Lærebok i nynorsk for utlendingar

I 1983 kom det ut ei lærebok i nynorsk for utanlandske studentar. Ho er skriven på engelsk, og tittelen er: Norwegian Nynorsk. Undertittelen fortel at dette er «An introduction for foreign students». 

AV KJELL VENÅS

Det er ei fyldig innføringsbok, på ikkje mindre enn 246 sider. Forfattaren er Peter Hallaråker, fyrsteamanuensis i norsk ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda. Han har skrive under føreordet ved University of Wisconsin, Madison i juni 1979. Det har altså teke noko tid å få boka ut på marknaden.

Av føreordet får vi fyrst vita kva «New Norwegian» er for noko. Det blir sagt at trongen til ei lærebok i nynorsk fyrst melde seg hjå norskamerikanarar som visste at forfedrane deira tala norske dialektar og ikkje «Dano-Norwegian» (bokmål), som alltid før har vorte presentert som norsk i lærebøker for engelsktalande. Mellom dei forfattaren nemner og takkar for hjelp i føreordet, er Vinlands Mållag som har gjeve pengar til tiltaket. Det mållaget er vel ikkje kjent av så mange, men er knytt til landssamskipnaden Noregs Mållag.

Boka er skriven med tanke både på klasseundervisning og sjølvstudium. Ho skal dekkje tre semesters opplæring på «college»-nivå. Det vil seia at ho kan ta opp eit nokså grundig oversyn over bygnaden i språket, både av lydverk (ortografi), formverk og syntaks. Det er lagt vinn på å få med eit mangesidig og aktuelt ordtilfang, som kan gje eit godt grunnlag for vanlege samtaler av mange slag.

I innføringskapitlet gjev forfattaren eit oversyn over språksituasjonen i Noreg i dag og over den historiske framvoksteren av nynorsk. Vidare gjer han greie for lydar og bokstavar, med særlege bolkar om vokalar og konsonantar, om kvantitetstilhøve, tonelag og om alfabetet.

Hovuddelen av boka, s. 23–204, inneheld 21 arbeidsemne. Den engelske nemninga for kvar slik arbeidsbolk er grei nok: lesson. Som nynorsk motsvar har forfattaren valt «lekse». Det er vel ikkje heilt godt. Ein skulle tru «leksjon» hadde vore meir dekkjande.

Kvar slik «lekse» har ein fast oppbygnad, med fire klårt skilde delar. Delane er:

A. Ei samtale på nynorsk, som er følgd av ordomsetjingar og andre turvande merknader og så ei rekkje av spørsmål knytt til innhaldet i samtala.

B. Ei utgreiing om eitt eller fleire emne av grammatikken i målet.

C. Ei utgreiing om uttale og stavemåte for visse høveleg avgrensa emne. Til denne bolken er det laga øvingsoppgåver, og verbet «drill» går att fleire gonger.

D. Ei lesetekst med tilhøyrande ordliste og merknader.

I lesetekstene av D-typen er det mange eventyr og ikkje få gode norske ordtak. Elles er det litterære tekster av Aasen, Vinje, Garborg, Tor Jonsson, Tarjei Vesaas, og ei rad gode, vel sjølvlaga, orienteringar om viktige sider av norsk samfunns- og daglegliv.

Ein gjennomgangsfigur i lesetekstene av A-typen er Roy Eisel. Han har kome til Noreg frå USA. Far hans er frå Ohio, men bestemor hans kom frå Voss, og mor hans tala dialekt og skreiv nynorsk. Vi får vera med Roy heim til huslyden Nes og seinare til distriktshøgskulen i Volda. I Volda blir han kjend med Liv. I ei lekse er Roy og Liv på fest i ungdomslaget, i ei anna er dei på førelesing om diktaren Edvard Hoem. Vi anar ein romanse då Roy får vera med Liv og to andre studentar på påskeferie i Gudbrandsdalen, men det tonar bort under bokstaven D med eventyret om dei tre bukkane Bruse. Då det er styggvêr på setra, fortel Liv om den gamle husmannsskipnaden i Noreg. (Hugs vi er i Gudbrandsdalen, der denne skipnaden stod lengst ved lag.) I andre lekser samtaler Liv og Roy om norsk næringsliv og fisket langs norskekysten. I lekse 19, under overskrifta «Det går alltid eit tog», får vi vita at Roy skal attende til USA og studere meir norsk ved Wisconsin-universitetet. I dei siste leksene er Liv og Roy i Oslo, og i den aller siste lærer vi om styreform og politiske tilhøve. Den siste litteraturteksta er det monumentale diktet «Hesten» av Vesaas: «Dagen er heit og lang – no skal han gå.» Vi får ikkje sjå Roy vel til Fornebu. I staden går vi over til ei alfabetisk ordliste, ho er forresten nyttig nok. Ein emneindeks er det siste i boka.

