Småstoff


Nytt fra Språkrådet

Rettskrivingsreform blir utsett

Norsk språkråd behandla på årsmøtet i 2000 endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk. Bokmålsseksjonen gjekk inn for at systemet med hovudformer og sideformer ikkje lenger skulle gjelde i bokmål, og at ein del lite brukte former skulle takast ut av bokmålsrettskrivinga. Nynorskseksjonen vedtok omfattande endringar i læreboknormalen og rettskrivinga for nynorsk.

Kulturdepartementet har nyleg teke stilling til vedtaka frå Norsk språkråd. Departementet vil gje Norsk språkråd høve til å arbeide vidare med den rettskrivingsreforma som vart vedteken på rådsmøtet i 2000. Det inneber at departementet, med nokre få unntak, ikkje har godkjent endringane i bokmåls- og nynorskrettskrivinga.

Departementet har med denne avgjerda ikkje underkjent det arbeidet Språkrådet har gjort, men ber Språkrådet arbeide vidare med somme spørsmål. Formålet er å leggje grunnlaget for ein meir stabil rettskrivingssituasjon og å unngå hyppige rettskrivingsendringar i framtida. Dette er i samsvar med Språkrådet sitt ønske.

Departementet sluttar seg til framlegget frå Språkrådet om i praksis å avskaffe skiljet mellom hovudformer og sideformer i bokmål. Sideformer er former som ikkje er tillatne i statstenesta og i lærebøker, men som skuleelevar og andre kan nytte i dei skriftlege arbeida sine. Departementet reiser spørsmålet om ei tilsvarande reform også i nynorsk, og ber Språkrådet om å få dette nærmare utgreidd.

Dei to leiarane i Språkrådet, Jan Olav Fretland (nynorsk) og Ola Haugen (bokmål), meiner at vedtaket til departementet ikkje skaper problem for arbeidet i Språkrådet. Det samsvarer med Språkrådet sitt syn at rettskrivingsendringar normalt bør gjerast i samband med meir omfattande og heilskaplege rettskrivingsreformer, og at det bør vere ei viss tid mellom slike reformer.

Plan for styrking av norsk språk

Norsk språkråd har i mange år arbeidd for å styrkje bruk av norsk språk i Noreg. I St.meld. nr. 13 (1997–98) er det sagt at rådet «bør oppgraderast til å kunne vere eit statleg instrument for eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid», og langtidsplanen for perioden 2001–2003 slår fast at verksemdsområdet språkvern no skal prioriterast høgare enn før.

Ei arbeidsgruppe i Språkrådet har i 2000 laga ein plan for denne arbeidsteigen, som rådet skal følgje frå 2001 av. Målet for Norsk språkråds arbeid med språkvern og språkstyrking er å førebyggje at norsk språk – bokmål og nynorsk – blir truga som bruksspråk og fagspråk på viktige samfunnsområde. Målet er vidare at norsk språk – bokmål og nynorsk – blir teke i bruk på nye område, også som fagspråk.

Handlingsplan for norsk språk og IKT

Norsk språkråd la 9. februar fram forslag til Handlingsplan for norsk språk og IKT. Planen er ei direkte oppfølging av St.meld. nr. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste og er knytt til Nærings- og handelsdepartementet sin eNorge-plan.

Oppretting av ein norsk språkbank er det viktigaste og mest omfattande tiltaket i planen. Språkbanken skal innehalde store mengder tekst for flest mogleg sjangrar på begge målformer, leksikalske ressursar, terminologibasar og store mengder tale med flest mogleg dialektar og talesituasjonar. Innhaldet i banken blir stilt til rådvelde for forsking og for industriell produktutvikling innanfor språkteknologi.

Eit anna prioritert område er nynorsk programvare. Det heiter i planen: «Som en av landets største IT-kunder rår det offentlige samlet over et kraftfullt økonomisk virkemiddel til å kreve at produsentene utvikler nynorskversjoner. Norsk språkråd mener for det første at det er nødvendig å endre forskrifter og reglement for offentlige innkjøp slik at det blir et krav til leverandørene å tilby produktene både på bokmål og nynorsk. En bevisstgjøring av nynorsk-brukere om å samle seg og opptre som en stor aktør i markedet er et annet viktig tiltak. Gruppa som har arbeidet med handlingsplanen, framhever satsing på samarbeidsprosjekt mellom bransjen og det offentlige som grunnleggende for å lykkes. Et fjerde viktig tiltak er å sette i gang og/eller støtte prosjekt for å lage verktøy som kan forenkle arbeidet med å lage programversjoner på begge målformer.»

Det er oppnemnt ei referansegruppe med medlemmer frå departement og statlege verksemder.

Ein endelig versjon av planen, der bidrag frå referansegruppa er innarbeidde, skal liggje føre i første halvår 2001.

Kandidat eller bachelor?

Norsk språkråd foreslår «kandidat» og «magister» som nye nemningar for dei akademiske gradane på lågare og høgre nivå. Forslaga er sende til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i samband med at Mjøs-utvalet i innstillinga si har nytta dei engelske nemningane «bachelor» og «master». I brevet til KUF skriv Språkrådet at titlane «kandidat» og «magister» går greitt inn i det norske språksystemet, og at titlane er i samsvar med dei svenske og finske gradsnemningane.

På godt norsk

access – tilgang/adgang
access code – tilgangskode (data)
attachment – vedlegg
dummy – modell, prototyp
edutainment – leik-og-lær/lek-og-lær, kunnskapsleik/kunnskapslek
gate – utgang (på flyplass)
infomercial – infoklame
infotainment – info(r)nøyelse, nyheitsunderhaldning/nyhetsunderholdning, tabloid- i ulike samansetningar
manual – handbok/håndbok
mute – sordin, dempar/demper
patchwork – lappeteknikk
populere – busetje/befolke (generelt), fylle (opp) (data)
promotion – salsframstøyt/salgsframstøt, promosjon (verb: promotere)
sidebar – sidestolpe, infostolpe (på nettsider)

Du finn fleire ord på nettsidene våre

Lånte fjører eller bunad?

Boka gjev eit oversyn over korleis språket vårt har teke opp i seg importord gjennom eit par tusen år. Forfattaren, Helge Sandøy, drøftar denne prosessen – både den historiske og den moderne – frå mange innfallsvinklar. Han tek opp spørsmålet om kvifor vi importerer ord, og diskuterer argument for og imot desse orda og kva vi kan gjere med dei. Han drøftar òg korleis ein kan lage gode avløysarord.

Lånte fjører eller bunad? er eit nyttig oppslagsverk for alle språkmedvetne og -interesserte lesarar. Boka er rik på ord- og teksteksempel, slik at ho kan vere eit godt hjelpemiddel for norsklærarar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen. Også studentar i lærarutdanninga og i faget nordisk vil finne mykje nyttig stoff i boka.

Helge Sandøy: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk.
LNU/Cappelen Akademisk forlag 2000.
290 sider. Kr 348,–.
ISBN 82-02-19684-1

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.07.2004 | Oppdatert:17.06.2015