Fornamn i 1905

AV GULBRAND ALHAUG

En nasjonale gløden var som kjent sterk i 1905. Kan denne nasjonale begeistringa også avlesast i dei namna som nordmenn gav barna sine i 1905? Var det særlig norske namn som var på moten i 1905? Dette vil eg gjøra nærmare greie for i denne artikkelen. Ettersom det i år er 100 år sidan unionen med Sverige vart oppløyst, fell det også naturlig å samanlikne dei vanligaste fornamna i Noreg og Sverige. I kva grad kan det påvisast særtrekk når fornamna i desse landa blir kontrastert?

Sterk nasjonal namnetrend i 1905

Under nasjonsbygginga på 1800-talet var det fleire nordmenn som ivra for at nordmenn burde bruke norske fornamn i staden for utanlandske. Ein av dei ivrigaste var Ivar Aasen. At han ikkje likte at utanlandske namn dominerte i delar av Noreg, kjem tydelig fram i dette sitatet frå Norsk Navnebog, som han gav ut i 1878: «Nu derimod have fremmede Navneformer og Navnestumper i nogle Bygder faaet en saadan Overvægt, at det næsten seer ud, som om et andet Folkeslag havde indtaget Landet og underkuet hele den gamle Slægt.»

I namneboka si bruker Aasen termen norske namn, og dette er fullt forståelig under nasjonsbygginga i siste halvdel av 1800-talet. Men i denne artikkelen vil eg i staden bruke termen nordiske namn, og grunnen til det er at mange av dei «norske» namna er svært gamle og vart tekne i bruk før vikingtida. Når ein er så langt tilbake, kan det vera vanskelig å veta om eit namn fyrst vart teki i bruk i Noreg, Sverige eller Danmark. I eit slikt historisk perspektiv høver det betre å tala om nordiske namn.

Som materiale har eg brukt dei vanligaste namna på dei som vart fødd i 1905 (100 jentenamn og 100 gutenamn). I nokre tilfelle har vi stavevariantar av same namn, t.d. Ester og Esther, og slike variantar – og frekvensane for dei – er slått saman. Dermed vart talet på ulike namn redusert til 93 jentenamn og 91 gutenamn. I denne artikkelen vil eg stort sett avgrense meg til dei 30 vanligaste namna (sjå tab. 1 og 2), men i sjeldne tilfelle vil eg også trekke inn namn som kjem lenger ned på ranglista enn 30. plass. I det materialet som rådgivar Jørgen Ouren i Statistisk sentralbyrå velvillig har gitt meg, inngår det ikkje frekvensopplysningar om namn i 2. eller 3. posisjon, t.d. Marie i Anne Marie, og Karoline i Hanne Elise Karoline. Frekvensen for Marie inkluderer altså dei som enten har Marie som det einaste namnet eller som det fyrste av fleire namn, t.d. Marie Beate.

Det mest iaugefallande ved namnemoten i 1905 er at nordmenn var mye meir nasjonale i namnevegen da enn nå. Såleis har 20 av dei 30 mest frekvente gutenamna nordisk opphav: Ole, Karl, Olav, Einar, Harald, Arne, Olaf, Sverre, Erling, Alf, Sigurd, Trygve, Håkon, Gunnar, Bjarne, Reidar, Rolf, Knut, Leif, Ivar. (I opprekninga her – og rett nedafor – kjem dei mest populære namna fyrst.) Også dei nordiske jentenamna var populære – med desse 17 blant dei 30 vanligaste: Astrid, Borghild, Gudrun, Ingeborg, Solveig, Signe, Sigrid, Ragnhild, Ingrid, Aslaug, Hjørdis, Dagny, Helga, Inga, Ragna, Gunvor. I tillegg kjem det nokre namn som folk flest ser på som «norske», sjølv om dei eigentlig har utanlandsk opphav. Men det er mange hundre år sidan vi fekk dei inn i Norden, og her vart dei tilpassa lydsystemet i norsk, svensk og dansk. I tab. 1 og 2 gjeld dette bl.a. Nils (av Nikolaos), Lars (av Laurentius), Jon (av Johannes), Margit (av Margareta) og Karen (av Katrine). Når vi plasserer slike justerte namn som Nils og Margit saman med dei som opphavlig er nordiske, står vi att med svært få utanlandske namn i tab. 1 og 2, t.d. dei bibelske Johannes, Ester, Marta og Rut.

