Tre år med ny personnamnlov – endringar i namneskikken?

AV IVAR UTNE

Den nye personnamnlova blei sett i kraft 1.1.2003. Lova er mest kjend for liberaliseringa i val av namn. Dei største endringane i lova gjeld vidareføring av gamle etternamn som ikkje har vore i bruk i familien til søkjaren på mange generasjonar, og bruk av namnetradisjonar frå innvandrarkulturar. Det er desse endringane dei fleste av søkjarane har gjort seg nytte av. Søknader som gjeld innvandrarnamn, er vanlegare enn søknader om gamle etternamn. Søknader om å få doble etternamn med bindestrek og om å overføre mellomnamn og etternamn mellom ektefellar eller sambuarar er ikkje så vanleg. I denne artikkelen skal eg kommentere korleis det har gått med saker av desse typane. Vurderinga av korleis tenkte saker kan løysast, er mi og byggjer på tolking av avgjerder i liknande tilfelle. Etter nokre namn står talet på berarar i Noreg 1.1.2005 ført opp i parentes.

Overslag over kva for saker det er mykje og lite av, og kva for saker som folkeregistera bruker mykje og lite tid på, byggjer på kontakt med folkeregister i samband med at dei spør meg om råd. Den største saksmengda hos folkeregistera gjeld som før enklare namneendringar og ikkje minst registrering av barn og nygifte.

Innvandrarnamn

Innvandrarar søkjer oftast om at barn kan få namn til foreldre og forfedrar som mellomnamn og etternamn, men vaksne søkjer òg ofte om å skifte namn. Namneskifte for innvandrarar omfattar for det første at søkjarane vil ha tilbake namn dei har hatt før utvandringa til Noreg. Det kan vere namn som ikkje har kome med ved registrering i Noreg, og i nokre tilfelle namn som myndigheitene i heimlandet har teke frå søkjarane av politiske eller religiøse grunnar. Søknadene gjeld for det andre ønske om ei forenkling av namn, slik at dei blir lettare å bruke i Noreg. I praksis vil det helst seie å stryke nokre namn, å forkorte eitt eller fleire av namna, eller å erstatte eitt namn med eit anna namn frå heimekulturen. I sjeldne høve vil dei ha namn som elles er vanlege i Noreg.

Gamle etternamn og mellomnamn

Kvar veke kjem det mange søknader om gjenbruk av gamle etternamn og mellomnamn frå tidlegare slektsledd. Ofte gjeld søknader dessutan gamle namn på gardsbruk som familien har ått eller drive. I nokre tilfelle vil òg søkjarane gjerne ha eldre former av desse namna eller av det etternamnet dei har no, f.eks. skrivemåtar med dt, th, w og øe. Grunngjevinga for eldre skrivemåtar er helst at dei blir oppfatta som dei eigenlege eller rette formene som har vore brukte i slekta.

Med den nye lova ville ein på fleire måtar lette tilgangen til dei etternamna og mellomnamna som folk gjerne vil ha. No kan ein hente namn heilt frå tippoldeforeldra, medan det berre var frå foreldra i den gamle lova. Grensa for beskytta etternamn, dvs. etternamn søkjarar berre kan få etter samtykke frå alle som har namnet, er endra frå 500 til 200 berarar. Det er bl.a. til god hjelp for dei som ikkje kan skaffe god nok dokumentasjon på bruk tidlegare i eiga slekt. Det er òg innført ein regel som gjer det mogleg å endre fritt skrivemåten å til aa og aa til å i namn.

I nokre tilfelle søkjer folk om å ta gamle namn i slekta som dei lettare kan få etter andre reglar enn dei som er nemnde ovanfor. Det kan vere namn som anten ikkje er i bruk no, namn som er så utbreidde at dei ikkje er beskytta, eller namn som familien har brukt i fleire generasjonar sjølv om dei har vore førde opp med andre namn i folkeregisteret. I slike saker blei det oftast gjeve løyve også under den førre namnelova. Det kan likevel sjå ut til at det kjem mange slike saker no. Grunnen kan vere den merksemda som den nye personnamnlova har fått, men òg det at grensa for beskytta etternamn er endra.

Endring av skrivemåtar

I lova har det òg kome ein regel som gjer det mogleg å endre skrivemåten i mellomnam og etternamn for å få dei meir i samsvar med uttalen eller rettskrivinga, f.eks. det tenkte eksempelet frå det ikkje beskytta Myhr (679) til det beskytta Myr (33). Det gjeld òg endring frå aa til å. Regelen er lite brukt. Blant anna har han vore nytta i nokre få tilfelle der folk sjølv har brukt ein moderne skrivemåte, medan det har stått ein eldre skrivemåte i folkeregisteret.

