Leiar: På lang sikt

På lang sikt er eit uttrykk alle kjenner. Dessverre har mange teke til å seia sikt, men det gjev dårleg meining, for poenget med uttrykket er nettopp å skilja mellom lang og kort sikt. Altså å sjå eit langt stykke fram, eller å sjå eit kort stykke fram. For sikt er berre ’det å sjå’.

Dette er eit fast utttrykk frå kvardagsspråket, men overgangen til fagspråket er kort. I vervarselet høyrer me om god sikt, moderat sikt, dårleg sikt. For meteorologar er dette heilt presise og definerte ord, altså termar. God sikt tyder etter tradisjonelle definisjonar at ein kan sjå opptil 50 km frå der ein står, moderat sikt tyder at ein kan sjå frå 4 til 10 km, og dårleg sikt er det når ein berre kan sjå opptil 4 km. Svært dårleg sikt er i praksis skodde.

Me kan halda oss til veret og gå vidare til vind. Vind har me alle eit forhold til. Det er eit ord alle kan. Sterk vind og storm har me òg førestellingar om. Bris og kuling veit dei fleste er nemningar som dreiar seg om vind. Men på eit eller anna punkt blir presisjonen og nyanseringa så fin at orda for folk flest meir og meir misser innhaldet sitt. I fagspråket går skalaen frå stille til orkan. Og farten kan målast i knop, som er det same som ei nautisk mil (1852 m) pr. time. Vindstyrken kan oppgjevast med vitskapleg presisjon som meter i sekundet, sekundmeter, om ein vil. Så kjem skalaen: flau vind,  svak vind; lett bris, laber bris, frisk bris; liten kuling, stiv kuling, sterk kuling; liten storm, full storm, sterk storm, og til sist – orkan. Alle orda på skalaen har sin presise definisjon. Dei fleste har nok høyrt orda, men berre dei som kan gjera greie for definisjonen, kan orda som fagord.

På lang sikt? På lang sikt ville det vera katastrofalt for norsk språk – katastrofe er i denne samanhengen det presise ordet – dersom me ikkje i åra som kjem, blir i stand til å halda oppe eit visst nivå når det gjeld ordspesialisering og fagspråk.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.03.2006 | Oppdatert:12.06.2015