Språkdaude

AV ROLF THEIL ENDRESEN

På Saint Paul-kyrkjegarden i Mousehole i Cornwall står det ei gravstøtte over Dorothy Pentreath, som døydde i 1777. Ifølgje teksten på støtta skal salige Dorothy ha vore den siste som tala det gamle korniske språket, som frå dei eldste tidene blei tala i soknet Saint Paul, heilt til det anda ut i det attande hundreåret. Kornisk var det siste keltiske språket i England, mens Wales framleis har sitt walisisk, og Skottland enno hyser over 80 000 med lenge lege på det siste – det er ikkje mykje livsgneiste att i eit språk som blir tala av éi einaste sjel på jorderike.

Språk døyr og blir fødde

Språk har døydd til alle tider. Koptisk, den siste utlauparen av det vørdelege målet til dei gamle egyptarane, forlét denne verda på trettenhundretalet, og etruskisk, målet til det mektigaste folket i Italia i førromersk tid, blei truleg høyrt siste gong mens keisar Augustus enno rådde. Ingen har tala sumerisk dei siste 4 000 åra eller elamittisk dei siste 2 000 – trass i at dei begge var viktige språk i Mesopotamia. Ein gong kunne ein høyre frygiske og hettittiske ord i Litleasia, men frygisk blei borte nokre få hundreår etter Kristi fødsel og hettittisk bortimot 1 000 år tidlegare – blant anna som ei følgje av frygisk invasjon. Vi kjenner namnet på 75 utdøydde språk som tidlegare blei snakka i Europa og Litleasia.

Men til alle tider har òg nye språk blitt fødde ved at somme språk har endra seg i ulik lei på ulike stader. Latinen døydde aldri, men blei splitta opp i ei rekkje språk, frå portugisisk ved Atlanteren til rumensk ved Svartehavet. Norrønt mål overlever som islandsk, færøysk og norsk – og norsk er knapt det same i Nittedal og Nissedal. Europeiske kolonispråk har fått avleggjarar i pidgin- og kreolspråk langs dei sju hav – på Haiti talar over åtte millionar menneske kreolspråket haitiansk, som byggjer på fransk. Sterke krefter er i arbeid for å gjere serbisk, kroatisk og bosnisk mest mogleg forskjellige, og kven veit om desse tre nærskylde språkvariantane endar som innbyrdes uforståelege språk. Likevel er stoda for språka i verda urovekkjande: Språkdaude skjer i dag med mykje større fart enn språkfødsel.

Å telje språk

Grovt rekna finst det 7 000 språk i verda i dag – 6 784 i 1999, ifølgje tala i oppslagsverket Ethnologue, utgjeve av den amerikanske bibelomsetjarorganisasjonen Summer Institute of Linguistics. Omkring 4 000 av desse språka finn vi i to tropiske område, det eine i Afrika frå Elfenbeinskysten til Kongo, det andre på Papua Ny-Guinea. I staten Papua Ny-Guinea, med om lag like mange innbyggjarar som Noreg, registrerer Ethnologue 817 levande og 9 daude språk.

No skal vi ikkje låst som det er lett å telje språk. Språkvitskapen har ingen objektive kriterium for språkteljing, og politiske omsyn veg oftast tyngre enn dei lingvistiske. Ingen kan seie for visst om samisk er eitt, to, tre, fire, fem eller fleire språk. Bulgararane fnyser av påstanden om at makedonsk er eit eige språk og ikkje berre ein dialekt av bulgarsk. Ifølgje Ethnologue har det vestafrikanske landet Mali 32 språk, men granskar du lista, finn du at språket dogon, som blir tala av 600 000, har meir enn femten «dialektar» som ikkje er innbyrdes forståelege. Eg har vore på staden, og veit at folk frå ulike landsbyar talar fulfulde med kvarandre. Fulfulde, som blir tala av 1 million menneske i den delen av Mali der dogon-folket bur, og av rundt 25 millionar menneske i heile Vest-Afrika, er det tradisjonelle handelsspråket i Dogonland.

Talet 6 784 gjer eit visst inntrykk, men kan tene til å tåkeleggje dystre realitetar. 94,7 % av desse språka blir tala av under 1 million menneske, og 86,1 % av under 100 000. Ikkje mindre enn 1 558 språk, eller 25,7 % av alle språk i verda, blir snakka i språksamfunn med under 1 000 medlemmer. Det er berre 319 språk (5,2 %) som blir tala av over 1 million menneske, og einast 80 språk (1,2 %) av meir enn 10 millionar.