Ein annen regel gjeld endring av bokstavane æ, ø og å til andre bokstavar som kan fungere betre internasjonalt, bl.a. ae, oe og aa. Endringar til a og o har det òg vore. Ein kan endre det frie Lerøy (210) til det beskytta Leroy, som elles har fransk opphav, eller til Leroey; eller frå det beskytta Åreskjold (98) til det beskytta Aareskjold (150). Det finst nokre få slike saker, men neppe over ti i året.

Ei godt kjend endring i lova er å opne for nye doble etternamn med bindestrek, f.eks. Grønn-Jensen fordi Grønn er etternamnet til mor, og far heiter Jensen. Dei fleste familiane i Noreg som har slike namn frå før, har dei anten frå før den første namnelova frå 1923 eller på grunn av unntaksreglar etter den tid. Med den nye lova kan ein få doble etternamn med bindestrek sette saman av alle namn ein elles har rett til som etternamn, dvs. mellomnamn eller etternamn heilt tilbake til tippoldeforeldra eller hos ektefellen, heilt nye namn i Noreg, eller etternamn som ikkje er beskytta. I det første året med ny namnelov, 2003, var det i underkant av 2000 fleire nyfødde som fekk slike doble etternamn, enn åra før, ein auke på frå 0,6 % til 4,2 % av ca. 56 500 fødde barn (opplysningar frå Statistisk sentralbyrå). Til samanlikning får ca. 45 % av dei nyfødde barna mellomnamn saman med etternamn. For folk som gifter seg eller blir sambuarar, var det òg ein auke i doble etternamn med bindestrek, men det kan sjå ut til at skikken helst er brukt for nyfødde barn.

Det finst døme på at menn tek konas etternamn som mellomnamn eller etternamn eller som del av dobbelt etternamn. Det nye med lova er at begge ektefellane eller sambuarane kan ta mellomnamnet eller etternamnet til den andre som sitt mellomnamn eller som del av eit dobbelt etternamn med bindestrek. Mannen kan f.eks. ta konas etternamn Blåfjell som mellomnamn og behalde sitt Gjerde som etternamn, eller ta Blåfjell-Gjerde eller Gjerde-Blåfjell som dobbelt etternamn. Det ser ut til å vere få slike tilfelle førebels.

Nye namneformer

Med den nye lova har det blitt opna for friare val av namneformer. Den tidlegare formuleringa «ulempe» har blitt erstatta med «vesentlig ulempe» og «andre sterke grunner». Regelen om å begrense bruken av etternamn med «utanlandsk klang eller skrivemåte» har blitt teken ut. I praksis har dette opna for namn med skrivemåtar og tyding som i mange tilfelle skil seg frå norsk namnetradisjon. Andre reglar opnar meir for fornamn som er like etternamn, og for etternamn som er like fornamn. Det meste av dette hadde Justisdepartementet opna for i litt svakare form frå slutten av 1990-åra.

«Vesentlig ulempe» er mest aktuelt for namn til barn, fordi barn kan bli erta eller mobba. Ein kan rekne med at det gjeld når namn på sjukdommar og ord med negativt innhald blir brukte som navn. Mange vil leggje noko negativt i dei tenkte eksempla Ulukkeleg, Teit, Råskinn, og kombinasjonen Gamle-Eirik, sjølv om Gamle har tradisjon som fornamn i Noreg. Det same kan tenkjast å gjelde namn etter mediefigurar med destruktiv oppførsel eller destruktive haldningar.

«Andre sterke grunnar» gjeld tilhøve som går ut over andre enn søkjaren, som støytande namn, banning, skjellsord og tabuord og dessutan titlar og svært lite føremålstenlege stavemåtar. Det mest aktuelle i søknader er titlar. Titlar som ikkje har tradisjon som namn, blir normalt avviste, først og fremst fordi ein skil mellom titlar og namn. Desse tenkte eksempla vil mest truleg få avslag: Prins, Prinsesse og Høgheit. Namn som er like titlar eller har opphav i titlar, blir normalt godkjende. Derfor vil Earl og King, som har tradisjon som fornamn for menn i andre land, truleg bli godkjende. Jarl har norsk tradisjon. Junior er godkjent som fornamn av same grunn.

Namn etter populære førebilete

Nokre søkjarar ønskjer seg namn etter førebilete i notid eller fortid. Det kan vere artistar, mediefigurar, varemerke, firmanamn og namn på kjende historiske personar.

I Noreg er varemerke og firmanamn i hovudsak beskytta mot bruk som etternamn dersom dei er allment kjende her i landet og bruken kan skade økonomiske eller ideelle interesser. Adidas ville truleg blitt avvist som mellomnamn og etternamn. Cola vil neppe bli avvist som namn med grunnlag i regelen om varemerke, fordi det er eit fellesnamn for ein type drikk laga av fleire ulike produsentar. Derimot vil ein som gjerne vil ha Cola som etternamn eller mellomnamn, trenge samtykke frå dei få som heiter Kola i Noreg, fordi desse namna kan bli blanda saman.

