Norske avløysarord

AV HELGE SANDØY

Når treng vi avløysarord?

Vi ønskjer å finne norske avløysarord fordi dei norske orda er lettare å uttale, og dei føyer seg betre inn i norske grammatiske mønster. Dessutan gir dei nordmenn klårare assosiasjonar enn dei utalandske orda gjer. For eksempel er ordet manager ulagleg i norsk, sjølv om det har vore brukt i lengre tid og står i norske ordbøker. På grunn av uttalen kjenner folk dette ordet som fremmendt og avstikkande. I slike tilfelle burde vi ha laga og teke i bruk eit betre ord.

Men ein treng ikkje investere krefter i å lage avløysarord for alt nytt som kjem. Stress har vi ingen problem med i norsk. Verbet kråle fungerer også perfekt. Vi uttalar det med norske lydar, bøyer det på norsk og lagar nye samansette ord med det. Nett som om ordet var eit arveord. Det er vel tvilsamt om det hadde vore noka vinning om det i si tid blei innarbeidd eit beskrivande ord, f.eks. kravlesymje. Det ville vere som å skifte ut hjarte med blodpumpe.

Slik kan ein også tenkje om ordet skanne. Ein kunne laga ord som f.eks. innlysar og lyslesar, og desse orda er i seg sjølve gode. Men dei er lengre. Kan hende var det like godt at vi tok inn det nye ordet i norsk for denne spesielle søkjeteknikken. Ordet har faktisk vore i bruk i norsk frå 1960-talet. Ordet føyer seg lett inn i norske bøyingar og ordlagingsmønster (jf. skannar, skanneteknikk). Einaste problemet med ordet er at mange ikkje uttalar det med vokalen a. Det har blitt eit problem først og fremst dei siste åra etter at datateknikken har gjort skannarane så utbreidde. Mange uttaler ordet skanne slik at det rimar på venne, og somme bruker ein meir engelsk æ-lyd. Det hadde vore ein fordel om språkvanane her endra seg, slik dei har gjort f.eks. når det gjeld jass, kidnappe osv., som i dag er uttalte med a. Dette (ev. mellombels) problemet er kanskje mindre enn problemet med å byte ut importordet med eit heilt nytt.

Eitt eller fleire avløysarord?

Norske fagtermar bør mest mogleg stå i eit ein-til-ein-forhold til dei utalandske. Men mange av allmennorda har ofte ein så sterkt beskrivande funksjon at dei lettare kan 'omsetjast' friare slik at ein bruker ulike ord på norsk alt etter samanhengen. Beskrivande norske ord er somtid fulltreffarar berre innafor eit avgrensa bruksområde for det utalandske ordet, og derfor vinn dei ikkje fram innafor andre kontekstar. For eksempel har ordet tilbakemelding sigra på eitt felt i norsk, men i samband med pumpeteknikk heiter det nok feedback, for der kan ikkje tilbakemelding brukast. Med tanke på at orda skal gi klåre bilete eller gode beskrivingar, kan det nettopp vere ein fordel om ein får ulike avløysarord alt etter kva område dei blir brukte på.

Det er altså ikkje eit enkelt svar på om ein skal utarbeide eitt eller fleire avløysarord. Men di sterkare fagterm-karakter ordet har, di større fordel er det med berre eitt avløysarord, dvs. eit ord som kan definerast likeins som det tilsvarande utalandske ordet.

Når det gjeld å lansere framlegg til avløysarord, er ein ikkje avgrensa til å autorisere berre eitt. Det har ikkje skjedd nokon stor skade om ein har fleire ord for same omgrepet ei tid. Da kan skaparevna få boltre seg litt lenger, og det endelege resultatet kan bli betre – anten det blir eitt eller fleire ord. I dag blir outsourcing tilrådd bytt ut med både utkontraktering, utsetjing, konkurranseutsetjing, driftsutsetjing og utskiljing, og displei har fått både teiknrute, teiknvindauge, skjerm og panel som foreslåtte norske tilsvar. Tida får vise kva ord som slår best an.

