Om nynorsk og ny norsk

AV KNUT ÅGE TEIGEN

Du er norsklærar i 8. klasse og går med stødige steg mot klasserommet. I dag skal elevane ta til med nynorsk som sidemål. Kva aktivitetar legg du opp til for å få elevane til å tykkje at timen er meiningsfull? Når skal elevane ha nynorsk neste gong, og kva gjer dei då?

Noko du erfarer ganske raskt i læraryrket, er at korleis du startar opp eit nytt opplegg, tema eller fag, har mykje å seie for det vidare arbeidet. Ein vellukka start får det heile på gli og skaper engasjement. Når engasjementet er der, er det lett å motivere elevar til innsats.

No var nok denne timen i 8. klasse neppe elevane sitt aller første møte med nynorsk. Etter læreplanen skal elevane alt i 6. klasse ha lese tekstar av nyare forfattarar på nynorsk. Dessutan er NRK både i stova og på bilradioen over det ganske land. Møtet i 8. klasse har likevel mykje å seie. Forutan å lese nynorsk litteratur skal dei på dette klassetrinnet og byrje å skrive nynorsk.

Haldningar

Vi likar å tru at mange elevar i bystrok viser nynorsken ei kald skulder alt før dei har hatt ein einaste time i faget. Dei trur kanskje nynorsk er keisamt, at det er meiningslaus drill av grammatikk, pugging av rare ord og at kunnskapar om nynorsk er noko dei aldri får bruk for i framtida. Dette er eit bilete av undervisninga i nynorsk som mange likar å hengje opp. Om du les meiningsytringane i Aftenposten, er dette sanninga. Det treng ikkje og det bør ikkje vere slik.

Målet må vere at elevane er positive til nynorsk, at dei ser ei nytte i å ha nynorsk i skulen, og at dei er medvitne om dei historiske forholda som ligg til grunn for at vi har to språk i landet vårt.

Haldningane som elevane har med seg til eit fag, skal vi ikkje undervurdere. Nynorsken er i godt lag når det gjeld akk og ve frå elevane. Mange elevar opplevde det gamle kristendomsfaget som ein lang og moralistisk klagesong, og at det hadde ein tekst som ikkje handla om dei og livet deira. Dei såg ikkje på seg sjølve som kristne, så kva skulle no dei med dette faget? Det er heller ikkje få matematikkvegrarar i dei norske klasseromma. Einkvan har nok ønskt å sende passaren sin til Kina og ikkje oppgi returadresse. Og kvifor lærer vi eigentleg algebra?

Innimellom tyr dei fleste av oss til grunnar som «dette har dei bestemt på Stortinget, det står i læreboka», eller «eg likar det heller ikkje, men vi må gjennom det likevel». Dette er ikkje gode grunnar, og elevane set i gang med arbeidet meir ut frå plikt enn lyst. Det er trist. Som lærarar må vi kunne argumentere for faga og fagstoffet elevane skal tileigne seg. Elevar let seg sjeldan lure av halvkvedne viser. Praktisk nytte og allmenndanning er alltid godt å peike på. Det som verkar mest overtydande på elevane, er ofte det at læraren sjølv brenn for faget sitt. Entusiasme smittar raskt og er utan større biverknader.

Nynorsk er ikkje eit framandspråk. Elevane har store kunnskapar i nynorsk før dei har lese ei einaste side i læreboka. Ein stol er ein stol og ein mann er ofte ein mann. Dette gjeld både i bokmål og nynorsk. Derimot vert stoler stolar på nynorsk, og det må elevane få med seg. Men dette er ikkje det viktigaste i nynorsk. Etter vårt syn må det sentrale vere at elevane utviklar ein kulturell toleranse som femnar nynorsken. Dette stør opp under hovudformålet med skulegangen i Noreg, nemleg at elevane skal verte gagns menneske med eit demokratisk sinnelag.

Det er med nynorsk sidemålsundervisning som med ein ny kjærast. Du skal vere varsam og ikkje gå for fort fram. Ein mjuk start er ofte det beste. Elevane kan godt byrje med å lese ungdomsbøker på nynorsk og skrive bokmeldinga på bokmål. Kanskje skal dei ikkje skrive bokmelding i det heile. Her må vi òg tenkje tilpassa opplæring. Vi treng ikkje tvinge svake elevar til å skrive, sjølv om dei andre elevane gjer det. Ivar Aasen sine ord er gyldige den dag i dag: «me skal koma, um inkje so braadt».

