Kva løyner seg i Scotland Yard?

Det er klart at Scotland tyder «Skottland» men kva tyder yard? På skolen lærte vi at ein yard er lik 0,914 meter, men desse 91,4 cm fører oss ikkje langt dersom vi ønskjer å finne ut kva sistelekken i Scotland Yard tyder. Noko med lengdemålet å gjere har det ikkje.

AV SVEIN NESTOR

Men ordboka har eit anna engelsk ord yard, som tyder «gard, gardsplass» eller «hage», og det høver jo framifrå i eit stadnamn. Nå veit vi ikkje kva slags gard eller hage Scotland Yard har vori, men det kan jo ha vori ein frukthage, og det heiter orchard på engelsk. Dette ordet ser ikkje ut til å kunne delast opp i kjende delar, men ordboka seier at det kjem frå eit gammalengelsk ord ortgeard, og da er det lett å skilje ut det siste elementet, geard, som er det ordet som har gitt opphav til yard.

Dette gammalengelske ordet liknar mykje på vårt ord gard, gård, og det kjem av at det gammalengelske og det norske ordet har eit sams opphav. På norrønt heitte det garðr, og det tydde «gard» eller «gjerde». At gard også kan tyde «gjerde», ser vi av ordtaket «Det skal vere gard mellom gode grannar». Dessutan har vi ord som skigard, som nett er eit gjerde, laga av vedskier, og manngard, tanngard og skjergard, som alle kan sjåast på som eit slags gjerde. Men for mange er gjerde den vanlege nemninga for dette. På norrønt heitte dei to orda garðr og gerði. Her er det etter måten lett å sjå at dei heng nær saman språkleg, og at gerði må vere avleidd av garðr. I båe tilfella blei den første bokstaven uttalt g på norrønt, men språkutviklinga etter den tid har ført til at g framfor e fekk uttalen j. Dermed blei ikkje sambandet mellom dei to orda like klart som før.

Men Bjartmar heiter jo Gjerde til etternamn, og somme tykkjer nok at det er merkeleg at dette etternamnet tyder «eit gjerde». Forklaringa er at gjerde ikkje berre tyder det som er rundt eit jordstykke, altså sjølve gjerdet, men også det jordstykket som gjerdet inngjerder. I denne siste tydinga blir Gjerde eit rimeleg stadnamn og etternamn. Det er elles ein bydel i Stockholm som heiter Gärdet.

Vårt ord gard har slektningar også andre stader. På gammalslavisk fanst det eit ord grad (altså identisk med gard, bortsett frå at r og a har bytt plass), som tydde «by». Dette kjenner vi att i Leningrad og Beograd, som tyder «Lenin-byen» og «Kvit-byen». Mange vikingar tok teneste hos keisaren i Konstantinopel, og den byen var kjend i Norden som Mikligarðr, «Storbyen». Garðr kunne såleis tyde «by» også. Det norrøne namnet på Russland var Garðaríki, og «Landet med byane» kan vi vel omsetje det med. I Russland er det ein kjend by som heiter Novgorod, og dette namnet svarar etymologisk heilt til vårt stadnamn Nygard. Gorod er det vanlege moderne russiske ordet for «by», og det stammar frå den eldre forma grad. Nov-gorod tyder altså «Ny-byen».

På italiensk heiter hage giardino, og da er vi nesten attende til vårt eige ord gard. Det italienske ordet skal nemleg vere lånt frå det franske ordet for hage, jardin, og franskmennene skal i sin tur ha lånt det frå gammalhøgtysk. Elles er det interessant å leggje merke til at ein som steller ein hage, heiter ein gartnar på norsk. Eit ekte norsk ord avleidd av gard kan det ikkje vere. Nei, det er lånt frå tysk, for hage heiter Garten på det målet. Den vanlege engelske nemninga for «hage» er ikkje yard, men garden, som engelskmennene har lånt frå fransk, men det er tysk som er opphavet til ordet.

(Språknytt 4/1990)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015