Ein del av dei opphavlig nordiske namna inngår i den namnemoten som den svenske personnamngranskaren Roland Otterbjörk har kalla den nordiske namnerenessansen. Dette er namn som på 1800-talet vart henta fram att frå norrøn litteratur, bl.a. Snorre og islendingesoger, t.d. Sigurd, Harald, Sverre, Ragnhild, Gudrun og Helga. For Noreg sin del reknar ein med at den nordiske namnerenessansen for alvor fekk vind i segla omkring 1860. Også forfattarane bidrog til denne renessansen. Såleis brukte Ibsen og Bjørnson namn som Dagny, Hjørdis og Bergljot i den tidlige diktinga si (skodespelet Hærmændene paa Helgeland av Ibsen og diktet Bergljot av Bjørnson). Dei foreldra som tok i bruk «renessansenamna» frå ca. 1860, hørte til den sosiale eliten, men mot slutten av 1800-talet kan vi registrere at namn som Hjørdis og Dagny er mest brukt i lågare sosiale lag, bl.a. i Kristiania. I denne samanhengen kan vi forresten legga merke til eit meir allment motetrekk: Når overklassa oppdaga at eit motefenomen hadde sigi ned i lågare sosiale lag, ville dei fjerne seg frå arbeidarklassa ved å finne på noko nytt, t.d. ved å ta i bruk meir «eksklusive» namn.

Det er mye som tyder på at forfattarane hadde større innverknad på namngivinga på 1800-talet enn i dag. Eg har ovafor nemnt Dagny, Hjørdis og Bergljot frå den nasjonalromantiske epoken i norsk litteratur. Litt seinare vart foreldra inspirert til å ta i bruk andre namn frå litteraturen. Dette gjeld t.d. det innlånte namnet Agnes frå Brand (nr. 20 i tab. 1) og dei nordiske Solveig og Ingrid frå Peer Gynt (nr. 11 og 17). Dei to siste er forresten «eksportert» til mange andre land (Ingrid med god drahjelp av Ingrid Bergman på 1900-talet). Mens vi i dag allment er sterkt påverka av anglo-amerikansk kultur, finn vi berre eitt engelsk namn på topplistene i 1905, Jenny (nr. 10). Men det var ikkje direkte engelsk påverknad som låg til grunn for populariteten til Jenny. Det var nok den svenske «nattergalen», songarinna Jenny Lind (1820–87), som gjorde dette nam-net så populært i Noreg.

Den nasjonale namnebølgja kulminerte ikkje i 1905, for om vi studerer namnekurver for dei nordiske namna i tab. 1 og 2, kan vi registrere at dei aller fleste held fram med å stige i popularitet etter 1905. Derimot går dei fleste innlånte namna i desse tabellane ned-over, og denne nedgangen begynte før 1905, t.d. Anna, Kristine, Olga, Jenny – Johannes, Johan, Hans, Martin. Dette gjeld også nokre innlånte namn som for lenge sidan vart justert på nordisk grunn, t.d. Nils og Peder. Når er vi så på toppen av den nasjonale bølgja? Om vi med dette meiner når flest nordmenn får nordiske namn, viser det seg at den nasjonale bølgja kulminerer noko tidligare for kvinnenamna (i mellomkrigstida) enn for mannsnamna (litt etter 1950). Heilt allment endrar namnemotane seg raskare for kvinnenamna enn for mannsnamna, og dei nordiske namna følgjer dermed dette mønsteret.

I 1905 og i dag

Vi har ovafor sett at dei nordiske nam-na dominerte på topplistene i 1905. Derimot må vi leite med lys og lykte etter slike namn på dagens topplister. Som samanlikningsgrunnlag har eg brukt dei 30 vanligaste namna i 2003 og 2004. (For desse to åra har eg lagt til grunn ei samanslått liste, éi for jentenamn og éi for gutenamn.) Blant dei 30 vanligaste jentenamna finn vi berre Ingrid, Tuva og Vilde som har udiskutabelt nordisk opphav. Og like dårlig stelt er det med gutenamna – med desse tre namna: Eirik, Ole og Sondre. Av plassomsyn kan eg ikkje her presentere dei 30 vanligaste namna i 2003 og 2004, men interesserte kan finne dei på heimesida til Statistisk sentralbyrå (www.ssb.no).

