treng etterutdanning i emnet.
  2. Prøva ut alternative pedagogiske opplegg/undervisningsformer der ein på ein systematisk måte granskar kva læringsresultat som kan oppnåast i forsøksperioden når det gjeld skriveferdigheit i sidemålet og kunnskap om og haldningar til sidemål.
  3. Samanlikna systematisk dei alternative pedagogiske opplegga/undervisningsformene med tradisjonelle undervisningsformer.»

Språkrådet fremja eit liknande forslag til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i september 2000.

Meir om sidemål: www.sprakrad.no/snytt0112.htm

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015