Dialektarbeid

I 8. klasse ligg mykje til rette for at elevane nærmar seg nynorsken gjennom dialektarbeidet. Etter læreplanen ligg hovudmomenta om talemålsutviklinga og språkarbeidet til Aasen og Knudsen på dette klassesteget. No finst det elevar som meiner at alle andre utanom dei sjølve talar dialekt. Då må det avlæring til.

Å la elevane sjølve vere dialektforskarar kan vere ein lur strategi i denne samanhengen. Dei kan undersøkje talemålet til slektningar og vener, ta det opp på band og finne ulike målmerke. Det handlar om å gjere avstanden frå «dialektland» til dei sjølve minst mogleg. Då vil dei kanskje òg lettare skjøne Aasen sitt arbeid.

Eit neste steg i dette arbeidet er at dei skal gå inn i måldebatten og argumentere for eller mot landsmaalet. Ein måte å gjere dette på er at halve klassen er Knud Knudsen og den andre halvparten er Ivar Aasen. Dei sender brev til kvarandre der dei legg fram sine synspunkt. Enten kan elevane byte brev og svare kvarandre, eller dei kan skipe til debattmøte mellom Aasen-tilhengjarane og Knudsen-fans. Vi skal ikkje vere redde for målstriden, og kanskje har elevane rett og slett godt av litt nærkontakt med denne debatten. Liknande opplegg er skildra i ulike publikasjonar, du må berre finne ein vri som passar din klasse og nivået deira.

Skriving

Vi har lett for å hengje oss opp i at elevane skriv rare og svorske ord når dei skriv nynorsk. Det er ikkje så nøye om dei skriv mykje feil i starten. Dei har tre år å verte gode på. I byrjinga er skriveglede det sentrale. Korte forteljingar med artige tema kan vere ein innfallsport. Elevane bør presentere desse tekstane. Eitt poeng er at elevane ofte likar å høyre medelevar sine tekstar. Dei fleste ungdomar har ein vilter fantasi som kan utløyse kraftige latterbølgjer i klasserommet. Eit anna poeng er at elevane får høyre at det ikkje berre er dei som skriv «kvissleis», «kvor skal du» og «kviss du kjem». Å gå i språkgrøfter kan vere lærerikt og morosamt arbeid. Vi lærer av feila våre.

Når det gjeld retting av nynorsktekstar, kan det vere tenleg å rette selektivt. Til dømes kan det vere at elevane skal lære seg 10 reglar eller 10 ord som skal vere riktige. Då rettar vi berre dei og ingenting anna. Elevane veit sjølve at det er desse som gjeld, og det er ikkje noko i vegen for at dei rettar tekstane til kvarandre. Det kan òg vere at du som lærar varierer mellom å rette berre hokjønnsord i ei oppgåve og ser på a- verb i den neste. Vi kan ikkje få til alt på ein gong.

Dagleg bruk

For at elevane skal få eit riktig og breitt forhold til nynorsk, må dei oppleve nynorsk i mange ulike samanhengar og sjangrar. Ikkje minst er det viktig at elevane får sjå nynorsk i daglegbruk. Det er ikkje noko i vegen for at lærarar sender eitt og anna skriv heim til foreldra på nynorsk. Trening treng vi alle.

Med jamne mellomrom sender vi ut vekeskriv til foreldra. På den eine sida skriv vi om kva som har skjedd i veka som har gått, og kva planar vi har for neste veke. Baksida tilhøyrer elevane. Der kan det vere døme på fine elevprodukt, bilete av elevane i arbeid eller referat frå klassen sin time. Attendemeldinga frå foreldra er gjennomgåande positiv. Når foreldra får forklart at det er ein del av undervisninga at skrivet er på nynorsk, både godtek og verdset dei det. Prat positivt om nynorsken til foreldra, og foreldra vil truleg følgje opp overfor barna. Foreldre vil at barna skal lære mest mogleg på skulen. Det gjeld òg nynorsk.

Nynorsk bør og dukke opp i andre samanhengar enn i norsktimane. Ein samfunnsfagprøve kan godt vere skriven på nynorsk, men elevane kan velje kva målform dei vil svare på. Elevane spør då ofte om dei får betre karakter om dei skriv på nynorsk, og då er det berre å svare at dei bør velje den målforma dei treng mest trening i. Mange tek nynorsk lett og treng å skrive meir bokmål.