Som ein skjøner, gjev denne læreboka mykje sakleg orientering om norsk kvardag og norsk samfunn. Det er gjeve plass til ny næringsverksemd – som olje-eventyret, og det er også rimeleg at det er teke med ymist om kulturovringar som særleg gjeld nynorsk: målreising, ungdomslagsarbeid, Det norske teatret. Alt dette er interessant og verdfullt, men sjølvsagt er det som ei lærebok i språket vi fyrst og fremst må sjå boka. Det må seiast at oppbygnaden er fast og fin, med eit systematisk og vel gjennomtenkt driv. Ein student som arbeider seg grundig gjennom dette, må få solide kunnskapar om nynorsk skrift- og talemål. Det er lagt vinn på å få fram det som verkeleg er særmerke for norsk i høve til andre språk, då særleg engelsk. Derimot er det ikkje jamført noko med bokmål. Det kunne vel elles ha lege nær, med di det er nemnt at somme som ynskjer å studere nynorsk, gjerne har lært noko bokmål fyrst. Men Hallaråker har ikkje sett nynorsk som noko tilleggsspråk.

Ved somme av dei grammatiske utgreiingane kan ein koma til å undrast på om det kanskje blir i meste laget med kompakte kunnskapar. Det kunne truleg ha vore ein føremon å ha fått noko mindre av harde fakta, og at det i staden hadde vorte sett av noko meir plass til øvingar. Rettleiinga om uttale inneheld ingen finessar, men gjev høvelege opplysningar om korleis lydane blir laga, og korleis dei lyder for øyra. Det er jamført med engelske lydar og noko med lydar i fransk og tysk. Ved karakteriseringa av lydane er det internasjonale lydskriftalfabetet nytta. Ved andre uttaleopplysningar er dei lydlege særmerke attgjevne mindre presist, men truleg godt nok for føremålet.

Slik denne læreboka no ligg føre, syner ho ei rad med språklege val på ymse nivå. Det tek til med val av emne. Emna har i nokon mon gjeve grunnlag for val av ord til ein grunnstokk av nynorsk daglegmål. Det er gjort val mellom former, både ord og bøyingsformer, og det er valt mellom uttalemåtar som har ein eller annan geografisk bakgrunn. Det er berre rimeleg at heimemålet åt forfattaren av læreboka speglar seg av i desse vala. Hallaråker er frå Sunnhordland, altså frå ein del av det nynorske kjerneområdet.

Kor god Norwegian Nynorsk vil vera som lærebok, kan ein til sjuande og sist få svar på berre ved å prøve boka i praksis. Men det overflatebiletet ein får ved å lesa boka, er stort sett godt. Nokre få kritiske merknader frå ei slik lausleg gransking skal vi ta med: Aasens «Gamle Noreg» er truleg ikkje noko godt val av tekst til den fyrste leksa. I denne eine strofa er det både dativformer (grendom, endom) og lite aktuelle ord som snøyder og tøyar. Den uvanlege, poetiske plasseringa av adverb i diktet førebur dårleg til at nett det skal bli grammatisk emne i lekse 2B. Motstridande uttaleopplysninger har ein i /"varmar 'åpp/ på s. 32 og /opp/ på s. 227. Det burde berre ha vore /opp/. Uheldig bruk av /å/ er det også på s. 48 med /"årsa:k/ for «orsak – excuse me». Vi får vone at studentane ikkje legg for mykje arbeid i å uttala /g/ i /'trugsmå:l/ på s. 167. Det er ikkje plent rett som det blir sagt på s. 42, at verbet ha har uregelrett bøying, verbet har same slag hovudformer som t.d. bu og gro.