Det mest iaugefallande ved toppnamna av i dag er dei mange utanlandske namna. Ser ein nærmare på dei vanligaste gutenamna, kunne ein tru at det går ei religiøs vekkingsbølgje over landet. Såleis finn vi desse seks bibelske namna blant dei ni vanligaste (her i popularitetsrekkjefølgje): Mat(h)i-as, Markus/Marcus, Andreas, Jonas, Tobias, Daniel. I tillegg kjem Kristian/ Christian (plass nr. 4), som er språklig relatert til Kristus. Ut frå dette kunne ein tru at kyrkjene var stappfulle under søndagsgudstenesta, men det er jo ikkje tilfellet. For Noreg sin del kan nok det sterke innslaget av bibelske namn snarare tolkast som at vi følgjer ein internasjonal trend, for i ein del andre land, t.d. Storbritannia, USA og Tyskland, har kyrkjelige namn vori populære på slutten av 1900-talet. Viss norske foreldre hadde teki slike namn direkte frå Bibelen, ville dei berre ha brukt stavemåtar som Markus og Jakob og ikkje dei meir internasjonale Marcus og Jacob. (Dei to siste er i dag nesten like mye brukt som dei «norske» stavemåtane.)

Den danske namneforskaren Eva Villarsen Meldgaard har peikt på at dagens danske foreldre ofte lèt barna få namn som var populære blant oldeforeldra eller generasjonen før. Da vil det gjerne ha gått om lag 100 år sidan namna sist var populære. Stemmer så dette på materialet vårt frå 1905 og 2003–04? Berre i liten grad, for vi finn få namn som står på begge listene over dei 30 vanligaste namna: Anna, Ingrid, Marie – Ole, Martin, Oskar/ Oscar og Kristian/Christian. Og her kan populariteten vera nokså ulik på dei to listene. Såleis ligg Ole på 1. plass i 1905, men må ta til takke med 25. plass i dag.

Ein annan forskjell mellom namna i 1905 og i dag er at foreldra i 1905 i større grad flokka seg om dei mest populære namna. Såleis var det da så mange som 4,3 % av jentene som fekk det vanligaste namnet, Anna. I 2003– 04 var det Emma som tronte på toppen, men dette namnet var det einaste som kom over 2 %. Derimot var det i 1905 heile sju jentenamn som låg over 2 %: Anna, Astrid, Borghild, Gudrun, Inge-borg, Margit og Marie. Og den same tendensen kan vi konstatere for gutenamna: I 2003–04 var det ikkje eit einaste namn som kom over 2 %, mens dei åtte namna Ole, Johan, Karl, Olav, Hans, Einar, Harald og Arne hadde meir enn 2 % i 1905.

Meir nasjonale enn svenskane

Ettersom vi i år markerer at det er 100 år sidan unionsoppløysinga, kan det høve å gjøra greie for nokre forskjellar mellom fornamna i Noreg og Sverige. Om dette emnet har eg skrivi meir detaljert i ein artikkel som snart kjem ut i ein kongressrapport. Her vil eg konsentrere meg om nokre hovudtrekk. Som materiale har eg brukt dei 200 vanligaste namna (for kvart kjønn) på nordmenn og svenskar som levde i 1998. Tyngdepunktet vil dermed ligga på dei som er fødd i siste halvdel av 1900-talet. Eg vil her legga særlig vekt på dei namna som skil seg ut som spesielle for kvart land. Slike spesielle namn har eg i andre samanhengar kalla markørnamn. Dette er namn som er brukt mye meir i eitt område enn i eit anna, og her har eg sett som krav at namnet må vera brukt minst fire gong-er meir i det eine landet enn i det andre. Det er da teki omsyn til ulikt folketal i dei to landa.

Det mest iaugefallande resultatet er at vi i Noreg – kanskje ikkje uventa – bruker atskillig fleire nasjonale namn enn i Sverige. Til saman har eg registrert 114 nordiske markørnamn for Noreg (71 mannsnamn og 43 kvinnenamn) – mot berre 33 for Sverige (24 mannsnamn og 9 kvinnenamn). Eg lis-tar fyrst opp dei nordiske markørnamna for Noreg: Are, Arild, Arnfinn, Arve, Asbjørn, Asle, Atle, Audun, Bjarne, Bjarte, Bjørnar, Bård, Dag, Dagfinn, Egil, Eirik, Eivind, Endre, Erling, Espen, Even, Finn, Frode, Geir, Hallvard, Halvor, Harald, Helge, Håvard, Idar, Ingar, Ingvald, Jarle, Jostein, Kjetil, Knut, Kåre, Magnar, Magne, Normann, Odd, Oddbjørn, Oddmund, Oddvar, Ole, Ottar, Reidar, Roald, Roar, Runar, Sigmund, Sindre, Sondre, Steinar, Stian, Ståle, Sverre, Terje, Tor, Torgeir, Torleif, Tormod, Trond, Truls, Trygve, Vegard, Vidar, Viggo, Øystein, Øyvind, Åsmund – Aslaug, Aud, Bergljot, Bjørg, Borghild, Borgny, Gro, Gry, Guri, Guro, Haldis, Hege, Hilde, Ingebjørg, Ingunn, Ingvild, Jorunn, Kjellaug, Liv, Målfrid, Oddbjørg, Oddny, Olaug, Ragna, Ragnhild, Randi, Rannveig, Rei-dun, Rigmor, Sigrun, Solfrid, Solveig, Svanhild, Tone, Tordis, Torhild, Torill, Torunn, Tove, Turid, Unni, Vigdis, Åshild.

