Nynorsk skriftspråk og talemålet – ei sak – to syn

Som kjent finst det mange ulike språksyn i landet vårt. Ved sida av dei offisielt oppdregne skilja nynorsk/bokmål er det innafor desse igjen mange meiningar om korleis norsk språk bør vera og kva som tener språket vårt best.

Språknytt har spurt amanuensis Helge Omdal ved Universitetet i Bergen om å skriva ein kort artikkel til bladet der han gjer greie for sitt syn på nynorsk skriftspråk. Samstundes har vi bede ordboksredaktør Magne Rommetveit (som er medlem av fagnemnda i Språkrådet) å kommentera dei synspunkta Omdal legg fram.

*

1973 var på mange måtar eit interessant «måldebatt»-år, bl.a. med kampen om talemålsnormering, der motstandarane var i fleirtal, og med eit ordskifte om nynorskens forhold til dialektane. Ein slik debatt er ikkje noe nytt her i landet, og som så ofte før hevdar noen at nynorsken må endras slik at den blir meir i samsvar med talemåla – særlig austlandsmål og bymål – mens andre påstår at nynorsken er i samsvar med talemåla og er «den beste samnemnaren for dialektane i landet vårt», eller «det skriftspråket som ligg nærast dialekten». Vidast er denne definisjonen: «Nynorsken femner om skriftmålet og alle målføra i bygder og byar over heile landet.» Når ein del nynorskfolk oppfattar nynorsk skriftmål på denne måten, må det vere av særlig interesse for dei som skal utforme nynorsken i tida framover, å få undersøkt skriftspråkets forhold til talemålet. Derved kan talemålet i dag og slik utviklingstendensane ser ut til å gå, danne eit korrektiv til skriftspråket. Vi vil her nemne trekk som kan tenkas å stå i vegen for nynorskens samsvar med dei norske dialektane. Med norske dialektar eller norske talemål forstår vi da «alle målføra i bygder og byar over heile landet».

Nynorsk har i enda mindre grad enn bokmål ei autorisert uttalenorm, men ein del «autoritetar» har av og til komme med tilrådingar om god nynorsk uttale. I ein del tilfelle viser ortografien kva slags uttale den avspeglar, bl.a. ggj i bryggje og kj i tenkje; meir uklart er det i ord som taket, bakken, veggen – der skrivemåten vel gir rom for alternativ uttale. I dei første eksempla må ein likevel tru at skrivemåten avspeglar ein «mjuk» uttale, som får stadig svakare støtte i norsk talemål.

Mens bokmålsuttalen bygger på 9-vokalsystemet (pluss diftongar), er talet på vokalfonem i nynorsk «normalmål» 14 (pluss diftongar) ifølge Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk, s. 34. Da reknar ein med «åpne» vokalar, t.eks. åpen i (ein mellomting mellom i og e), åpen y (ein mellomting mellom y og ø) osv. Dette må vere ei uttalenorm som både er pedagogisk uheldig og urealistisk, fordi det nærmast er uråd å lære folk til å bruke eit meir komplisert vokalsystem enn dei har, og fordi svært få nordmenn har eit slikt vokalsystem i talemålet. Etter mitt syn kan det ikkje vere tvil om at det er mest fornuftig å sette det enkle som norm – det har størst mulighet for å samle.

Diftongane er eit problem for mange, t.eks. i uttalen av ord som greitt, nøydde, greidde. Kva som er best av lang diftong (som nøyde, greide, og kort vokal (som nødde, gredde – som faller sammen med kort e-lyd og ø-lyd), er uvisst, men i alle fall minkar det stort på dialektar med kortdiftongar.

Disse problema trenger likevel ikkje bety så mye – bortsett frå skrivemåten med j i tilfelle som leggje, tenkje – dersom «autoritetane» blir samde om å gå inn for det enkle og samlande framfor det kompliserte.

I bøyingsmønsteret har nynorsk mange muligheter og stor valfridom, t.eks. i infinitiv, der ein kan skrive vera og kasta, vere og kaste, eller vera og kaste. Likevel skal vi nemne eit par punkt der mulighetene er små for dei som ønsker å rette seg etter talemålet sitt.

