Grammatikkbiten – nyttige småord

Grammatikkbiten er ei fast spalte om grammatiske em- ne, skriven av Jan Terje Faarlund. Spalta er ikkje meint å skulla for- telja kva som er «rett» og «gali» i grammatikken. Meininga er fyrst og fremst å gje eit innblikk i grammatikk- vitskapleg tankegang og metode.

Nyttige småord

I vinter køyrde Tine Meieri ein reklame på mjølkekartongane med denne ordlyden: Det er derfor ingen drikk kan erstatte melk. Somme vil kanskje ved fyrste blikk synast at det er noko som manglar her. Burde det ikkje vera Det er derfor ingen drikk som kan erstatte melk? Siste delen, som kan erstatte melk, er ei relativsetning, og når det er subjektet som er utelate i relativsetningar, må som vera med, jf. Der er den dama som vann i Lotto, eller Det finnes derfor ingen drikk som kan erstatte melk. Dette blir jo heilt gale om vi sløyfar som. Slike setningar, med Det er/finst ein X som ... kan vi kalla presenteringssetningar. Dei inneheld ei relativsetning som må innleiast med som. Likevel vil mange meina at setninga på mjølkekartongen er heilt akseptabel utan som, og det må jo også dei ha meint som har laga teksten. Grunnen til det er at setninga kan lesast som ein heilt annan type setning. Det ser vi dersom vi set inn eit anna småord: Det er derfor at ingen drikk kan erstatte melk. No har vi ei utbrytingssetning, dvs. ei setning der eit ledd er «brote ut» og resten er føydd til som ei leddsetning. Grunnsetninga er da Ingen drikk kan derfor erstatte melk, og så har ein brote ut ordet derfor. Ettersom det utbrotne leddet her er eit adverbial, kan ein føya til resten av setninga med at, jf. Det var i går at spetakkelet begynte (av I går begynte spetakkelet). Utbrytingssetningar av denne typen har forma Det er ADVERBIAL (at) ... I utbrytingssetningar kan verbet berre vera vera (eventuelt bli/verta). Kombinasjonen av finst og at går derfor ikkje: *Det finnes derfor at ingen drikk kan erstatte melk.

Alt etter om vi set inn at eller som på to ulike plassar, får vi altså to ulike setningskonstruksjonar. I utbrytingssetningar er at frivillig, slik at setninga er akseptabel også dersom vi berre «tenkjer oss» eit at inn i setninga. I presenteringssetningar er som derimot obligatorisk, ettersom det er subjektet som er utelate i relativsetninga, og det er det som gjer at somme av oss vil stussa når vi kjem til den plassen der som skulle ha vori. Dette viser at vi analyserer setningar automatisk mens vi les eller høyrer dei. Denne analysen kan ta feil veg, og da må vi gå tilbake og analysera på nytt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:25.06.2015