Ein kunne alltid finne meir å setja ein kritisk finger på. Men det er ingen grunn til at det skal vera det siste i denne omtala. Peter Hallaråker har lagt ned eit stort arbeid på å laga denne fyrste læreboka i nynorsk for utlendingar. Det er eit arbeid med mange sider, alt frå val av og eigen produksjon av tekster til attgjeving og framstelling av mykje og mange slags kunnskap om nynorsk i ei framandspråkleg målform. Det fortener han både takk og lovord for. Og vi får vone at det blir ein heil del studentar som vil ta boka i bruk.

Peter Hallaråker
Norwegian Nynorsk. An Introduction for Foreign Students.
Universitetsforlaget 1983.
246 s.

Valproblem i samband med skrivinga av «Norwegian Nynorsk. An Introduction for Foreign Students»

Peter Hallaråker svarer:

Som regel er det slik at det er først etter at ei lærebok er skriven, ein ser korleis ho burde ha vore laga. Sidan eg framleis ikkje ser, eller har heilt klart for meg korleis ei lærebok i nynorsk for engelskspråklege studentar ideelt sett burde ha vore utforma, er eg nok eit unntak frå regelen. Det forundrar meg derfor kor skråsikre eit par meldarar er, jamvel om dei har kome til heilt ulike konklusjonar. Stephen J. Walton t.d. (Riksutgåva 6.2.1984) hevdar i sterke ordelag at det er «lesestykka» som er uheldige, medan Berit Johns (Språk og språkundervisning nr. 1, 1984) seier at det er dei som er det mest verdfulle ved boka. Begge delar kan vel ikkje vere rett, iallfall ikkje samstundes. Saka er vel heller den at ein er heilt nøydd til å ta stode til visse prinsipielle spørsmål når ein skal skrive ei slik bok, og det er ikkje semje om løysinga på desse.

Nedanfor skal eg gjere kort greie for dei hovudproblema eg møtte under arbeidet med denne boka, og prøve å forklare kvifor eg valde dei løysingane eg gjorde.

Behovet for ei lærebok i nynorsk for utanlandske studentar

Det var i åra 1966–1968 at tanken melde seg om behovet for ei lærebok i nynorsk for utanlandske studentar.

Eg var då lektor i norsk ved Universitetet i Bologna, Italia. Det var to grunnar til at dette spørsmålet reiste seg. For det første var det stor interesse blant studentane for nordisk kultur, særleg vestnordisk. Derfor var det lagt opp eigne kurs i norrønt språk, norrøn mytologi og nordisk språkhistorie. «Den norske språksituasjonen» var eit aktuelt og vanskeleg tema, men kvar gong ein tok det opp, var ein sikra ein vellykka time. No var krava slik ved dette universitetet at alle germanistar måtte studere eitt moderne skandinavisk språk. Storparten valde norsk bokmål, nokre svensk, og eit par stykke las dansk. Mange spurde etter nynorsk, men dette var vanskeleg å tilby utan ei høveleg lærebok. Den andre grunnen var at eg nok tykte at somme sendelektorar ikkje gav eit korrekt bilete av norsk kultur, når nynorsk språk vart «gløymt». At den eine av to sidestilte offisielle språkformer hadde minimal plass ved utanlandske universitet, fann eg både fagleg og språkpolitisk urimeleg. Når eg så i 1978 fekk eit tilbod frå Vinlands Mållag i USA om å skrive ei slik bok, sa eg straks ja, men eg sette som krav at eg ville ha opphald ved eit amerikansk universitet med ei stor norskavdeling, slik at eg heile tida hadde fagfolk å rådføre meg med. Det vart University of Wisconsin med professor Harald Næss som leiar for norskavdelinga.

