Til Island med ord

AV LARS S. VIKØR

Veka etter pinse var årets høgdepunkt for mange nordiske ord-menneske, leksikografar og terminologar. Annakvart år samlast desse profesjonsgruppene til kvar sin nordiske konferanse, og dette skjedde i år på Island: Leksikografane utfalda seg i Reykjavík 7.–10.6. og terminologane på Hvalfjarðarströnd ein dryg times kjøring nord for byen 10.–11.6. Begge arrangementa vart svært vellykka fagleg og sosialt – men samordninga mellom dei svikta: Som datoane viser, overlappa dei kvarandre, i staden for å bli lagde i forlenginga av kvarandre, som var eller burde ha vore meininga.

Leksikografikonferansen

Den tredje konferansen om leksikografi i Norden samla ca. 140 deltakarar. Tilskipar var det leksikografiske instituttet ved Islands universitet (Orðabók Háskólans), og konferansen vart halden på universitetet. Som tema for konferansen var «Frå materiale til makrostruktur» oppgitt på førehand, dvs. at utval og utforming av oppslagsord skulle vere sentrale emne. Om lag fjerdeparten av foredraga tok opp dette, elles sprikte emna slik dei bruker å gjere ved slike konferansar. Foredraga kjem i ein rapport til hausten eller vinteren, om alt går som det skal, og derfor er det liten grunn til å gå inn på enkeltbidrag her. Men ein kan sjå kva arrangørane har vurdert som særleg sentralt og viktig ved å sjå på kva som er sett opp som plenumsforedrag – først på kvar dag så deltakarane skulle vere mest mogleg morgonfriske og oppmerksame.

Det var tre slike: Henning Bergenholtz (Handelshøjskolen i Århus) innleidde heile konferansen med eit foredrag om sjølve disiplinen leksikografi: «Hvad er det?» Han argumenterte sterkt for at leksikografi ikkje er nokon språkleg disiplin i det heile. Med det angreip han det vanlege skiljet mellom språkleksikografi, som vil seie å beskrive språket eller delar av det gjennom ordbøker, og sakleksikografi, som er å beskrive verda eller delar av ho gjennom leksikon. Desse synspunkta fortener diskusjon når argumenta til Bergenholtz blir tilgjengelege i den kommande rapporten.

Det andre plenumsforedraget var av Eiríkur Rögnvaldsson, Háskóli Íslands; han gjorde greie for utviklinga av ein konkordans basert på alle islandske sagatekster, som vil skape heilt nye moglegheiter for forskinga i det gammalislandske litteraturspråket. Siste dagen var det nordmannen Pål Steigan, Cappelen forlag, som presenterte det framveksande feltet multimedieleksikografi med levande demonstrasjonar på dei nye utfordringane det reiser for leksikografisk praksis og teori. Ein kunne sjå foredraget hans som ein praktisk illustrasjon av Bergenholtz sine teoretiske utleggingar.

Det norske innslaget på konferansen var elles markert, med ti av litt over førti foredrag – dei fleste av folk tilknytte Universitetet i Oslo.

Nordterm 95

Nordterm er alltid ei meir «utvald» forsamling enn leksikografikonferansen – litt over femti deltakarar var det i år (det var i flystreiksesongen, slik at talet vart noko redusert i forhold til påmeldingane). Tilskipar var Íslensk málnefnd, og konferansen vart halden på eit nesten nyopna Nordisk kurssenter på Hvalfjarðarströnd. Det var tre hovudsesjonar: Den første besto av praktisk retta presentasjonar av terminologiarbeidet i ymse institusjonar med særleg vekt på kvalitetssikring – her var det berre finske og svenske foredragshaldarar. Den andre handla om terminologisk språkplanlegging, og her var det norske innslaget sterkt: Kjersti Rongen Breivega frå Norsk termbank i Bergen og Örn Árnason frå Leganes terminologiutval på Island presenterte dei norske og islandske versjonane av WHOs tiande revisjon av Den internasjonale sjukdomsklassifikasjonen, Johan Myking (leiar av Norsk termbank) la fram det tverrfaglege prosjektet «Nordsjøen som språkleg-kulturelt laboratorium», representantar frå alle landa presenterte EU-relaterte terminologiprosjekt (frå Noreg Cecilie Ovrum, UDs omsetjingskontor), og Håvard Hjulstad frå RTT la fram eit framlegg om prosjektet Samnordisk termbank saman med Kjell Westerberg frå TNC (Sverige). Den tredje og siste sesjonen var forskingsretta – her var alle foredraga unntatt eitt danske. Dette fortel kanskje litt om korleis terminologimiljøa i dei ulike nordiske landa orienterer seg fagleg – og gir dermed kanskje og eit inntrykk både av problema for og styrken ved eit nordisk samarbeid på dette feltet.

 

-- Lars S. Vikør er professor ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.08.2004 | Oppdatert:01.07.2015