Nordterm 97

AV JOHAN MYKING

Nordterm er namnet på det nordiske samarbeidsorganet for terminologiarbeid. Dei nordiske terminologiorgana er partnarar, og i nettverket er det representantar både frå privat næringsliv, offentlege instansar og frå ymse forskingsmiljø i Norden. Annakvart år arrangerer Nordterm eit kombinert arbeidsmøte og seminar, og dette går på omgang mellom dei nordiske landa.

Symposiet i år vart arrangert i Kautokeino 24.-28. juni av Rådet for teknisk terminologi og Nordisk samisk institutt. Eitt av måla med å leggja symposiet til Kautokeino var å dra det samiske språkarbeidet tettare med i nettverket. Det deltok rundt 80 personar, hovudsakleg frå Noreg, Sverige og Finland. Dei fleste deltok òg på eit eindags intensivkurs i terminologisk teori og metode den første dagen av symposiet.

Det var mange norske innlegg på symposiet. Mary Miller fortalde om terminologisk sprik og standardisering innanfor Norsk Hydro, og Håvard Hjulstad om internasjonal standardisering av spesialteikn innanfor det latinske alfabetet. Utvikling av norske terminologiske databasar var emne for to innlegg: Bjørn Buan presenterte planane for ein nasjonal database for medisinsk terminologi, og Paul Meurer og Øivin Andersen frå Universitetet i Bergen la fram det nye prosjektet «Norsk terminologisk database». Dette er eit prosjekt som tek sikte på å utvikla nye elektroniske formidlingsformer for terminologisk informasjon, og er ein del av det nye forskingsprogrammet Humanistisk informasjonsteknologi.

I innlegg frå andre nordiske land vart det mellom anna fortalt om utvikling av svensk dataterminologi, om ideologiar bak islandsk terminologiarbeid, om haldningar og språkpolitikk i dansk medisinarmiljø og om skilnaden mellom slang og terminologi i eit tospråkleg finsk-svensk miljø.

Dei innlegga som likevel truleg vekte den største interessa, handla naturleg nok om samisk språk- og terminologiarbeid. Ole Henrik Magga presenterte hovudliner i dette arbeidet. Eit punkt som kanskje har spesiell interesse for nordmenn, galdt standardisering av rettskrivingsvariantar. Magga la sterk vekt på at det er viktig for små språk å streva etter å få ei så einsarta og konsekvent rettskriving som mogeleg, dersom dei skal klara konkurransen frå dei dominerande fleirtalsspråka. Nils Øivind Helander fortalde om samisk terminologiarbeid. Dette arbeidet er i si emning, men det allmennspråklege arbeidet har hatt prioritet. Ein samisk ordbank er snart ferdig utvikla og klar til bruk.

Nordterm er eit viktig nordisk kontaktorgan mot internasjonalt prosjektarbeid innanfor terminologi og språkleg informasjonsteknologi. Prosjektet Nordisk termbank, som vart presentert på symposiet, viser at dei nordiske språka kan vera med og tevla om midlar frå EU-baserte forskingsprogram som tek sikte på å styrkja dei små språka i Europa. Det vart nemnt at dei såkalla «EFTA-språka», dvs. norsk og islandsk, nett no kan dra spesiell nytte av denne språkpolitikken.

Nordterm er likevel først og fremst eit verdfullt formidlingsorgan mellom språkfaglege miljø og brukarmiljø i Norden. Kanskje er Nordterm-symposiet den nordiske språkkonferansen som har sterkast kontakt med brukarar av terminologiske og leksikografiske produkt. Men dei siste symposia har vist ein uheldig tendens til isolasjon mellom terminologimiljøet og andre fagmiljø. Kontakten med det leksikografiske miljøet og med nordiske datalingvistiske miljø er nett no liten. Dei fleste av dei nasjonale språknemndene i Norden prioriterer heller ikkje deltaking i terminologiske forum særleg høgt. Det nyskipa Nordisk språkråd var likevel representert, og vi fekk ein nyttig presentasjon av det. Verken språkrøktarbeid eller andre fagområde innanfor anvendt språk er tente med at terminologimiljøet vert snevra inn til spesielt interesserte, og det bør arbeidast på fleire plan for å motverka denne tendensen – internt i Nordterm-miljøet òg.

Å kunna delta på eit fagleg arrangement med den praktfulle Finnmarksnaturen som ramme, var for mange deltakarar sikkert ei oppleving for livet. Dei lokale arrangørane hadde òg laga eit framifrå kulturelt opplegg rundt symposiet, så dagane i Kautokeino gav utbyte på mange plan.

 

-- Johan Myking er førsteamanuensis ved Nordisk institutt og knytt til forskingsprogrammet Humanistisk informasjonsteknologi ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2003 | Oppdatert:26.06.2015