Målgruppe

Sidan det ikkje fanst ei einaste lærebok i nynorsk for utanlandske studentar, stod eg etter måten fritt. Det einaste eg hadde kome over, var eit kort oversyn over nynorsk morfologi av ein person som arbeidde i Polen, og eit tillegg om nynorsk i Langenscheidts «Praktisches Lehrbuch. Norwegisch». Hovudproblemet vart likevel kven boka skulle skrivast for, og ein del av innvendingane mot boka har nok samanheng med at målgruppa ikkje er eintydig. I føreordet står det at ho skal dekkje tre semester på college-nivå og såleis fylle krava til eit utanlandsk språk ved University of Wisconsin. Indirekte hadde eg også vidarekomne studentar i norsk i tankane, dvs. slike som hadde norsk som «major». Dessutan tenkte eg at ho kanskje kunne nyttast av studentar som ikkje hadde engelsk som morsmål, t.d. i Vest-Tyskland, Aust-Tyskland, Frankrike, Italia, Sovjetunionen osv. Ei tredje gruppe vart også diskutert, nemleg gjestearbeidarar i nynorskmiljø i Noreg.

Løysinga vart å skrive boka med sikte på nybyrjarar og vidarekomne studentar ved amerikanske universitet.

Val av engelsk namn for nynorsk

Det spørsmålet som faktisk skapte størst problem, var å finne eit høveleg engelsk namn på nynorsk språk. Valet innebar eit både fagleg og språkpolitisk standpunkt. I tidlegare lærebøker finn ein termane «Norse», «New Norse» og «New Norwegian» for nynorsk, medan «Norwegian» eller «Modern Norwegian» er brukt om bokmål.

Bruken av termen «new» om språk er ikkje i samsvar med vanleg engelsk språkbruk, jf. Old English, Middle English og Modern English. Vinlands Mållag gav uttrykk for at dei gjerne ville bruke termen «Norwegian» om nynorsk, men dette var naturlegvis vanskeleg å godta for eit forlag. Ja, det kunne til og med verke direkte villeiande, sidan «Norwegian» for svært mange tyder bokmål. Eg gjorde derfor framlegg om den tittelen som vart den endelege, nemlig «Norwegian» pluss «Nynorsk» (på norsk). For bokmål brukte eg termen «Dano-Norwegian», også i samsvar med Einar Haugen, jamvel om eg sjølv tykkjer det er ein svært uheldig term i dag. Framleis vantar det ein god engelsk term for nynorsk språk. Eg har ofte vore inne på tanken å kalle det «Modern Norse», men er usikker på om ein slik term vil kunne slå gjennom.

Val av skriftform

Vinlands Mållag, som gav økonomisk tilskot til arbeidet med manuskriptet, har eit forholdsvis konservativt målsyn når det gjeld nynorsk formverk og ordtilfang. Vi vart likevel tidleg samde om å følgje læreboknormalen frå 1959, men halde oss til dei mest tradisjonelle formene og det tradisjonelle ordforrådet. Hovudregelen skulle vere at alle ord og grammatiske former som var brukte, skulle vere i samsvar med gjeldande reglar, og at ein student skulle vere sikra at det han/ho lærte skulle vere rett. I praksis førte dette til at eg valde dei mest konservative formene av jamstelte lærebokformer, men dette har eg ikkje makta å gjennomføre så konsekvent som tanken opphavleg var, t.d. har eg brukt forma «først» ikkje «fyrst». Blandinga av moderne sjølvlaga tekstar og utdrag frå klassisk nynorsk litteratur er også noko av forklaringa på at språkforma ikkje er så konsekvent og einskapleg som ho burde vere i ei slik bok. Dersom eg stod heilt fritt, ville eg ha gjennomført e-infinitiv i dag, men sidan a-infinitiv har solid målføregrunnlag på Vestlandet og i jamvektsformer på Austlandet, meinte eg at a-infinitiv trygt kunne forsvarast. Når denne forma dessutan er i samsvar med nynorsk skrifttradisjon, fann eg det rettast å bruke henne. Indirekte har eg dermed sagt at eg på mange måtar har bygd på ei vestnorsk nynorskform. Eg er derfor litt overraska over at ikkje meldarane har kritisert dette meir enn dei har gjort.