I inkjekjønnsord tillater ikkje nynorsk fleirtalsending i ubestemt form (fleire møte, kontor, parti osv.), men i mange dialektar blir det stadig meir vanlig at også nøytrumsorda får ending i ubestemt form i fleirtal; mange kjenner det som ein mangel at nynorsk ikkje har fleirtalsmarkering her, og ein ser rett som det er slike «feil» i aviser o.l. Det er derfor ønskelig at dei som arbeider med den deskriptive og normative grammatikken – og ikkje minst dei som setter opp ordlistene – vil legge vekt på det som trenger inn i skriftmålet frå talemålet, trass i at det altså er «feil» ifølge tidligare grammatikkar og ordlister. Ein må bryte ut av den vonde sirkelen der ein ikkje tar med i beskrivelsen det som ikkje er «rett» etter gjeldande grammatikkar og ordlister.

Også når det gjelder omlyd i presens av sterke verb, er nynorsk negativ overfor nye trekk i norsk talemål. Ein kan skrive søv eller søver, kjem eller kjemer, men ikkje sover eller kommer. Det virkar paradoksalt at typen søver og kjemer har fått plass i skriftmålet med det beskjedne grunnlaget den har i talemålet, mens sover, kommer ikkje er mulig. Det er heller ikkje her tvil om i kva slags retning utviklingstendensane går i talemålet.

Det kan naturligvis drøftas kor viktig det er med samsvar mellom talemål og skriftmål på disse punkta. Faktum er likevel – og det kan det vere viktig å ha klart for seg – at om det er mangel på samsvar mellom talemålet og nynorsk her, er det samsvar mellom talemålet og bokmål, slik at det er bokmål som her «ivaretar» talemålsinteressene.

Men misforholdet mellom norsk talemål og nynorsk skriftmål er virkelig alvorlig i ordtilfanget, der nynorsk alltid har vore og er puristisk. Eit stort antal ord som brukes av folk over heile landet, kan ikkje brukas i nynorsk. Det er vanskelig å forstå at t.eks. eit ord som forbausa ikkje er tillatt. Det fins vidare knapt noe grunnlag i norsk talemål for å holde ute ord som nyhet, leilighet, forlovede, mulighet, beruse, fordøye(lse), begynnar, benådning, beskrivelse, bestøving, besvime, bevis(e), spise, skuffelse, sikkerhetsnål, Syden, begravelse osv.

I Gundersen og Wangensteens fornorskingsordbok finner ein at ein istadenfor bestanddel bør bruke komponent, istadenfor besluttsom bl.a. resolutt, istadenfor henholdsvis bl.a. respektive. Framandorda komponent, resolutt, respektive har ganske sikkert ikkje sterkare støtte i norsk talemål enn dei andre orda som er nemnte ovanfor. «Den vanlige nordmann» forstår ikkje at det er så lite nasjonalt å bruke ord som lenge har vore i bruk i norsk, men opphavlig er lånte frå språkområde som ligger mellom oss og Alpane, når ein samtidig kan bruke lånord uten tradisjon i talemålet dersom dei er lånte frå språk som har vore talte sør for Alpane. Det kan heller ikkje skade nynorsk å ha ein del synonyme ord, slik at ein kan variere målbruken.

Vi har etter kvart fått ganske mange ord i talemålet som ikkje kan brukas i nynorsk, og mange som skal skrive nynorsk, spør seg kva for ord dei kan bruke istaden. Når dei finner det ut, er det kanskje ord dei ikkje bruker i talemålet, og når dette stadig gjentar seg, vil dei komme til å assosiere nynorsk med eit forbudsspråk, ikkje med språklig frigjøring. Mange maktar ikkje å skrive «korrekt» nynorsk, det blir vanskelig og til dels så fjernt frå talemålet at dei lar den reine nynorsken bli ei sak for «målintelligentsiaen», mens dei sjøl går over til bokmål.

Vi har nemnt ein del punkt som kan vere viktige for språkbrukarane når det gjelder samsvar mellom talemålet og nynorsk skriftmål, og endringane i talemålet har her stort sett vore slik at samsvaret med nynorsk skriftmål er blitt mindre, mens samsvaret med bokmålet er blitt større. Grunnane til dette kan vere reint språklige, som t.eks. analogi ved manglande omlyd i presens av sterke verb og ending i ubestemt fleirtal av inkjekjønnsord.

Når to som er ute og går, kommer i utakt, fører det ikkje fram å spørre etter kven som går i utakt.