La oss gjere ei djupboring i eit hjørne av desse realitetane. Om vi gløymer dei fleste innvandrarspråka, har Sambandsstatane 176 levande språk. Comanche blir tala av 854 personar av ei folkegruppe på 6 000 i Oklahoma. Dei fleste eller alle som talar comanche, er midaldra eller gamle, og likeins står det til med dei fleste urinnbyggjarspråka i dette landet. Då treng ein ikkje vere spåmann for å sjå i kva lei det ber. Skal eit språk overleve, må det overførast til nye generasjonar: Borna må lære det. Når dei yngste talarane døyr, dei som no er rundt femti, tek dei språket med seg i grava.

Rundt om i verda sit det mang ei Dorothy Pentreath. 51 språk er det berre éin som talar – 28 i Australia, 8 i USA, 3 i Afrika, 6 i Asia og 3 på Stillehavsøyane. I 1963 var det 100 som tala det australske språket dyirbal; i 1993 var talet redusert til 6 – alle over 65 år. Canada har 50 urinnbyggjarspråk, men berre 3 av dei – inuktitut (eskimoisk), cree og ojibwe – blir tala av så mange at dei har ei relativt trygg framtid.

Språk i faresona

Lenore A. Grenoble og Lindsay J. Whaley, språkforskarar ved Dartmouth College i England, gav nyleg ut boka Endangered Languages (Cambridge 1998), ei artikkelsamling om truga språk verda rundt. Blant språkforskarar som forskar på truga språk og språkdaude, er det ei utbreidd oppfatning, kan vi lese, at innan utgangen av det hundreåret som tek til i 2001, vil 50 % av språka i verda ha døydd ut. Faktisk er så mange andre språk på daudens rand at ein ikkje kan vere trygg på at meir enn 600–700 språk overlever år 2100. Med andre ord kan godt over 90 % av språka i verda vere i faresona.

Artikkelforfattarane meiner dette ville vere ein katastrofe, og dei forklarar kvifor. Det ville vere ein katastrofe for det intellektuelle og kulturelle mangfaldet på jorda. Det er få ting som fortel oss meir om åndeleg skaparkraft enn språket. Kvar gong eit språk døyr, misser vi ei kjelde til å forstå menneskesinnet. Kvar gong eit språk døyr, misser språkforskarane materiale dei treng for å løyse to av dei fremste oppgåvene innan språkvitskapen: å rekonstruere førhistoria til menneskespråka og fastsetje omfanget av og grensene for den kommunikative åtferda og den grammatiske kompetansen hos menneska.

Mens eg arbeidde med denne artikkelen, kom eg over ei heilt ny bok, som eg berre har rokke å snuse i: Language Death (Cambridge 2000) av den engelske språkforskaren David Crystal. I føreordet fortel han om arbeidet sitt med den førre boka han gav ut, English as a global language. I ein førehandsomtale av boka i Guardian kom han med det han kallar litt «spekulativ erting»: La oss tenkje oss kva som vil skje dersom det engelske språket held fram og veks på same vis som det har gjort til no; kanskje det ein dag blir einaste språket som er att. Dersom det skjer, vil det vere den største intellektuelle ulukka som planeten nokon gong har kjent.

Kvifor skal vi bry oss?

9.–10. oktober 1999 hadde den danske avisa Information ei heil side om «Den store sprogdød», og artikkelforfattaren siterer den amerikanske språkforskaren Ken Hale: «Når vi mister et sprog, er det som om, der smides en bombe i Louvre-museet.»

I fjor sommar var vi på søndagstur til Jyplevika ved Langesund. Her står Skagerrak rett på, og går du ut på det ytste svaberget, fyk det rundt øyra dine med frode frå sundslegne bårer. Eg hadde ikkje vore der på 38 år, men det einaste nye var eit skilt der eg las: «Hvorfor frede barskog?» Jypleviktangen har eit særs rikt planteliv og er no eit freda naturreservat. Eg hadde notisbok med og kunne notere svaret: Naturskog er levestad for sjeldne og truga plante- og dyreartar. Naturskog er viktig for forsking, undervisning og naturforvalting. Naturskog er ein del av naturarven vår og gjev verdefull naturoppleving. Naturskog med tilhøyrande flora og fauna har ein eigenverdi. – Kva har dette med språk å gjere? Jau, den tanken slo meg at viss vi bytte ut «naturskog» med «språk» på dette skiltet og gjorde nokre andre små tilpassingar, fekk vi nokre tesar som trygt høyrer heime i ein artikkel om språkdaude.