Språklege krav til norske ord

Ord bør vere forståelege! Ei slik utsegn kan bety fleire ting, for

  • vi kan forstå eit ord fordi delane av ordet gir oss peikepinnar om kva innhaldet skal vere, og
  • vi kan forstå eit ord fordi vi har lært det i barndomen eller gjennom seinare erfaring.

Til siste typen ord hører grunnorda i språket. Dei er byggjeklossar og gir ingen peikepinnar. Det er ingenting i ordet mat som fortel oss at dette er noko kroppen treng. Den tida vi hadde ordet automobil, kunne den litt språkkunnige få peikepinnar om kva det ordet skulle tyde. I dag har vi att berre ordet bil, som ikkje seier oss nokon ting om utsjånad eller funksjon. Men det nye ordet fungerer i praksis like godt – om ikkje betre pga. at ordet er blitt kortare. Eit beskrivande samansett ord er dermed blitt endra til eit grunnord, ein byggjekloss.

Vi treng ei mengd byggjeklossar, dvs. grunnord som ikkje kan delast i mindre meiningsberande einingar. Men når vi byggjer vidare med desse klossane, kombinerer vi grunntydingar på måtar som gir oss nye meiningar. Desse nye orda, som aller oftast er samansetningar, er berre meir og mindre presise. Eit ord som bilmat seier ikkje klårt kva ordet skal bety, men i praksis er det nokså avgrensa kva vi kan leggje i det. Det same gjeld òg matebuss – som likevel er noko heilt anna. Ein brannslange kunne jo vore ein slange til å sprute bensin på flammane med, men vi har erfart at forholdet mellom dei to ledda i ordet skal oppfattast annleis, at det altså er ein slange vi sløkkjer brann med. Vi kunne sjølvsagt seie brannsløkkingsslange, men det blir litt for langt.

Det er ei vanleg mistyding at orda våre bør vere mest mogleg presise. Det er f.eks. blitt brukt som argument mot sikringssystem for backup system. Men dei engelske orda vi tek inn, er heller ikkje presise i engelsk. Språket er ikkje slik at det krevst 100 % presisjon av orda. Det ville ende i absurditetar. Sjølv lange ord ville ikkje seie alt. Ivar Aasen noterte seg i 1873 dette ordet for apotekar i ei tysk avis:

Gesundheitswiederherstellungsmittelzusammenmishcungsverhältnisskundiger

Vi forstår godt at ordet ikkje kom i allmenn bruk! Orda som skal bety noko i seg sjølv, treng ikkje anna enn å antyde kva det skal bety. Presisjonen kjem med erfaringane våre. Og ord som vi bruker ofte og har mange erfaringar med, kan vi korte inn. Det er ikkje berre automobil som er blitt innkorta, det gjeld også omnibus og flygemaskin.

Ledda i ei samansetning skal gi peikepinnar om innhaldet. Men grammatikken styrer også litt. Sisteleddet i ei samansetning bør vere nokså presist. Ein brannslange bør i alle fall vere ein slange, same korleis forholdet er til brannen. Og både brannvern og barnevern bør vere eit vern, så får det vere opnare om det er for barn eller mot brann.

Når ein lagar avløysarord, prøver ein seg oftast først med å lage direkte omsetjingar, gjerne ledd for ledd:

fringe benefits > frynsegode
freeze dry > frysetørke
supply boat > forsyningsbåt

Ofte går dette bra, særleg når ledda er godt beskrivande også i engelsk. Men det hender seg at det ikkje klaffar så godt pga. at assosiasjonane er ulike på dei to språka. I alle fall gir terrengsykkel ei betre beskriving for oss enn fjellsykkel (jf. mountain bike). Sameleis fungerer kanskje hjerneflukt betre på norsk enn hjernetapping for brain drain. Slikt gjer at ein i ein del tilfelle tener på å omsetje eine leddet «fjernare» frå det engelske:

maskinvare (engelsk 'hardware')
programvare (engelsk 'software')

