Språkstrid og språkleg mangfald i Europa

AV ENDRE BRUNSTAD

I 2001 skal EU ha språkår – med markering av det språklege mangfaldet i Europa. Ei slik markering kan sjåast på som teikn i tida. Der er ei veksande erkjenning av at Europa er språkleg og kulturelt samansett, og at nasjonsgrenser, statsgrenser og språkgrenser svært ofte kryssar kvarandre. Vi finn òg, i alle fall i festtalar, ei større forståing for dei verdiane som ligg i eit språkleg mangfald.

For nordmenn kan ei slik europeisk markering vere nyttig på fleire måtar. Ikkje berre kan ho gjere nordmenn meir kjende med språk og språktilhøve i andre land og verke til at ein i utlandet lærer meir om den norske språkstoda. Markeringa kan òg, dersom ho vert gjennomført på rett måte, gjere at nordmenn kan sjå den norske språkstoda i ljos av den europeiske. Hos somme er det nemleg ei førestelling om at tospråksstoda uttrykkjer ei form for «norsk utakt», og at ho ikkje høyrer heime i ei tid prega av internasjonalisering og urbanisering. Ser ein derimot på kva som kjenneteiknar europeiske land og europeiske byar, slår det oss at målsak og språkstrid faktisk er noko som går igjen.

Vi kan illustrere det europeiske språkmangfaldet med å take utgangspunkt i nokre av dei ni byane som har status som europeiske kulturbyar i år. Som kjent er Bergen ein av desse. Dei ansvarlege for kulturbyåret i Bergen har rett nok lagt lite vekt på den rolla språk og språkstrid har spela (t.d. at byen er sentrum for ein nynorskregion, og at striden mellom nynorsk og bokmål har vore med på å prege byen). Ser vi derimot på Bergen i eit jamførande europeisk perspektiv, må det vere grunnlag for å hevde at det nettopp er gjennom koplinga til målsak og nynorsk at Bergen viser klåre parallellar til andre europeiske kulturbyar.

Brussel

Vi byrjar med den kulturbyen som er mest kjend for språkstrid, Brussel, og med striden mellom fransktalande og nederlandsktalande. Denne striden er gamal, men tilspissa seg då den moderne belgiske staten vart skipa i 1830 med fransk som offisielt språk. Å fremje rettar og rom for nederlandsk har vore viktig og har avla strid – særleg om Brussel. Både i den nederlandsktalande og fransktalande delen av Belgia ser ein på Brussel som «sin» hovudstad. Geografisk er byen plassert midt i den nederlandskspråklege provinsen Brabant. I løpet av 1800- og 1900-talet har byen gått over frå å ha eit nederlandskspråkleg til eit franskspråkleg fleirtal. Å gjere eksakte målingar av språkbruken verkar derimot håplaust: Språkbruk og språkleg identitet går på kryss og tvers hos einskildmenneske. Offisielt er då òg byen tospråkleg, offentleg informasjon og gateskilt er på to språk, og det er eit yrande kulturliv i spenninga mellom språka.

Språkstriden har roa seg dei siste tiåra, dels på grunn av svekking av sentralmakta, og dels på grunn av at nederlandsk har fått auka prestisje, ettersom dei nederlandsktalande områda i Belgia har hatt så sterk økonomisk framgang. (Som kjent fylgjer også språkleg prestisje den sosiale makta.) Men spenningane er der, til dømes var komitéen for kulturbyåret i Brussel til tider lamma pga. språklege motsetnader.

Helsingfors

Til liks med Brussel er Helsingfors ein tospråkleg by; der er finsk og svensk jamstelde. Fram til 1863 var svensk det offisielle språket i Finland, som ein arv frå den lange perioden då landet var ein del av det svenske kongeriket. Overføringa av Finland frå Sverige til Russland i 1809 endra i fyrste omgang ikkje på språkstoda. Utover på 1800-talet byrja derimot ei finsk målreising, og på 1900-talet har finsk vorte dominerande. I dag er svensk eit mindretalsspråk, men svensktalande er framleis svært synlege i kulturliv og politikk, og det verkar til å gi Helsingfors og Finland ei særleg kulturell kraft.

Santiago de Compostela

Nordvest i Spania, i provinsen Galicia, ligg Santiago de Compostela. Her er det tradisjonelle språket galisisk. Etter at språkfellesskapet med portugisisk tok slutt på 1400-talet, har kastiljansk («spansk») vore maktspråket, jamvel om folk har tala galisisk. På 1800- og 1900-talet har Santiago de Compostela vore sentrum for ein del grupper som har freista på ein galisisk renessanse. Men det er særleg dei siste åra med regionalisering som har gitt framgang med galisiske institutt, visesonggrupper og litteratur. Bruken av galisisk, fyrst og fremst som talemål, gir regionen eit særpreg i Spania i dag. Etter framgangen for katalansk og baskisk er turen kanskje komen for meir offisielle funksjonar også for galisisk?

Avignon

Avignon (oksitansk: Avinhan) ligg i Sør-Frankrike, i området der oksitansk har rådd. Oksitansk språk har rike tradisjonar, ikkje minst frå trubadurdiktinga i mellomalderen. Men særleg etter den franske revolusjonen i 1789 vart oksitansk rekna for å vere «patois», ein regional dialekt. Om fransk rådde i skrift, heldt folk flest likevel fram med å tale oksitansk. På slutten av 1800-talet gjekk forfranskinga inn i ein meir totalitær fase, og då vart «la langue d'oc» (språket i sør) heilt underordna i forhold til «la langue d'oïl» (språket i nord). På 1970-talet og framover har det kome ei viss bløming av oksitanskspråklege grupper.