Dei nordiske namna som er brukt minst fire gonger meir i Sverige enn i Noreg, er: Algot, Alvar, Bo, Bror, Börje, Elof, Eskil, Folke, Gustaf, Gustav, Gösta, Göte, Hilding, Holger, Ingemar, Ingmar, Ingvar, Karl, Sixten, Sture, Sune, Tage, Ture, Ulf – Eivor, Gunborg, Gunilla, Gunnel, Hillevi, Ingegerd, Lillemor, Svea, Ylva. Sverige skil seg ut frå Noreg med eit mye sterkare innslag av utanlandske namn. Éin grunn til dette er nok at den svenske namnedagskalenderen har hatt innverknad på namngivinga, og i den-ne kalenderen finst det mange utanlandske namn, særlig namn med kyrkjelig bakgrunn.

I samband med namnedagskalenderen kan det nemnast at mannsnamnet Nore, som er avleidd av landsnamnet Noreg, stod i denne kalenderen fram til 1905. Det var den svenske forfattaren Esaias Tegnér som i 1814 hadde teki i bruk dette namnet som ei personifisering av Noreg. I 1905 forsvann Nore frå namnedagskalenderen, og i denne samanhengen vil eg sitere litt frå det Anders Malmsten skriv om Nore på s. 166 i boka Nittiotalets namnbok (1993): «Vid unionsupplösningen hade Nore namnsdag den 4 november men då slängdes namnet ut och ersattes av Sverker för att visa norrmännen vilka straff de hade att vänta när de lämnade unionen.» Den 4. november var den dagen i 1814 da Noreg gjekk inn i unionen med Sverige, så Nore var ikkje tilfeldig valt. I ei seinare utgåve av namneboka si (2000), som nå heiter Svenska namnboken, seier Malmsten dette på s. 199 om Nore og Nora (kvinnenamnet kan oppfattast som avleidd av Nore): «När namnlängden i almanackan gjordes om 1993 fick Nore och Nora ta över den 17 maj som en liten hyllning til lusekoftornas nation. Men från och med 2001 har Rebecka fått återta sin traditionella namnsdag och Nore har åter kastats ut.»

Nore har altså hatt eit turbulent tilvære i den svenske namnekalenderen.I motsetning til i Sverige, der det i 1973 var 1045 som heitte Nore, var det på same tida berre 15 med dette nam-net i Noreg. Nore har dermed ikkje slått til som ei personifisering av No-reg her i landet. Derimot har Nora vori populært, og i dag ligg det på 5. plass. Som nemnt ovafor, kan Nora oppfattast som avleidd av Nore, som Tegnér såg på som ei personifisering av No-reg. Dermed kjem Nora nærmast på linje med kvinnenamnet Svea, som er ei personifisering av Sverige. Eg vil likevel understreke at Nora vanligvis blir oppfatta som kortform av det innlånte Eleonora.