Ofte må ein stå friare i begge ledda:

time out > klokkestopp
knowhow > fagkunnskap
(ekspertise)
brainstorming > idédugnad, idémyldring
whiplash > nakkesleng

Her står det ofte på fantasi til å kombinere to ledd slik at assosiasjonane blir styrte på rett veg, og det engelske ordet kan gi eit godt utgangspunkt. Når det engelske ordet ikkje er samansett, lagar vi likevel ofte samansetning på norsk:

barbecue > grillfest
manual > handbok
browser > nettlesar

Konnotasjonar og metaforar

Norske beskrivande ord har ofte konnotasjonar (tilleggstydingar) pga. at dei har fått ein spesiell eller avgrensa bruk. For eksempel er biverknad ofte ein uventa eller ubehagelege verknad, som f.eks. av medisinbruk. Det gjer at dette ordet stiller med eit handikapp når ein bruker det som avløysar for spin-off. Eit handikapp kan sjølvsagt overvinnast, men dersom ein kan finne eit ord som har eit betre utgangspunkt, står ein strategisk sterkare. Sideverknad og følgjeprodukt er nye og heilt nøytrale, og har dermed ein fordel. Men i mange samanhengar ønskjer ein å uttrykkje noko positivt med spin-off, og da kan f.eks. eit framlegg som knoppskyting eller knoppskott ha meir for seg. Nye bedrifter som veks opp som ei følgje av ein aktivitet, kan ein dermed omtale som knoppskytingar, knoppskott, knoppskottsbedrifter osv. Her kan det nettopp vere ein intensjon å formidle visse konnotasjonar til det fruktbare, og da vil det eine framlegget til avløysarord komme betre ut enn dei andre.

Den kjøkkenmaskina som har komme inn i mange hus, heiter food processor på engelsk. For nokre år sia var det ei som kom på ordet matmølle i ein idédugnad mellom Språkrådet og eit forlag, og det er blitt brukt i ei lærebok i matlaging. Ordet er spenstig, for det gir ein del assosiasjonar, det er ein leik med fantasien. Men dermed verkar det ikkje heilt stilnøytralt, og ordet har dessverre ikkje fått fullt gjennomslag. Hittil har forretningane halde seg til dei meir keisame løysingane kjøkkenmaskin eller matprosessor. Dei orda er heilt gode norske ord, men ikkje nokon dristige nyskapningar.

Kulturelle sperrer og krav

Skal eit ord slå an, er det ikkje nok at det er språkleg godt, f.eks. at svært språkengasjerte personar kan føle at dette er eit treffande ord. Vanlege folk skal også tore å ta i bruk ordet utan å føle at det blir oppfatta som tilgjersle. Derfor er det at heilt nøytrale ord slår godt igjennom – så nøytrale at ein ikkje oppdagar at dei er nye! Og derfor slår f.eks. metaforiske ord som matmølle sjeldan igjennom i norsk. Men vev for web ser ut til å vinne fram, så ein skal aldri seie aldri!

Det er mange «feller» ein kan gå i når ein lagar nyord. Det ser ut til at dersom eit ord kan verke avleggs eller dialektalt, er det ubrukande i eit avløysarord i norsk i dag. Ord som på ein eller annan måte er kulturpolitisk markerte, går liksom over streken for det akseptable på norsk.

I ei latterleggjering av nynorsk blei det for ikkje lenge sia laga T-skjorter med påskrifta «skakamjølk». Det skulle vere eit nynorskord for milkshake. Dette nylaga ordet har aldri vore brukt i nynorsk, der har ein godkjent milkshake like mye som i bokmål. Eksempelet fortel såleis mest om oppfatningar av kva som verkar latterleg. Språkleg sett er faktisk ordet svært godt, og skake kunne endatil gi assosiasjonar til engelsk shake. Ordet skake betyr 'riste hardt'. Men dette ordet er ikkje brukt allstad i landet i ei slik konkret tyding; og dermed kjem ei sperre inn pga. assosiasjonar til det regionale – når viljen ikkje er stor nok.

