Grammatikkbiten – meir om eit lite ord

I eit avisinnlegg kommenterer ein innsendar, som heiter Tore, denne konstruksjonen: «... som han nå konstaterer at er utilstrekkelig». Tore spør så: «Hva i all verden skal konjunksjonen at ha der å gjøre? Dårlig norsk etter min oppfatning.» Mange vil vera samde med Tore i at setninga hadde vore betre utan at. Men det finst ingen normativ regel eller vedtak om at det ikkje skal vera at i slike setningar. Det er derfor interessant at Tore reagerer som han gjer. Det vil seia at han har ein intuisjon om at det ikkje går an med at i slike konstruksjonar.

Men i setningar som liknar svært på denne, vil alle utan vidare godta at, som f.eks. i «en bevilgning som han nå konstaterer at vi trenger». I begge desse to eksempla står det ei at-setning inne i ei relativsetning. Relativsetningar manglar alltid eit ledd, dei har ein tom plass, som svarar til eit ledd utafor setninga. I den bilen som ho kjøpte manglar det eit ledd (objektet) bak kjøpte, og her tolkar vi inn det leddet som står føre relativsetninga, den bilen.

I dei aktuelle eksempla våre her høyrer det manglande leddet til inne i at-setninga: at [bevilgningen] er utilstrekkelig – Han konstaterer at vi trenger [bevilgningen]. I det fyrste tilfellet er det subjektet som manglar i at-setninga, i det andre tilfellet er det objektet. Det Tore reagerer på, er at subjunksjonen at blir ståande igjen når subjektet manglar, med andre ord at vi har ein tom plass like etter at. Tore er her i godt selskap. Den amerikanske språkforskaren Noam Chomsky, som dei fleste vil rekna som vår tids viktigaste språkteoretikar, sette for nokre år sidan fram ein teori om at ingen av dei språka som har subjekt i alle normale setningar, kunne ha ein slik tom plass etter subjunksjonen at. Dette var altså ikkje ein normativ regel om godt og dårleg språk, men ein teori om den grammatiske intuisjonen hos alle menneske. Tores reaksjon underbyggjer dermed Chomskys teori. Problemet er berre at Chomsky tok feil, for det finst språk der det er heilt vanleg å uttrykkja seg slik som i Tores sitat, og det finst norske dialektar eller variantar som heller ikkje har problem med dette. Den journalisten som skreiv setninga som Tore reagerer på, har tydelegvis ein slik dialekt.

Heller ikkje her er det altså tale om god eller dårleg norsk, men om to ulike variantar av norsk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:25.06.2015