Bostkast

Språknytt nr. 2–1994 står det ei lita ramme om ordet bostkast 'lite veggskap med cirkelrund åpning til å legge børsten inn i' (Norsk riksmålsordbok). Språknytt meiner at sisteleddet kast truleg tyder 'et sted hvor en kaster noe' (nemleg bostar, som er eit dialektord og eit tradisjonelt nynorskord for børstar eller kostar).

AV LARS S. VIKØR

Ei alternativ forklaring kunne vere at det er det nederlandske ordet kast 'skap'. For å kunne seie noko meir sikkert om det, må ein prøve å finne ut om ordet kast i denne tydinga elles finst belagt i norsk, sidan det ikkje kan vere tvil om at sjølve samansetninga bostkast må vere danna i ein norsk dialekt. Den næraste plassen å gå når ein skal finne ut slike ting, er setelkartoteket til Norsk Ordbok på Universitetet i Oslo.

Ordet bostkast er eller har vore i bruk i Gudbrandsdalen og i Folldalen – frå Gudbrandsdalen er og synonymet handklekast, som Språknytt nemner, oppgitt. Gunnar Jenshus definerer det slik i boka Fronsmålet: 'hylle på veggen med rom for boste'. Det er altså ikkje nødvendigvis eit skap. Og kast i tydinga 'hylle' finn vi fleire belegg på i Norsk Ordboks materiale. Da dreiar det seg om ei peishylle, som og vart brukt til å leggje eller "kaste" ting på. Denne tydinga har vi frå den vestlege delen av Sør-Trøndelag (Orkladalen, Hemne). Ei tredje nærskyld tyding av kast er eit skrin utan lokk som heng på veggen, og som folk kan slengje sysaker og andre småting oppi. Den har vi belagt frå Sunnmøre.

Vi har og ei samansetning skåpkast eller skapkast 'open del av skåp utan dører' (Ingeborg Donali: Oppdaling. Ord og uttrykk). Den finn vi ved sida av Oppdal også på Nordmøre (Surnadal).

Samnemnaren for desse tydingane av kast ser ut til å vere: '(del av) veggfast møblement der ein kan slengje frå seg småting utan å måtte opne dører e.l.' Samansetninga skapkast kunne ein da analysere som 'kastet i eit skap'. Som ein ser, er det innanfor eit nokså avgrensa geografisk område vi finn kast i denne tydinga, og det er ikkje det området som har vore snarast til å ta inn lånord frå nederlandsk. Slike ord har brukt å komme først til Bergen før dei eventuelt spreidde seg vidare, men i dei bergensordlistene eg har sett i, finst ikkje dette elementet kast i det heile.

Den etymologien Språknytt gir, får støtte også på ein annan måte: kast i tydinga 'stad der ein kastar noko' finst også i andre, utandørs, samanhengar. Bratte berg, lier eller fjellsider kan såleis kallast kast av di dei brukte å "kaste" ned tømmerstokkar og anna trelast der (belagt frå Oslofjordsområdet og Ringerike, men og frå Kyrkjebø i Sogn). Frå Andebu i Vestfold er det notert at kast er ein 'bratt avsats i berglendt terreng', noko som kan føre tanken i retning av ei (peis)hylle (bortsett frå at dei sjølvsagt kasta tømmeret utfor og ikkje på hylla).

I alle dei tydingane vi har drøfta her, er kast inkjekjønn. Det peikar og i retning av eit samband med andre og meir utbreidde tydingar, alle i siste instans avleidde av verbet å kaste. Såleis kan vi seie at Språknytt si forklaring på etterleddet -kast i bostkast, som i utgangspunktet verka noko søkt, likevel blir ståande som den mest rimelege.

 

-- Lars S. Vikør er professor ved Avdeling for leksikografi ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.12.2003 | Oppdatert:01.07.2015