Det viktigaste er – dersom dei ønsker å gå i takt – at den eine rettar seg etter den andre. Skal ein kunne hevde at nynorsk er den beste samnemnar for dialektane i landet vårt, må ein vere villig til stadig å undersøke om den «går i takt» med norsk talemål, ettersom talemålet bør vere overordna skriftmålet. I tilfelle utakt bør ein komme i takt så snart råd er dvs. la nynorsk skriftmål rette seg etter norsk talemål. Hevdar noen derimot at nynorsk skriftmål skal vere som det er, og at det er norsk talemål som må bli «betre» og «reinare», må det brukas andre argument frå nynorskhold enn dei som er nemnte i begynnelsen av denne artikkelen. Men da må ein også vere budd på at før eller seinare kan den oppdagelsen komme at ein sjøl står stille mens den andre har forlatt ein.

Helge Omdal

* * *


I eit lite blad som Språknytt er det ikkje rom til ei grundig drøfting av dei spørsmåla Helge Omdal reiser. Med atterhald om dette vil eg likevel ta opp og gå imot fleire av påstandane hans.

Omdal meiner at nynorsken bør kaste j-en i ordtypane bryggje, leggje, tenkje – av di «ein slik uttale stadig får svakare støtte i norsk talemål». Eg trur at Omdal her i stor mon byggjer på visse bymål, eventuelt på tettstadmål og på søraustlandsk mål. I dialektar på stader som har nynorsk skriftmål, er vel den palatale uttalen i dei nemnde ordtypane heilt vanleg. Han er også mykje utbreidd i strok der bokmål er opplæringsmål (jamvel i apokoperte ord i nordnorsk og trøndsk). Eg synest ikkje at vi i nynorsk skal motarbeide denne mjuke uttalen, noko som lett vil skje dersom vi fjernar j-en – av di skriftbiletet gjerne påverkar uttalen. I nynorsk skriftmål bør vi ha prinsippet om dialektvern i tankane. Det bør elles leggjast til at vi har sideformer utan -j- i storparten av desse orda.

Om det nynorske lydsystemet skriv Omdal at talet på vokalfonem skal vere 14 og viser til Beito: Nynorsk grammatikk, s. 34. Beito skriv her at ein kan skilje ut så mange fonem i nynorsk normalmål med kommutasjonsprøva, men på same sida nemner han «den ulike distribusjonen desse vokalane har i talemålet». Og på side 59 drøfter han opning og lågning av vokalane nærare og seier at vi nok må «rekne med ein tendens til forenkling av vokalsystemet …». I skriftet «Nynorsk talemål i samhøve med skriftmålet og målføra» (s. 32) skriv professor Olav Midttun at vi må rekne med 9 vokalar i norsk, men legg til: «Når vi seier at vi i norsk har 9 vokalar, så er det ikkje rett anna enn for dei 9 skriftteikna. Teoretisk har vi endelaust mange.» Eg trur korkje Beito eller Midttun kan tolkast slik at dei vil ha gjennomført ein allment bindande talenormal med fleire enn 9 vokalar i nynorsk. Mønsteret i dialekten til den som talar, må her vere avgjerande.

Om dei diftongane som Omdal nemner, skriv Midttun på s. 35 i det nemnde skriftet: «Dei er helst lange, men kan og vere stutte, særleg i bøyingsformer som t.d. breitt, feitt, heitt, greidde, leidde, øydt, døytt, støytt, audt, daudt, blautt.» Midttun skriv her om det som vanleg har vore praktisert, men gir ikkje noko bindande pålegg om uttalen. Etter dette må ein kunne seie at Omdal har kritisert uttalenormer som ikkje finst.

I formverket vil Omdal ha ei tilnærming til bokmålet i ubunde fleirtal av inkjekjønnsord (møter, kontorer, partier). Han grunngir det med at «i mange dialektar blir det stadig meir vanlig at også nøytrumsorda får ending i ubestemt form i fleirtal; mange kjenner det som ein mangel at nynorsk ikkje har fleirtalsmarkering her». Heller ikkje her trur eg at nynorsken skal gi etter for bokmålspress (i moderne språkbruk: «la seg undertrykkje»), rett og slett av di vi nett her har eit system som er enklare og greiare å lære (t.d. for utlendingar) enn det meir innfløkte systemet i bokmålet. Vi merkar det alt i dag at kortformer vinn fram. På lengre sikt trur eg at denne tendensen vil bli styrkt.

