Radioprogram på eit utdøytt språk

Ein skulle ikkje tru det var mogleg, men det er det. Og det er finnane som gjer det: sender eit fast radioprogram på latin, eit språk som døydde ut i levande tale kring år 600 etter Kristus.

AV SVEIN NESTOR

Programmet heiter Nuntii Latini, som tyder «latinske bodberarar» eller «latinske nyhende». Den finske radioen har hatt slike sendingar sidan 1. september 1989.

Redaktørane for sendingane er universitetslærarar i latin, og det er også røystene deira ein kan høyra i eteren. Programma, som går ut på kortbølgje til heile verda, har vorte godt mottekne av lydarane. Sidan byrjinga av 1990 har det finske tekstfjernsynet også innslag på latin, slik at dei som likar latin, kan lesa teksten i ro og mak heime hjå seg sjølve. Sendingane er òg gjevne ut som bok.

Etter det som vert opplyst, er det i Finland i dag fleire titusen som skjønar Nuntii Latini temmeleg godt, og det vert òg fortalt at folk som ikkje er så vel inne i latinen, gjerne høyrer på sendingane. For mange har desse sendingane vare ein spore til å byrja å studera latin.

Finlands radio reknar med at det i dag berre i Europa er rundt femten millionar menneske som har studert latin. Det er eit heller stort tal når vi tenkjer på at det berre er om lag fem millionar menneske som kan forstå sendingane på finsk.

Etter at Nuntii Latini kom på lufta, har mange lydarar skrive inn og kome med lovord om dette finske tiltaket. Til no har Finlands radio fått brev frå lydarar i 37 land, dei fleste naturleg nok i Europa. Mellom breva er det eit frå Vatikanet med ein bodskap frå pave Johannes Paul 2., som takkar for dei latinske nyhendesendingane. Talet på brev, dei aller fleste skrivne på latin, aukar frå veke til veke.

Eit så spesielt tiltak har naturleg nok vekt åtgaum i utlandet, og ei rekkje av dei største fjernsyns- og radioselskapa i verda har hatt reportasjar om Nuntii Latini. Artiklar i aviser og tidsskrift i mange land har det òg vore rikeleg av. Nuntii Latini er eit oversynsprogram som går kvar veke og tek opp det viktigaste av det nye som har hendt. Ettersom kvar sending er på fem minutt, vert det plass til å ta opp fem eller seks emne nokså stutt. Det kan vera finske eller mellomfolkelege politiske saker, kultur, vitskap, økologi eller menneskerettar, nokre gonger idrettshendingar og vêret.

Ein skulle tru at det ville vera vanskeleg å finna fram til latinske nemningar for mange moderne ovringar og omgrep, men dei som står attom Nuntii Latini, hevdar at dei til denne tid ikkje har støytt på problem som ikkje kunne løysast. Det kjem mellom anna av at dei har gode ordbøker å stø seg til. Dessutan er det òg i vår tid slik at mange tekniske og politiske omgrep får nemningar som er laga av latinske eller greske ordelement, eller ei blanding av båe delar. Det gjer det lettare for medarbeidarane i Radiophonia Finnica Generalis, eller Finlands Rundradio, som det heiter på svensk, når dei skal ha sendingar på latin.

Ingen kan læra eit framandt mål skikkeleg utan å nytta det på tre måtar: lesa det, skriva det, og – aller viktigast – tala det. Dei som arbeider med Nuntii Latini, vonar at dei kan fremja levande bruk av latinen ved å visa at alt kan seiast på latin også i dag.

(Språknytt 3/1994)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2004 | Oppdatert:18.12.2015