David Crystal kallar eitt av kapitla i boka si «Why should we care?» – Kvifor skal vi bry oss? Her er ei kort oppsummering av svara hans: For di vi treng mangfald. For di språk uttrykkjer identitet. For di språk er lagringsplassar for historie. For di språk bidrar til summen av menneskeleg kunnskap. For di språk er interessante i seg sjølve.

Kvifor døyr språk?

Språk døyr av mange grunnar. Ifølgje somme overslag var det omkring 100 millionar menneske i den nye verda i tida før europearane kom, og 200 år seinare reknar ein med at over 90 % av desse urinnbyggjarane hadde døydd av sjukdommar som europearane og dyra deira hadde med seg. Vi veit at regnskogen i Amazonas blir rasert med lyntogsfart, og dei fatale følgjene for det biologiske mangfaldet er velkjende. Ein reknar med at det budde nærmare 7 millionar menneske i Amazonas-regionen på 1500-talet. På 1990-talet var talet redusert til rundt 700 000. Kva følgjer dette har for kulturar og språk, treng ein ikkje mykje fantasi for å forstå.

Mellom 1845 og 1851 døydde 1 million irar på grunn av «potethungersnauda», og endå fleire emigrerte. Folketalet blei redusert frå 8 millionar i 1841 til 6,5 millionar ti år seinare. Verknadene var verst på landsbygda, der det irske språket stod sterkast, og lagnaden til dette språket blei truleg avgjord den gongen. Få snakkar i dag høgt om kor dårleg stelt det er med det irske språket.

Aids kan få store følgjer for talet på språk i verda. UNAIDS, hiv-/aidsprogrammet til Dei sameinte nasjonane, rekna talet på hivsmitta til 33,4 millionar i 1998, og 95 % av desse budde i utviklingslanda: 22,5 millionar i Afrika sønnanfor Sahara, 6,7 millionar i Sør- og Søraust-Asia, 1,4 millionar i Latin-Amerika. Tre firedelar av språka i verda blir tala i desse områda.

Då irarane utvandra, var dei med på å skape ei anna utbreidd årsak til språkdaude. Koloniseringa av Australia og Nord-Amerika er klassiske døme på det David Crystal kallar «demografisk flaum»: store folkemengder trengjer inn på framandt territorium og set nærmast urinnbyggjarane under vatn, slik at kulturen og språket deira druknar i det store folkehavet.

I mange afrikanske land skjer språkdauden på ein mykje fredelegare måte. I Mali spreier bambara seg som eit handelsspråk, og offentlege tenestemenn med bambara som morsmål tek seg arbeid i byar frå den eine landsenden til den andre; førebels har ingen språk døydd, men framtidsutsiktene er knapt lyse for dei minste gruppene. I Aust-Afrika er swahili på sterk frammarsj. Talet på dei som har det som fyrstespråk, overstig knapt 5 millionar, men dei som har det som andrespråk, utgjer over 30 millionar. Mange stader i Tanzania ser det ut til at mindre språksamfunn er truga ved at dei yngste går heilt over til swahili, som er hovudspråket i grunnskolen. Begge desse afrikanske døma illustererer òg korleis språk med fotfeste i byen et seg utover og svelgjer språk på landsbygda.

I store delar av verda ser ein på minoritetsspråka som eit trugsmål mot den nasjonale einskapen. I Frankrike har bretonsk, baskisk og oksitansk svært tronge kår. På Korsika, som har vore ein del av Frankrike i litt over 200 år, har no langt under halvparten av innbyggjarane korsikansk som morsmål, og over det meste av øya er fransk fyrstespråket til dei yngste generasjonane. I 1974 blei korsikansk eit eige fag i skolane på øya, men det var berre snakk om tre valfrie timar i veka. Skikkeleg undervisning i korsikansk språk og litteratur får ein berre ved universitetet i Corti/Corte. I Afrika blir det ifølgje Ethnologue tala 2 011 språk. Over 2 000 av desse blir ikkje brukte som undervisningsspråk etter grunnskolen. Dei blir marginaliserte frå det offentlege liv, der dei tidlegare europeiske kolonispråka dominerer.

Eg har i denne artikkelen ikkje sagt eit einaste ord om det såkalla engelske «trugsmålet» mot det norske språket. Eg tillèt meg å plassere dette blant kuriositetane. Norsk høyrer heime blant dei under eit par hundre språka i verda som blir tala av over 4 millionar menneske. Det blir snakka i eit av dei minst fleirspråklege samfunna i verda og blir brukt på praktisk tala alle område av samfunnslivet. La oss gløyme norsken i denne samanhengen. Ei norsk Dorothy Pentreath er eit fantasifoster.

 

-- Rolf Theil Endresen er professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015