Språkteknologi som kulturforsvar

AV KÅRE LILLEHOLT

Sekretariatet i Språkrådet skal styrkjast for «å kunne møte dei utfordringane som informasjonsteknologien representerer for norsk språk». Det fekk regjeringa tilslutnad til i Stortinget da Stortingsmelding nr. 13 (1997-98) vart drøfta våren 1998. I meldinga viste regjeringa til ein handlingsplan frå Kulturdepartementet for IT på kulturområdet 1998-2001, og der er det framlegg om eit sekretariat for språkteknikk som skal leggjast til Språkrådet.

Statsbudsjettet for 1999 vart eit sparebudsjett, og det var ikkje rom for noko sekretariat for språkteknikk. Men det er all grunn til å tru at løyvinga kjem seinare. I mellomtida førebur Språkrådet det vidare arbeidet med desse spørsmåla, mellom anna ved å greie ut kva kompetanse som trengst i eit nytt sekretariat. «Språkteknologi og dei nordiske språka» var hovudtema på det nordiske språkmøtet i september 1998. Språkmøtet er ein møtestad for språknemndene i Norden. Som ventande var, kom det fram at oppgåvene på dette området er mykje dei same for alle dei nordiske landa, og det bør liggje til rette for eit nordisk samarbeid.

Måla

Spør ein kva mål Norsk språkråd bør ha for arbeidet med språkteknologi, finn ein eit svar alt i lova om Norsk språkråd: Språkrådet skal «verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer». Det er det overordna målet for verksemda i rådet.

Samfunnsutviklinga, medrekna utviklinga av teknologien, påverkar språket. Slik må det vere, og det er ikkje noko vi skal verne språket mot. Men det finst påverknader som er mindre ønskjelege enn andre, og da skal Norsk språkråd prøve å kome med mottiltak, nettopp for å verne kulturarven. Språkteknologien – utviklinga av elektroniske verkty for automatisk språkbehandling – ser ut til å ha sider som kan tenkjast å endre situasjonen for norsk språk på ein uheldig måte, men også sider som kan vise seg å styrkje norsk språk. Derfor er det rett og rimeleg at språkteknologien blir eit arbeidsområde for Språkrådet.

Det viktigaste målet Norsk språkråd bør ha for arbeidet med språkteknologien, kan formulerast slik: Norsk skal haldast oppe som fullgodt bruksspråk på alle livsområde. Dette kan presiserast meir:

  • Det skal vere mogleg å bruke norsk i alle samanhengar der mottakarane forstår norsk.
  • Dei som har norsk som sitt næraste språk, skal kunne møte norsk i flest moglege samanhengar, i yrkesliv og i fritid.
  • Språket vi bruker og møter, skal helst vere god og rett norsk.
  • Norsk skal haldast oppe som eit rikt og nyansert språk som er ein tenleg reiskap for flest mogleg av brukarane.
  • Det skal finnast norsk fagterminologi på flest mogleg fagområde.
  • Bokmål og nynorsk skal haldast oppe som likeverdige og jamstilte former for norsk språk.
  • Normeringa av norsk språk skal leggjast til organ som har fått den oppgåva på demokratisk vis.

Det meste av dette er ukontroversielt, men ikkje alt – til dømes ikkje spørsmålet om normering. Men i høve til vårt tema har den usemja mindre vekt.

Mangfaldet i kultur som viser seg i mangfaldet i språk, er ein verdi vi skal ta vare på. Derfor skal vi vere glade for auka kontakt over språkgrensene. Vi skal vere glade for at nordmenn flest i dag møter og bruker engelsk mykje meir enn før. Auka reiseverksemd, meir internasjonalt næringsliv, møte med andre lands kultur og underhaldning gjennom bøker og blad, framfor fjernsynsskjerm og dataskjerm, formidling av kunnskap og meiningar over Internett – alt dette er ein rikdom, ikkje ein fare. Slik sett er ikkje problemet at vi er for dyktige i framande språk, heller tvert om. Når Norsk språkråd ofte åtvarar om at norsk står under press frå engelsk, kjem det ikkje av nokon motvilje mot engelsk. Poenget er berre at bruken av engelsk og andre språk skal kome i tillegg og ikkje skuve norsken ut.

Oppgåvene

Kva oppgåver byr utviklinga av språkteknologien på i høve til språk og kulturvern?