Av pedagogiske årsaker har eg utelate alle sideformer, men dette forsterkar inntrykket av at det vestnorske innslaget har fått stor vekt, jamvel om dette ikkje var meininga. All røynsle viser at det ville vere pedagogisk uheldig å ta med sideformer. For ein amerikansk student er det grammatiske systemet i nynorsk altfor innvikla slik det er, utan sideformer.

Val av uttale

I kapitlet «Sounds and Letters» nemner eg at vi opererer med både regionale talemålsnormer og ei nasjonal norm, og at eg held meg til den nasjonale. Jamvel om meininga er å unngå ulike uttalevariantar i ei slik bok, veit alle som kjenner den norske språksituasjonen, at ei nasjonal norm for nynorsk talemål berre delvis finst. Det nærmaste i dag er vel den som er brukt av dei nynorske medarbeidararane i Norsk rikskringkasting, men heller ikkje dei følgjer konsekvent same norma. Det er såleis først og fremst eit pedagogisk omsyn som ligg bak valet mitt, på same vis som ved formverket og ordvalet. Eg har likevel hatt store vanskar her, og heilt konkret kan ein innvende at eg i praksis har halde på ein vestnorsk uttale. Sidan vestlandsfylka har dei mest aktive brukarane av nynorsk talemål, kan vel dette i ein viss mon forsvarast. Eg har t.d. halde på -ld og -nd i ord som halda og hand, og ikkje brukt assimilasjonsformer.

Oppbygging av boka

I føreordet til boka er det gjort kort greie for korleis ho er oppbygd. Med unntak av «Gamle Noreg», som nok ikkje burde ha vore plassert i første leksa, synest eg framleis boka er rimeleg bra oppbygd. I alle høve er eg sterkt usamd med Stephen J. Walton i at ei slik bok berre skal vere «strukturøvingar». Etter samtale med mange kollegaer fann vi ut at boka så langt råd var, burde gi eit bilete av «nynorsk kultur», og dette angrar eg ikkje på. Boka opnar med ei kort utgreiing om den norske språksituasjonen og ei enkel oversikt over nynorskens historie. Eg prøvde etter beste evne å gjere dette så korrekt og lite språkpolitisk som eg makta, utan at dette har lykkast heilt. Så kjem eit kapittel om uttale og skrivemåte (Sounds and Letters) og deretter følgjer 21 leksjonar.

Største vansken eg hadde, var å få til ein rimeleg progresjon i dei grammatiske kommentarane. Særleg i første delen av boka fekk eg ikkje dette til slik eg hadde ønskt, men eg synest framleis det var rett å leggje stor vekt på leddstilling alt i andre leksjonen. Etter mi røynsle er leddstillinga ein av hovudvanskane for ein utlending som skal lære norsk. Eit anna problem var at amerikanske studentar er lite kjende med vanleg grammatisk terminologi. På mange måtar ville det derfor ha vore langt lettare å skrive ein enkel grammatikk ved sida av, og det har eg også gjort, men amerikanske studentar vil gjerne ha alt i ei bok. Progresjonen når det gjeld grammatiske strukturar i tekstane, baud på mindre problem. Talet på grammatiske oppgåver med svar er for lite, fordi det var planen å lage eit eige oppgåvehefte. Når det gjeld merknadene til uttalen, føreset dei ein lærar som er fortruleg med nynorsk. Ei stund var det på tale å få lese inn uttalen på kassettband, men økonomien tillet ikkje det. Elles er det same problemet her som ved grammatikken. Ein vanleg amerikansk student er lite kjend med fonologi og fonemisk eller fonetisk skrift.

Hovudinntrykket eg sit att med etter å ha arbeidd om lag to år med manuskriptet er at det er meir eller mindre uråd å skrive ei lærebok i nynorsk som alle er nøgde med. Det er så mange kryssande interesser å ta omsyn til – språkmetodiske, språkpolitiske og språkvitskaplege. Dei gruppene som representerer desse omsyna, synest dessutan å ha uvanleg sterke meiningar.

(Språknytt 2/1984)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.10.2004 | Oppdatert:17.12.2015