Leiar: Namn?

Det har alle. For det er praktisk når me skal omtala kvarandre. Difor reknar me med at det har vore skikken like sidan mennesket tok til å snakka. I dag er ein rett og slett pålagd å ha eit namn. Og ikkje utan grunn. Ingen ønskjer truleg å gå rundt med eit nummer resten av livet.

Eit av dei aller eldste namna hjå oss i Skandinavia er Hlewagastir, som stod inngravert på eit gullhorn frå om lag 400 e.Kr., funne i Danmark. Viss ’Hlewa’ er det same som òg finst i gresk ’kleo’ (jf. Kleopatra), og viss me hugsar på at ’gastir’ på dette steget nok betydde ’framand’ heller enn ’gjest’, har dette namnet tydinga den vidgjetne framande. Ikkje dårleg!

Tre kjende karar frå Stiklestad heitte Olav Haraldsson, Kalv Arnesson og Tormod Kolbrunarskald. Andre populære namn i norrøn tid var Vegard, Ulv, Bjørn og Dag. Har nokon høyrt om at dei på den tida kalla jenter for Natt og gutar for Rev? Nei. Tilfeldig? Nei. Dei hadde sans for namn med lydleg kraft og flatterande meining. Det hende forfedrane våre tok i bruk nedsetjande namn på trælar og personarein mislikte. Men då var dét nettopp meininga – å visa forakt.

Ein del personar i vårt land har i det siste fått godkjent namn som folk flest ikkje oppfattar som namn: Gudergod, Hværsaagod, Bånnski, Kolaautomat. Ein ting er å bruka desse orda humoristisk om seg sjølve, ingen hos oss vil jo hindra slikt. Men kvifor skal slike namn fylla opp registera og ha krav på offentleg saksbehandling og status?

Forfedrane våre tulla ikkje med namn, fordi namnet fortalde kven ein var. Språkrådet meiner at det ikkje er noko uttrykk for kulturframsteg at kva ord som helst skal kunna brukast som namn. I tidlegare tider var det ikkje nødvendig å regulera namnegjevinga. Dei hadde sans for ord som høvde. I våre dagar kan det synast nødvendig med ei viss regulering for å halda dei offentleg registrerte namna på det nivået dei bør liggja.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2006 | Oppdatert:12.06.2015