Eg har her lagt vekt på dei namna som er spesielle for kvart land, dvs. dei som er markørnamn. Her er det ikkje plass til å gå nærmare inn på dei mange namna som er omtrent like mye brukt i Noreg og Sverige, og som vitnar om ein tett kulturell kontakt mellom nabolanda. Denne nære kontakten har bl.a. gitt seg det utslaget at vi har lånt namn av kvarandre. Den svenske namneforskaren Roland Otterbjörk har kalla denne namneutvekslinga namnskandinavismen. (Dette fenomenet omfattar dermed også Danmark.) Han meiner at blomstringstida for namneskandinavismen var 1930og 1940-åra. Som døme på namn som Sverige har lånt frå Noreg, nemner han bl.a. Astrid, Dagny, Hjørdis, Solveig og Synnøve (s. 42 i boka Svenska förnamn). Som eit døme på det omvendte, lån frå Sverige til Noreg, vil eg trekke fram Elin. Dette namnet vart populært i Sverige pga. songen Drömmen om Elin. Da den kom til Noreg, fauk Elin oppover på namnelistene, og i 1974 og 1975 var det heilt oppe på 5. plass. I perioden 1950–75 var det nesten dobbelt så mange (11 846) som fekk dette namnet i Noreg som i Sverige (6 321). Og dette er mye når vi tek omsyn til at Noreg berre har om-trent halvparten så mange innbyggarar som Sverige. Populariteten for Elin kan nok tolkast som eit utslag av at nordmenn sett stor pris på svenske songar.

Namn som eignar seg ved 100-års-markeringa

Ved tusenårsskiftet i 2000 viste det seg at jentenamnet Mille (jf. latin mille = ’tusen’) vart populært. Dette namnet, som nesten ikkje hadde vori brukt før, gjekk rett til vêrs ved tusenårsskiftet og ligg på 79. plass på den samanslåtte lista for 2003–04. Også ved andre milepælar i historia har spesielle namn fått stor popularitet. Såleis vart Fred enormt populært i fredsåret 1945. Spørsmålet er så om det er noko namn som peiker seg ut som godt eigna for dei foreldra som i år vil markere hundreårsjubileet med å gi barnet eit «jubileumsnamn».

På slutten av 1800-talet kunne norske foreldre gi barna patriotiske namn som Norgia (Lofoten) og Norgen (Drøbak). Og tidlig på 1900-talet vart Norga brukt. Men desse namna blir som kuriositetar å rekne, og nå i 2005 er det trulig Nora som framstår som det mest eigna namnet for dei foreldra som vil markere at Noreg har vori ein sjølvstendig nasjon i 100 år. Namnet skulle også høve godt i ein internasjonal samanheng, for utlendingar som kjenner til Et dukkehjem av Ibsen, kan få «norske» assosiasjonar når dei hører dette namnet. I nokre land, t.d. Tyskland og Russland, er Nora også brukt som namn på skodespelet. Kanskje Nore skulle få sjansen som gutenamn i 2005? Som tidligare nemnt såg Tegnér på Nore som ei personifisering av Noreg. Og riktig stas ville det ha vorti om eit tvillingpar vart heitande Nora og Nore.

Tab. 1 Toppliste – jentenamn i 1905

    %
1 Anna 4,29
2 Astrid 2,55
3 Borghild 2,34
4 Gudrun 2,34
5 Ingeborg 2,27
6 Margit 2,15
7 Marie 2,14
8 Olga 1,89
9 Mart(h)a 1,87
10 Jenny 1,70
11 Solveig 1,62
12 Signe 1,62
13 Sigrid 1,59
14 Ragnhild 1,49
15 Klara 1,45
16 Karen 1,44
17 Ingrid 1,42
18 Rut 1,33
19 Aslaug 1,27
20 Agnes 1,25
21 Hjørdis 1,24
22 Est(h)er 1,16
23 Dagny 1,12
24 Helga 1,10
25 Inga 1,04
26 Ragna 1,02
27 Gunvor 0,94
28 Anne 0,93
29 Kristine 0,87
30 Magnhild 0,74

Tab. 2 Toppliste – gutenamn i 1905

    %
1 Ole 2,97
2 Johan 2,58
3 Karl/Carl 2,52
4 Olav 2,35
5 Hans 2,29
6 Einar 2,26
7 Harald 2,18
8 Arne 2,01
9 Olaf 1,94
10 Sverre 1,88
11 Erling 1,84
12 Alf 1,61
13 Kristian 1,58
14 Sigurd 1,54
15 Peder 1,51
16 Trygve 1,47
17 Håkon/Haakon 1,47
18 Nils 1,35
19 Johannes 1,34
20 Lars 1,26
21 Gunnar 1,24
22 Bjarne 1,18
23 Reidar 1,16
24 Jo(h)n 1,12
25 Knut 1,12
26 Oskar/Oscar 1,12
27 Rolf 1,12
28 Leif 1,06
29 Ivar 1,00
30 Martin 0,99

 

-- Gulbrand Alhaug er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Tromsø. Han har nettopp utgitt boka Fornamn i Noreg frå 1900 til 1975 – med vekt på endringar i namnemønsteret.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015