I den før nemnde stortingsmeldinga vart det sagt at «nye former for avanserte produkt for tekstbehandling som er utvikla for engelsk, kan lokke mange større verksemder og grupper av privatpersonar til å nytte engelsk også i innanlands korrespondanse». I det lengste vil eg tvile på at det kan vere fullt så gale. Alt i dag har vi mengder av dataprogram og liknande produkt som ikkje finst på norsk, og mange av dei behandlar språk. Vi går ikkje av den grunn over til å bruke engelsk. Når vi høyrer at Norsk Hydro vil ha engelsk også i intern korrespondanse, er det ikkje fordi dei har fått nytt tekstbehandlingsprogram, men fordi dei har så mykje av kundekontakten på engelsk, og fordi dei har ein organisasjon som strekkjer seg over store delar av verda. Og når forskarar skriv på engelsk, er det for å nå fram til kollegaer i andre land, ikkje for å bruke det nye grammatikkprogrammet på datamaskina. Men i visse situasjonar, der det er mange andre gode grunnar til å bruke engelsk, kan nok nye språkverkty vere det som gjer utslaget.

Her ottast eg meir for jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Dersom vi får nye språkverkty i bokmålsversjon, men ikkje i nynorskversjon, må vi rekne med at det kan gå ut over nynorskbruken. Det skal noko til før vi skiftar frå norsk til engelsk, men så godt som alle nordmenn kan bruke bokmål like godt som nynorsk. Da kan det nye hjelpemiddelet vere det som skal til for at bokmålet tek over.

Meir enn faren for at språkteknologi på engelsk skal skuve norsken til side, er eg oppteken av at vi kan gå glipp av gode hjelpemiddel som kan styrkje stillinga for språk med få brukarar. Alt i dag kan vi sjå at det er mykje rimelegare enn før å spreie tilfang, til dømes gjennom Internett, cd-ar og diskettar. Saman med billege skrivarar og kopimaskiner sikrar desse media at mottakarane kan få fullverdige eksemplar til ein rimeleg penge når først teksten finst tilgjengeleg i elektronisk form. Noko liknande er det med opptak av lyd. Framleis kostar det mykje å lage omsetjingar. Men vi veit at det kan endre seg. Alt i dag finst det rimelege program for omsetjing til og frå engelsk for mange språk – rett nok er kvaliteten ring, men vi må rekne med at dei blir betre. Dersom ein får gode program for omsetjing til og frå norsk, kan det innebere ein heilt ny situasjon for tilgangen på norske tekstar på mange område. Slike omsetjingar kan gjere det lettare å halde fram med norsk i næringslivet og i forsking, kultur og underhaldning. Kanskje kan slike program gjere det lettare å få utvikla norsk fagterminologi òg, dels som eit ledd i arbeidet med å lage programma, dels som ei følgje av at omsetjing blir enklare og rimelegare meir allment. Fagterminologien kan utviklast også gjennom ordrettingsprogram, gjennom synonymordlister og med elektroniske ordbøker som er lettare å bruke enn dei tradisjonelle ordbøkene.

Spesielt for norske tilhøve veit vi at nye språkverkty kan tene jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Det har vore offisiell politikk i meir enn hundre år at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige og jamstilte riksspråk, men det står mykje att før nynorsken blir brukt så mykje i det offentlege som Stortinget har fastsett. Eit stykke på veg kjem dette av uvilje, men det er òg ei hindring at mange ikkje har nok kunnskapar i nynorsk. Gode omsetjingsprogram og ordrettingsprogram og tilgang på elektroniske skjema og formular kan kome godt med her. Program for omsetjing frå bokmål til nynorsk finst, og så vidt eg skjønar, kan dei alt i dag vere til glede og nytte.

Det er med andre ord all mogleg grunn til å arbeide for å utvikle språkteknologi på norsk av omsyn til kulturforsvaret. Men skal språkteknologien bli til hjelp for norsk språk, må vi arbeide for å nå dei måla eg før nemnde, om at språket skal vere godt og rett, og at det skal vareta nyanserikdom, fagterminologi, jamstilling og demokratisk normering.

Verkemidla

Det planlagde sekretariatet for språkteknikk skal vere eit bindeledd mellom IT-næringa og kultur- og forskingsmiljøa. Ei rolledeling må det vere i dette. I dag blir det neppe rekna som ei oppgåve for det offentlege å utvikle og selje nye språkteknologiske produkt; det er ei oppgåve for næringslivet. Heller ikkje kan vi seie at språkteknologien krev heilt nye modellar for samvirket mellom forsking og næringsliv. Vi skal framleis ha forskingsmiljø som varetek grunnforskinga, og vi skal ha forskingsmiljø der det blir utvikla kunnskap som kan nyttast kommersielt, anten det skjer gjennom oppdragsforsking eller på anna vis.