Dersom det er lærarar på skulen som har nynorsk som hovudmål, kan dei godt nytte nynorsk på tavla innimellom. Kanskje kan skulen òg kjøpe inn eit klassesett av geografiboka på nynorsk. Elevar vert ikkje gode i nynorsk dersom dei berre får det servert som smådrypp og grammatikkøving i ny og ne.

Norskundervisning

Vi vil framheve at undervisning i nynorsk òg er norskundervisning. Kjartan Fløgstad skriv ein stad at språkstriden gjer alle nordmenn meir språkmedvitne, og derfor er han av det gode. Å lese og skrive på sidemål har klar overføringsverdi til hovudmålet. Dess meir du arbeider med språk, dess meir kunnskap og språkteft får du. Nynorsken kan hjelpe elevane til å få skrive tekstar som er meir lettlesne. Kjenneteikn på god nynorsk er ofte stutte setningar, eit munnleg preg og lite substantivsjuke. Dessutan vil elevane få eit mykje større ordtilfang, noko som gir variasjon og styrkjer ein tekst.

Dikt er noko mange elevar tenkjer på i samband med nynorsk. Det er god språktrening uavhengig av målform å skrive dikt. Ein 8.-klasse hadde eit opplegg der dei fekk i oppgåve å måle ein akvarell av nordljoset. Deretter skulle dei skrive eit dikt som høvde til akvarellen. Det einaste kravet vi sette til diktet, var at det skulle vere på korrekt nynorsk. Desse elevane hadde knapt hatt nynorsk tidlegare. Dei såg at akvarellane vart fine, og dei ville ha dikt som var av same standard. Kanskje var ikkje dikta på meir enn fem setningar, men det vart viktig for eleven at kvart ord skulle vere riktig. At elevane ser ein trong for å lære, gir motivasjon og iver. Utan større oppfordring bad elevane lærarane hente ordlister, eller dei stilte seg i rettleiingskø bak norsklæraren. Ein heil vegg dekt av nynorske nordljosakvarellar var eit flott syn.

Vi har erfart at konsentrert undervisning har god effekt. Til dømes kan alle tekstane i ein seksvekersperiode vere på nynorsk. Då vert elevane vane med å skrive nynorsk, og det vert færre oppgåver å gjere. På denne måten får dei høve til å lære av dei feila dei gjer, og kan snøgt bruke denne nye kunnskapen. Som i all anna undervisning må vi her leggje vekt på variasjon. Vi må variere mellom sjangrar og mellom skriftlege og munnlege produkt. Elevane skal ikkje lære å tale nynorsk, men dei kan godt fortelje eller gjere ein presentasjon på nynorsk. Elevane skal ha munnleg karakter i norsk, men den skal ikkje ta omsyn til om elevane talar riktig nynorsk. At elevane viser innleving, at dei kan stoffet utanåt, at dei ser på publikum, og at dei fortel høgt og tydeleg, er kriterium du kan leggje vekt på her.

Jubileumsplate for Ivar Aasen er namnet på ei CD- plate som ikkje tilfeldig vart utgitt i 1996. Det er ei hylling av Aasen som er gjort med både ironi og kraft. «Millom bakkar og berg» er gjenkjenneleg i dei første fire orda, men så synest songaren det går for tregt, og han skrik «nei fy faen, det låter kjipt,» og så dundrar gitarane i veg. Nynorsk i Aasen sin versjon her er knallhard rock. Denne kjensla har sikkert elevane innimellom òg. Dei må oppleve nynorsk med futt. Læreplanen for musikk seier at elevane skal setje opp ei forestilling. Tenk om elevane då foreslår å skrive eit par av tekstane på nynorsk? Det ville glede hjartet til ein norsklærar.

Det er ikkje gjort i ei handvending å gjere elevane gode i nynorsk. Å skape positive haldningar til nynorsk kan òg vere eit slit. Vi må halde oppe eigen entusiasme og vere tydelege på at det er ein rikdom for elevane å verte gode i nynorsk. Mottoet vårt får vi låne frå Bodø i Stompa-filmane: «Det vil helst gå bra.»

 

-- Knut Åge Teigen er lærar ved Ringstabekk skole.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015