Oppfølginga av Norsk i hundre!

Interimsstyret i Språkrådet sende 6. mars ei tilråding til Kultur- og kyrkjedepartementet når det gjeld oppfølginga av utgreiinga Norsk i hundre! Utgreiinga er omtalt i Språknytt 4/2005. Språkrådet skriv mellom anna:

1 Det bør lagast ei stortingsmelding som behandlar dei prinsipielle synspunkta som blir lagde fram her og i Norsk i hundre!. Målet med meldinga må vera at det blir vedteke ein overordna norsk språkpolitikk som det skal takast omsyn til ved utforminga av politikk på alle relevante område i samfunnslivet.

2 Måla for det nye Språkrådet bør utformast gjennom ei lov med forskrift, som då blir eit lovfest uttrykk for den statlege språkpolitikken. Det hastar å få på plass ei slik endeleg forankring av det nye organet.

3 Det er grunnleggjande at den norske språkpolitikken blir forankra i Stortinget og regjeringa og ikkje berre lagd til eitt departement, Kultur- og kyrkjedepartementet, slik han er i dag. Døme på departement som er svært viktige for å sikra måla og tiltaka som blir fremja her, er Kunnskapsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og den tverrdepartementale gruppa som har ansvar for it-utviklinga.

Ut over dei overordna synspunkta som her er framlagde og tiltaka som går fram av Norsk i hundre!, vil styret understreka desse punkta:

4 Det er naturleg å dela statens ansvar for språk på tre nivå:

  • stortingsnivå, lovgjevande og politikkformande tiltak
  • regjeringa, utøvande organ for politikken, gjennom statsministerens kontor og departementa
  • Språkrådet og andre faglege og administrativt utøvande språkorgan (til dømes Sametingets språkavdeling)

5 Styret vil peika på framlegget i Norsk i hundre! om å lovfesta ansvaret for å utvikla eit norsk fagspråk. I tillegg ber styret departementet reisa framlegg om å ta inn att ein paragraf om norsk undervisningsspråk i lov om universitet og høgskular. Ein slik paragraf, som presiserte at norsk til vanleg skal vera undervisningsspråket i høgre utdanning, vart teken bort av eit fleirtal i Stortinget i 2002.

6 Styret vil understreka sterkare enn strategigruppa har gjort, at arbeidet med norsk som forskingsspråk ikkje må forsømmast, men utvidast. Det nye belønningssystemet for forsking i høgskular og universitet ser ut til å premiera nokså mekanisk forsking som er skriven på engelsk framfor forsking på norsk. Styret meiner å kunna slå fast at det på ei rad område er viktig at nettopp grunnforskinga blir gjennomført på norsk, og at dette i seg sjølv er viktig for å sikra andre mål, som at formidling og undervisning i høgre utdanning må gå føre seg på norsk. 

7 Styret vil understreka den rolla barnehagane har for å sikra eit medvit om språk. Ansvaret for at ungane skal få respekt for eige og andre sitt talemål, at dei får rikeleg tilgang på bøker, filmar og dataprogram på norsk (nynorsk og bokmål) bør vera ein grunnleggjande del av den nye språkpolitikken.

Norsk i hundre! peikar på at dei store riksavisene i dag diskriminerer nynorsk ved at dei ikkje tillet nynorskjournalistar å bruka målforma si. Styret ber departementet vurdera om det kan setja inn tiltak for å sikra at denne diskrimineringa tek slutt. Eitt døme på eit statleg tiltak kan vera at ein ikkje gjev momsfritak for større riksaviser med allment formål dersom dei ikkje opnar for – og oppmodar om – å bruka begge målformene på redaksjonell plass i avisa.

9 Det bør tilsetjast ein rådgjevar på høgt nivå ved statsministerens kontor. Ei formalisering av kontrollen med språket i nye lover er viktig. Me vil og peika på det systemet ein har hatt sidan 1993 i Sverige, med ei eiga klarspråksgruppe i Justisdepartementet, samansett av administrative leiarar, juristar og språkekspertar.

10 Gjennomføringa av politikken bør rapporterast gjennom ei fast melding til Stortinget. Her kan òg dagens mållovsmelding takast inn. Ut frå krava til meldinga kan det tenkjast ei årleg melding, ei toårig eller ei fireårig melding.

Heile brevet kan lesast her: www.sprakradet.no/n100

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:06.06.2006 | Oppdatert:12.06.2015