Det er delar av forskinga på dette området som det offentlege må kjenne særleg ansvar for, gjennom forskingsprogram eller på anna vis. Det er den forskinga kring språkteknologi som kanskje kan kallast språkspesifikk: korleis vi skal ta omsyn til særdrag og tradisjonar i norsk språk når språket skal brukast i teknologien. Eit døme kan vere handteringa av valfridommen i norsk rettskriving. Vi må rekne med at det er grenser for kor mykje pietet næringslivet vil vise her – eller rettare sagt, vi veit at grensa går ved det som betaler seg. Noko liknande gjeld utviklinga av norsk fagterminologi. Utan å vere fagmann vågar eg meg til å tru at det offentlege bør sjå til at forskinga kring språkteknologi får med både allmennlingvistar, nordistar, terminologar og språkinteresserte fagfolk frå mange område.

Fagfolk seier, og det verkar overtydande, at språkteknologien treng offentlege fellesressursar. Også i ein sterkt marknadsorientert økonomi er det nokre oppgåver som bør reknast som offentlege, til dømes å byggje vegar. Noko liknande finn vi her: For viktige delar av språkteknologien trengst det store språkbasar som godt kan vere til felles bruk. For det første kan det vere så dyrt å få bygt opp desse basane at det ikkje løner seg for noko einskilt føretak å gjere det for ein marknad som er så liten som den norske. For det andre kan vi fort få ein monopolsituasjon dersom nokon først får etablert ein base. Og for det tredje, om det skulle lykkast å byggje opp fleire basar, kan det vere vanskeleg med den språklege kvalitetssikringa av alle.

Det blir sagt at den delen av produktutviklinga som er spesifikk for kvart språk, er så omfattande at spørsmålet om norsk tilpassing av produkta byr på heilt andre vanskar enn vi har støytt på til no, når det gjeld norske versjonar av dataprogram. For det offentlege kan det derfor vere ei oppgåve å kompensere for den skilnaden mellom marknadene som talet på språkbrukarar skaper. Det kan ein gjere ved å finansiere og tilby til fri bruk «grunnressursar» som forskingsmiljøa og næringsmiljøa så kan utvikle vidare. Dette er tiltak som bør greiast ut og vurderast snarast råd.

Ein variant av slike felles språkressursar er ordbokbasar og basar over rettskrivingsvedtak. Norsk språkråd har alt gått inn i eit samarbeid om å halde à jour ein base over rettskrivingsdelen av ein ordbokbase. Språkrådet har òg rettar til ordbøker og ordlister, ofte saman med andre. Her bør det vurderast om desse ordbøkene og ordlistene kan frigjevast, dels for å sikre at det i det heile blir laga språkverkty som krev slike basar, dels for å sikre kvaliteten på slike verkty. I dag er dessverre kvaliteten nokså blanda.

Norsk språkråd har lang røynsle med kontroll og godkjenning av tekstar. Først og fremst gjeld det lærebøker der det er lovfesta krav om godkjenning, men i nokre tilfelle er Norsk språkråd «konsulent» for andre bøker òg. Kanskje bør alle språkverkty som skal brukast i skulen, vere språkleg godkjende av Språkrådet. I alle høve kan ein tenkje seg friviljuge ordningar med kontroll og «sertifisering» av språkverkty både innafor og utafor skuleverket. For språkverkty som skal brukast i skulen, bør jamstilling mellom bokmål og nynorsk vere eit sjølvsagt krav. Ein kan også tenkje seg at det blir laga kravspesifikasjonar for språkverkty som skal kjøpast inn til det offentlege. Jamstilling mellom bokmål og nynorsk og samsvar med offisiell rettskriving bør i så fall vere ufråvikelege krav.

Mellom verkemidla som er nemnde, er det både pisk og gulrot, slik det gjerne er på ein offentleg meny. Når det gjeld skuleverket og forvaltninga, må styresmaktene få ha eit ord med i laget om kva som er god og rett norsk. Vonleg kan vi også kome dit på det private området at god og rett norsk blir eit viktig salsargument for nye språkverkty.

Slik eg ser det, er ikkje språkteknologien farleg for norsk språk og kultur. Med noko innsats bør vi tvert om kunne få språkteknologien til å bli den beste hjelpa bruken av norsk språk kan få. Språkteknologien er ikkje noko vi skal forsvare oss mot; det er noko vi skal forsvare oss med.

 

-- Kåre Lilleholt er professor i jus ved Universitetet i Bergen og leiar i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:25.06.2015