Språkleg og kulturell sjølvtillit

AV JAN TERJE FAARLUND

Kva skal vi med språk? Svaret på dette spørsmålet kan verka svært så opplagt. Vi bruker det sjølvsagt til å kommunisera med andre menneske gjennom tale eller skrift. Å kommunisera vil seia å formidla, overføra ein bodskap til eit anna menneske eller ei gruppe andre menneske. Denne bodskapen kan vera så mangt, ei melding, ein beskjed, eit ønskje, uttrykk for kjensler, osv. Ein slik bodskap er i alle fall uttrykt med språklege middel, ord og grammatiske konstruksjonar. For at ein slik kommunikasjon skal verka, for at altså bodskapen skal komma fram, lyt avsendaren og mottakaren ha eit felles språk.

Så langt verkar alt greitt; så lenge vi forstår språket åt kvarandre, kan vi snakka saman. Men dette er ikkje heile svaret på spørsmålet i innleiinga. For ved sida av den reint språklege bodskapen formidlar vi også mange andre bodskapar. Berre tenk på alt (du trur) du allereie veit om forfattaren av denne artikkelen. Han skriv på nynorsk, han skriv i eit blad som har språk som tema, han skriv om eit fagleg emne og bruker ein del framandord. Ut frå det kan du slutta deg til ein heil del. Noko av det er kanskje feil, men poenget er at målform og kontekst også formidlar ein bodskap. Den forma for nynorsk som eg nyttar her, er relativt nøytral, og ho held seg innanfor hovudformene av nynorsk (læreboknormalen), men hadde eg t.d. brukt endinga -i i bunden form hokjønn eintal (boki) og i inkjekjønn bunden form fleirtal (husi), eller særskilde austnorske former, hadde lesarane kunna slutta seg til enda meir om meg. I munnleg kommunikasjon blir slik tilleggsinformasjon enda meir rikhaldig og utfyllande. Da vil bruken av dialektformer, slanguttrykk, spesiell uttale av visse ord osv. røpa enda meir om avsendaren. Denne typen informasjon er også språkleg formidla, sjølv om han ikkje blir koda direkte i ord og grammatikk.

Slik ekstrainformasjon kan i somme tilfelle vera sjølvvald og dermed medveten frå talaren si side. I andre tilfelle kan talaren ønskja å undertrykkja denne informasjonen, utan å få det til. Men i begge tilfelle er det tale om å opplysa noko om sin eigen identitet. Språk er altså ikkje berre eit kommunikasjonsmiddel, det er også eit identitetsmerke. Det er noko vi alle stadig erfarer, at det gjeld ikkje berre kva vi seier, men òg korleis vi seier det. Da kjem det mellom anna an på kor mykje av oss sjølve vi vil stå fram med. Det å kunna vera seg sjølv i ulike situasjonar har med sjølvtillit å gjera. Det er naturlegvis ikkje noko mål å alltid skulle «vera seg sjølv». Det er òg ein føremon å kunna tilpassa seg situasjonar og medmenneske. Vi er trass alt ikkje eit folk av eremittar og holebuarar. Men det beste er jo at vi sjølve skal kunna vurdera når det er rett å tilpassa seg, og kor mykje. Visse språklege identitetsmerke greier vi normalt ikkje å leggja av oss, enda så gjerne vi ville. Det gjeld fyrst og fremst slikt som har med uttale å gjera. Om vi skiftar dialekt eller språk etter ein viss alder i tidleg pubertet, vil nesten alltid aksenten røpa kor vi kjem frå. Og har ein språkleg sjølvtillit, er det heller ingen grunn til å leggja bort lokale eller regionale språklege drag.

Dei språklege identitetsmarkørane seier ikkje berre noko om kvart einskilt individ, men òg noko om kva gruppe eit individ høyrer til. Språk er altså òg eit gruppefenomen, eit sosialt og kulturelt merke. Ein person som talar norsk i ein eller annan variant, signaliserer at ho/han høyrer til den norske nasjonen, og det er statistisk svært sannsynleg at vedkommande er fødd i Noreg og er norsk statsborgar. Derfor reknar dei fleste nasjonar språket som ein viktig del av sin kultur og nasjonale identitet. (Nasjon er i denne samanhengen ikkje det same som stat, ettersom så å seia alle statar i verda har fleire enn ei språkgruppe representert blant sine statsborgarar.) Det er mange tilfelle rundt om i verda av at folk gjer ein stor innsats for å ta vare på språket sitt, jamvel om det strengt teke ikkje trengst som reint kommunikasjonsmiddel. Eit nærliggjande døme er den sørsamiske folkegruppa. Så å seia alle sørsamar talar flytande norsk eller svensk, og bruker oftast eitt av desse språka i kommunikasjon seg i mellom. Men det sørsamiske språket er så viktig for dei at mange lærer seg det som vaksne, og dei sender barna sine på internatskolar så dei kan læra språket. Eit anna døme er sjølvsagt vår norske situasjon, der vi av kulturelle og historiske grunnar held på to målformer, enda dei er så like kvarandre at alle nordmenn forstår begge.

Norsk språk blir stort sett berre brukt i Noreg. Det er med andre ord vi her i landet som har ansvaret for norsk språk. Det er ein del av vår kultur. Men ettersom det ikkje blir brukt i andre land, er vi sjølvsagt avhengige av å kunna bruka eit anna språk når vi vil kommunisera med folk frå land utanfor Norden. Og da er det godt å kunna ty til engelsk. Etter kvart har engelsk vorte eit viktig språk for svært mange nordmenn, og mange bruker det så å seia dagleg dersom dei har mykje kontakt med utlendingar på jobben eller privat. I Noreg er altså engelsk eit viktig kommunikasjonsmiddel. Men for dei aller fleste nordmenn har ikkje engelsk noko med identitet å gjera. Likevel ser vi jo dagleg at engelsk blir brukt også når nordmenn skal kommunisera med andre nordmenn, særleg dersom føremålet er å selja noko til unge menneske. Det må tyda at de meiner at engelsk har visse verdiar som norsk ikkje har.

Språkvitskapen kan fortelja oss at ingen språk eller dialektar i seg sjølve er betre enn andre. Dersom eit språk eller ein dialekt blir rekna for betre, er det fordi den kulturen som språket representerer, blir rekna for betre. (Rett nok er det slik at visse språk har eit ordtilfang som eignar seg betre på visse saksfelt enn andre språk, nettopp fordi saksfeltet er knytt til den kulturen som språket høyrer til.) Når engelsk blir brukt i Noreg til kommunikasjon mellom nordmenn, ligg det under at engelskspråkleg kultur blir rekna for betre enn norsk. Dette er sjølvsagt ikkje nødvendigvis eit medvete resonnement frå forretningsfolk og andre som bruker engelsk, men det speglar, og framfor alt formidlar det, ei haldning som går ut på at norsk kultur ikkje er bra nok. Bruken av engelsk når en vender seg til norsktalande er altså eit utslag av ringeakt for vårt eige språk.

 

-- Jan Terje Faarlund er professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015