Av prinsipielle grunnar er eg usamd med Omdal i at vi skal gå over frå klammerformene [kjemer], [søver] til [kommer], [sover]. Det er kortformene (men ofte med svarabhaktivokal) som blir brukte i storparten av dialektane i dag, og det kan ikkje vere grunn til å plante inn bokmålsbøyingar i nynorsk skriftmål – av di dei her og der har fått fotfeste på stader med blandingsmål. Prinsippet om dialektvern må også gjelde her.

Så litt om «purisme», som eg set inn i ein vidare samanheng, og som eg meiner har to sider.

Heimleg purisme

Vi må – som dialektbrukarar setje oss på skulebenken og lære skriftmålet. Vi må eigne til oss stoff som det ikkje er opplevingsgrunnlag for i det nærmiljøet vi kom frå. Det som skjer i læringsprosessen, er i stor mon ei utskifting av mindre gjennomtenkt mål med meir gjennomtenkt mål, og ei utviding av ordtilfanget. Vi får ei «reinsing» av det naturlege talemålet når vi skal målbere oss skriftleg. I eit spesialisert samfunn kan ikkje kvar mann skrive eit «grasrotskriftmål» (ein konsekvent gjennomført skrivedialekt). I sjølve læringsprosessen har vi såleis ei «forbodsline», ei form for purisme. Vi må lære fag, og vi må ha eit dyrka skriftmål dersom vi vil halde samfunnsmaskineriet i gang og produsere dei goda velferdssamfunnet gir oss – og som mange av oss er med og demonstrerer for når det ber til stykke. I alle kulturmål har vi ei eller anna form for heimleg purisme.

Godtek vi dette synet, må vi også godta at det skal vere ein viss skilnad på naturleg talemål og skriftmål. Eg meiner på den andre sida at dialektane bør haldast så rike og reine som råd er, m.a. av di dei skal gi næring til og fornye skriftmålet. Skriftmålet bør – frå nynorsk synsstad – byggje på dialektane, dvs. det bør følgje dei store linene i talemålsstrukturen (vere «samnemnar») og etter kvart nytte ut den språklege rikdomen vi har i dialektane.

Purime med brodd mot framandelement

Eg har kalla heimleg måldyrking for purisme. Men det er meir vanleg å bruke «purisme» om det å halde eit mål reint for framandelement. Også denne purismen har vi i meir eller mindre sterk grad i alle kulturmål. I dei nordiske måla gjer han seg gjeldande med ulik styrke. Islandsk, færøysk og finsk er mest puristiske, deretter kjem nynorsk, så svensk og dansk, medan bokmålet er minst motstandsdyktig. Når det gjeld den siste påstanden, vil eg vise til ei engelsk avhandling som Alf Hellevik har omtala i «Nordiske språkspørsmål 1961/62», og som heiter «Contemporary linguistic borrowings by Norwegian from American and English». Forfattaren, Mr. Standwell, frå University of Durham, skriv der:

«There can be no doubt that the Norwegians have borrowed far more words either necessarily or unnecessarily than the other Scandinavian tongues.»

Standwell tenkjer nok her først og fremst på bokmålet.

Den purismen eg her siktar til, har brodd mot engelsk-amerikansk påverknad og gjeld både ord som ikkje høver med lydrett norsk rettskriving (typen «flight recorder») og ord som gjer det (typen «evaluering») .

Målstrevet som i si tid skapte landsmålet, var i seg sjølv eit vernetiltak mot framandelement, i dette tilfelle mot eit heilt mål som hadde si viktigaste forankring utanfor landegrensene. Også i «det almindelige Bogsprog» (seinare «riksmålet», i dag «bokmålet») har det gjort seg gjeldande eit puristisk målstrev, frå Wergeland over Knud Knudsen og fram til i dag. Resultatet av ein slik purisme i vid meining kan vi m.a. registrere i ei rekkje rettskrivingsendringar.

Ein kan så spørje om vi no skal seie oss ferdige med den purismen som vender seg mot målmerke som opphavleg var dansk-tyske. Med tanke på framtidsnorsken må svaret frå nynorsk synsstad vere eit avgjort nei. Heller ikkje bokmålet er ferdig med den purismen.

Magne Rommetveit

(Språknytt 3/1974)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2004 | Oppdatert:03.07.2015