Artistnamn og namn på sportsklubbar både i Noreg og i andre land kan bli avviste som etternamn dersom dei er laga særskilt som namn på ein artist eller ein klubb og elles ikkje er i bruk som etternamn. Dersom artistar har namn som er noko i bruk som etternamn ein stad i verda, vil dei ikkje bli avviste etter denne regelen, men namna kan bli avviste fordi dei er beskytta etternamn i Noreg. Derfor vil det f.eks. bli kravd samtykke frå dei norske berarane av etternamnet Aguilera (39) om ein vil ha det namnet. Etternamnet Presley er ikkje i bruk som etternamn i Noreg, og er ledig.

Historiske namn blir rekna som beskytta dersom dei har stor symbolverdi, dvs. er knytte til svært kjende personar i norsk eller andre lands historie. Truleg vil eit tenkt eksempel som Tordenskiold bli avvist, men kan hende ikkje Walkendorff. Tilnamn på kongar og kjende personar frå mellomalderen blir ikkje rekna som verkelege namn, f.eks. Blodøks, Blåtann og Tambarskjelve. Derfor kan slike namn godkjennast som etternamn no. Gille (5) er beskytta og kan berre takast med samtykke frå berarane.

Namn på oppdikta figurar i massemedium kan truleg i nokre tilfelle reknast som varemerke, slik at Langstrømpe kan bli avvist. Under den nye namnelova har ein gjeve løyve bl.a. til mellomnamna Batman og Filibom-Bom-Bom.

Eigenskapar, yrke og interesser

Det finst søknader der folk ønskjer seg namn etter noko dei arbeider med, eller er opptekne av. I hovudsak har slike namn blitt innvilga når dei ikkje er i strid med beskytta etternamn, titlar eller namn på institusjonar. Ein eplebonde har fått godkjent etternamnet Eplet, og Gudergod og Halleluja er blitt godkjende som mellomnamn for aktive kristne. Ein togentusiast har fått Tog som mellomnamn etter klage til Fylkesmannen. Kolaautomat og Flytitter er godkjende som mellomnamn for vaksne som synest det passar med interessene deira. Slik som praksis er under den nye lova, har desse namna ikkje oppfylt krava til avvising på grunn av «vesentlig ulempe» eller «andre sterke grunner». Meir tvil kan det vere om Bånnski, men det er innvilga som mellomnamn. I det siste tilfellet vil det bl.a. vere ei vurdering av om mange kjem til å oppfatte det som støytande.

Skikken med å kalle seg opp etter eigenskapar og yrke har funnest i mange land. Eksempel er det gamle tyske Stoltz, som tyder ‘stolt’, og det nederlandske Citroën, som tyder ‘sitron’, og som opphavleg blei brukt som kallenamn for sitrusdyrkarar eller for sure personar. Slik namnedanning finst i mange kulturar i dag òg. I Noreg kjenner vi fornamna Lill, Vesla og Lykke, og kallenamnet Tulla, som mange lever vel med. Den viktigaste forskjellen er at namna det no blir søkt om, er nye, og at denne typen namnedanning er lite vanleg i Noreg.

Endringar med den nye lova?

Skal ein oppsummere, kan ein seie at dei vanlegaste sakene etter at den nye personnamnlova blei sett i kraft, gjeld folk med nyare innvandrarbakgrunn som tek med skikkane frå heimekulturen. Elles er det mange av søkjarane som vil ha gamle etternamn frå slekta, nokre som vil ha doble etternamn med bindestrek, og eit fåtal som vil ha namneformer som bryt tradisjonar.

Litteratur

  • Rundskriv G-20/2002. Lov om personnavn. Justisdepartementet.
  • http://www.ssb.no/befolkning; befolkningsstatistikk frå Statistisk  sentralbyrå
  • http://www.ssb.no/navn/arkiv/art-2004-01-16-01.html; namnestatistikk frå Statistis k sentralbyrå
  • Utne, Ivar. 2002. Ny lov om personnamn. Språknytt 2/2002: 7–9.
  • Utne, Ivar. 2004. Navn eller ikke navn – ord og uvanlige skrivemåter. Nytt om namn 39: 21–27.
  • Utne, Ivar. 2004. Fine gamle etternavn to år etter. Nytt om namn 40: 9–13.
  • Utne, Ivar. 2005. Fornavn eller ikke fornavn – om bruk og godkjenning av uvante fornavn. Nordica Bergensia 32: 85–113.
  • Utne, Ivar. 2005. Grensesprengende navn. Nytt om namn 41: 23–29.
  • Utne, Ivar. 2005. Innpassing av nye navnekulturer i det norske folkeregisteret. Namn og Nemne 22: 75–96. [Under utg.]

 

-- Ivar Utne er amanuensis ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.03.2006 | Oppdatert:12.06.2015