LNU om sidemålet

«Sidemålet på sidelinja?» var emnet for ein dagskonferanse skipa til av Landslaget for norskundervisning i oktober i fjor. Nokre av innleiingane er no samla i Norsklæraren nr. 1/2001. LNU trekkjer desse konklusjonane etter konferansen:

1) Haldningane til sidemålet er ei utfordring og
2) det trengst meir tid og ein ny sidemålsdidaktikk.

LNU skriv m.a. at haldningane til sidemålet er problematiske hos ein del studentar, elevar og norsklærarar, i den tyding at det finst haldningar som er til skade for undervisninga i emnet. Når det gjeld sidemålsdidaktikken, skriv LNU: «Ein må drive sidemålsopplæring på andre måtar enn før, men også meir enn før. Det blir nemleg brukt svært lite tid på sidemålsopplæring, stikk i strid med det mange synest å tru. (Argumentasjon som byggjer på at sidemålet stel mykje tid frå hovudmålet og andre emne, stemmer ikkje, sjølv om retting av dårlege nynorskstilar (og bokmålsstilar) tek mykje tid for læraren). Ein slik ny sidemålsdidaktikk må legge mindre vekt på grammatisk drill og meir på å bruke begge målformer både som arbeidsspråk og til meir lystprega lesing og skriving.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:17.06.2015