Praha

Hovudstaden i Tsjekkia er i språkleg samanheng særleg kjend for striden mellom tysk og tsjekkisk. I 1526 kom byen under austerriksk herredøme med tysk som offisielt språk. Etter fleire mislukka oppreistar vart tsjekkisk skriftspråk på 1600-talet knytt til protestantisme og opprør mot pavemakta. Derfor vart tsjekkisk òg kua. I tillegg skjedde det ei byråkratisering der det voks fram ein tyskspråkleg elite. Vi fekk dermed spenninga mellom eliten og det store fleirtalet av tsjekkisktalande arbeidarar og tenestefolk. Strevet for å få tilbake tsjekkisk som riksspråk gjekk føre seg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, parallelt med krava om nasjonalt sjølvstyre, som tsjekkarane fekk i 1918.

I spenninga mellom tysk og tsjekkisk vart det skapt mykje stor litteratur, t.d. av Franz Kafka. Men nettopp Kafka var spesiell: Han var ein av dei fåe tyskspråklege forfattarane som kunne tsjekkisk. Elles var det tale om to språkgrupper som levde i mistillit til kvarandre.

Interessant å merke seg er det elles at dei tyskspråklege intellektuelle i Praha i stor grad var jødar. Mange av desse vart utrydda av Hitler. På den måten var Hitler paradoksalt nok med på å utrydde tysk språk og kultur frå Praha.

Reykjavik

Kulturbyen i vest er sentrum for den særmerkte islandske purismen. Her vert utanlandske nemningar filtrerte og kjem ut i rein islandsk form. Såleis har ein eit spenstig ord som hreyfill for 'motor'. Ordet kjem frå hreyfa ('setje i rørsle') og instrumentalsuffikset -ill. Likeins har ein for 'elektrisitet' rafmagn, av rav, som tyder det same som gresk 'elektron', og magn, som tyder 'kraft' (jf. òg ravkraft som var nytta i eldre nynorsk). Islendingar er opptekne av ordlaging – det er deira språkstrid mot språkpress utanfrå. At ordlaginga vekkjer internasjonal interesse, har dei ikkje noko imot.

Talemålet i Reykjavik har stått i eit visst motsetnadsforhold til målet på bygdene, men i motsetnad til andre land er det bygdemåla som har vore idealet. Eliten i Reykjavik har såleis måtta tilpasse seg bygdemåla for å oppnå språkleg prestisje – slik bergenske vestmenn gjorde då dei tok sundagstur til Fana for å tale bygdemål.

Bergen

Også Bergen går inn i den europeiske tradisjonen med språkstrid og språkleg mangfald. Alt frå gamalt av har der vore språkbryting. I hansatida stod lågtysk mot norsk og verka til å gi bergensdialekten eit særpreg. Talemålet i Bergen har dessutan vore i bryting mellom bygdemål og bymål, illustrert mellom anna av Amalie Skram i Hellemyrsfolket.

På 1830-talet var der ein strid i Bergen om retten til å vere med i ein tysktalande kyrkjelyd. Biskop Neumann vekte offentleg merksemd då han stødde denne retten (som seinare fall vekk). Neumann var òg den som hjelpte Ivar Aasen på vegen. Denne kombinasjonen er særleg interessant: Hjelpesmannen for nynorsken var ein trugen forsvarar av språkleg mangfald.

I det siste hundreåret er det striden mellom bokmål og nynorsk som har vekt mest interesse. Det var for det fyrste i Bergen det fyrste mållaget, Vestmannalaget, vart skipa i 1868. Bergen har dessutan – i høve til andre byar i Noreg – mange nynorskbrukarar og nynorske institusjonar, og desse har spela ei viktig rolle i det bergenske kulturlivet, med mållag, ungdomslag, kaffistover, nynorske bladtiltak og nynorske parallellklassar. Likeins har ein Bergens riksmålsforening, som i ein periode òg eigde to skjenkestover, Wessel-Stuen og Holberg-Stuen. Lesarbrevspaltene viser at språk framleis engasjerer!

I europeisk samanheng er språkstriden i Bergen ikkje eit særtilfelle. Det meir «spesielle» ved Bergen må vere at det språket som står så sterkt i regionen omkring, ikkje står endå sterkare i byen – som ynskjer å verte nettopp regionshovudstad!

Språkstrid og språkleg mangfald

Vi kunne ha nemnt fleire byar. Denne raske rundreisa i nokre av dei europeiske kulturbyane for 2000 får like fullt illustrerert den europeiske og urbane sida ved språkstrid og språkleg mangfald. Bryting mellom fleire språk er «normalt» og verkar til å gjere europeiske byar kulturelt spennande.

Vil så det språklege mangfaldet overleve? Europeisk historie på 1900-talet er i stor grad historia om undertrykking av minoritetar og språk, og dei store statsmaktene klarte nesten å knekkje fleire mindre brukte språk. I dag har ein lover som skal verne om mindre brukte språk. Det språklege mangfaldet er like fullt truga gjennom t.d. marknadsøkonomien: Det «løner» seg i fylgje programprodusentane ikkje å lage dataprogram eller talegjenkjenningsprogram på oksitansk eller nynorsk. Her ligg det store utfordringar.

Andre utfordringar gjeld dei nye innvandrarspråka. Skal ein take språkleg mangfald på alvor, må òg dei få visse rettar. Her kan ein kanskje lære noko av den haldninga biskop Neumann i Bergen hadde på 1800-talet.

 

-- Endre Brunstad er forskar ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015