Dette er slikt vi kunne kalle stilistiske sperrer. Det finst også andre sperrer ein må ta omsyn til og halde seg innafor for å vere taktisk: Det er ikkje på alle område ein ønskjer å vere direkte beskrivande. Der kan ein komme seg unna med pyntande beskrivingar eller med å unngå beskriving. Dette er igjen kulturavhengig. For eksempel har både islandsk og norsk adjektivet tunglynd, og på islandsk bruker ein substantivet tynglyndi om den psykiske plaga. På norsk kallar vi ho meir og meir for depresjon. Latinske sjukdomsnamn vitskapleggjer fenomenet for oss nordmenn, og fjernar det frå det individuelle. Med ein latinsk term opplever vi at plaga er meir definert som ei liding eller sjukdom. Islendingane greier å leggje tilsvarande assosiasjonar i arveordet sitt.

Kanskje vi også skal sortere eit anna poeng under kulturelle krav, eventuelt under læringskrav: Det kan sjå ut som det er ein strategisk fordel om det norske ordet har ein viss likskap med det utalandske, om ikkje anna at det begynner på same lyden: minne for memory, verkstad for workshop, plakat for poster, lenkje for link, flammepost for flame mail osv. Det blir sjølvsagt svært tilfeldig om ein kan få dette til å passe, men også i islandsk språkrøktarbeid er det framheva at dette kan ha ein positiv verknad. Denne verknaden kan komme av at det lettar assosiasjonane i ein periode før det heimlege ordet er fullstendig innarbeidd og automatisert. Har ein arbeidd med eit emne mest på engelsk, vil jo naturleg nok det engelske ordet lettast bli aktivert i hjernesellene. Styrken i assosiasjonsbanda i hjernen er jo avhengig av bruksfrekvens. Dermed blir dette eit minneteknisk (mnemnoteknisk!) poeng, men ikkje eit poeng som er knytt til den indre strukturen i vårt eige språk.

Mislykka avløysarord?

For ordet offshore (frå 1960-talet) blei det tilrådd frå Språkrådet å bruke omsetjinga utaskjers, men det har neppe fått stor bruk. Det kan vere fordi dei interessante eigenskapane ikkje blei godt beskrivne med utaskjers, jamvel om det engelske ordet heller ikkje seier noko meir. At det er knytt noko spesielt til miljøet og arbeidet, får ein ikkje fram med utaskjers. Dermed gjer filmserien på fjernsynet seg best som Offshore; da markerer ein noko spesielt.

Men det engelske ordet offshore har heller ikkje blitt fullstendig dominerande, for ein taler like gjerne om oljeindustrien, og dei som arbeider på plattforma, arbeider på olja og reiser uti Nordsjøen på arbeid. Ein uttrykkjer seg altså ofte annleis enn med å bruke offshore eller utaskjers.

Policy blei teke i bruk i norsk i 1961. Det kan lett omsetjast med både 'politikk' og 'politiske retningslinjer', men denne heimlege omskrivinga har enno ikkje greidd å trengje ut att det engelske importordet. For ordet chips kan ein òg finne avløysarord, f.eks. potetlauv og potetgull. Men det ser helst ut til at chipsen har ete seg fast. Kva skal vi da gjere? Det treng ikkje vere noko nederlag, for nye ord i språket treng ikkje vere til skade. Skriv vi pollisy og sjips er ingen større skade skjedd enn da vi fekk kjeks og sjy; vi kan heller seie at orda har gjort språket rikare.

Ord som norsk godt kan ta opp, kan vi skrive etter det norske ortografiske mønsteret. Norsk språkråd har vedteke retningslinjer for slik norvagisering, f.eks. at det er aktuelt med norsk skrivemåte berre ved usamansette ord i engelsk. Andre restriksjonar på dette og detaljar om korleis ein skal overføre orda til norsk ortografi, finn ein på denne nettsida.

 

-- Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015