Leder: Ordbok og ordbok, herr Børre

Me bad Egil Børre Johnsen skriva om Knud Knudsen (1812–1895) til dette nummeret. Tidlegare i år gjorde han ferdig biografien om Knudsen, ’bokmålets far’. Egil Børre Johnsen avsluttar artikkelen med å utfordra direktøren i Språkrådet. Bør ikkje Sylfest Lomheim ’arbeide for at flertallsspråket bokmål tilgodeses med mer enn den ordboken på 697 sider som ble utarbeidet for snart en generasjon siden’? Jau, det bør Lomheim. Og ikkje berre det; han ønskjer å arbeida for det, slik alle som er interesserte i moderne norsk, bør gjera. Så – ’svaret er herved avgitt’.

Men korleis er det mogeleg at eit slikt spørsmål kjem opp? Er det ikkje sjølvsagt at bokmålet, som er ’mest brukt, men har færrest elskere’ (Gudleiv Forr), er forsynt med dei ordbøkene det treng?

Ordboksituasjonen vår har tre nivå: Ordlistene er det første. Dei viser i regelen berre rett skrivemåte og rett bøying. Ordlistene i skulen inneheld som oftast  ikkje meir enn om lag 30 000 ord. Det neste nivået kan me kalla handordbøker. Bokmålsordboka og Nynorskordboka er to standardverk i denne kategorien (Språkrådet har delansvar for begge). Ei handordbok opplyser om skrivemåte og bøying, opphav, innhald og bruksmåtar. Først på dette nivået kan me seia at brukaren får eit minstemål av opplysningar. Bokmålsordboka inneheld 65 000 ord, og Nynorskordboka inneheld 90 000 ord. I dei fleste situasjonar vil ei slik handordbok gjera nytten, både for unge og eldre.

Endeleg har me det tredje nivået – ordbokverket i mange bind og med fleire hundre tusen ord og ei mengd opplysningar. Der har me i dag berre eitt stort ordbokverk som er ferdig – Norsk Riksmålsordbok, i seks bind. Det første kom i 1937, dei to siste i 1995. Verket er under revisjon. Det andre store ordbokprosjektet er Norsk Ordbok. Første bindet kom i 1966, og heile verket er planlagt ferdig i 2014 med i alt tolv bind. Det første ordbokverket dekkjer tradisjonelt og litterært riksmål, det andre dekkjer nynorsk skriftmål og ordtilfanget i alle dialektane.

Ikkje noko land har nok ordbøker, og slett ikkje Noreg. Og slik situasjonen har blitt no, er det først og fremst moderne bokmål som kjem dårleg ut. Difor må det vera bokmålet sin tur. Det moderne bokmålet treng kartlegging og dokumentering i full breidd, med alle sjangrar og bruksmåtar representerte. Me treng altså ikkje eit tredje stort ordbokverk som i opplegg og materiale kopierer dei to store me alt har.

Uttrykket ’Piller og piller, fru Blom’ er femtiseks år gammalt og typisk norsk, teke frå lystspelet Karusell av Alex Brinchmann. Det var Per Aabel som la inn denne replikken under prøvene i 1950. (Fru Blom heitte forresten Helene.) Replikken fekk suksess og spreiing og står difor i – ordbøkene.

 

Sylfest Lomheim

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.10.2006 | Oppdatert:11.06.2015