Norrøne hestar og sauer

AV SVEIN NESTOR

Norrønt hadde både hestr og hross som nemning på hesten. I den fyrste er det berre å ta bort r-en, som er merket på nominativ eintal i svært mange norrøne hankjønnsord, så har me vårt ord hest. Ikkje noko moderne norsk ord kan byrja på h- framfor r, så den moderne forma av inkjekjønnsordet hross må vera ross, som ikkje finst i standardnorsk, og snautt nok i målføra, men i mange stadnamn. I målføra finst hokjønnsforma rossa, som naturleg nok tyder ’hoppe’, og det finst også eit samansett ord rossigle, som tyder hesteigle. Av den same rota har nynorsk framleis hors og horsa, som båe tyder ’hoppe’. Det er ikkje lett å finna ut kvifor den eine av desse to hestenemningane, ross, er vorten borte. Hross finst framleis i islandsk, attåt hestur. Færøysk har ross, men mest i stadnamn, det vanlege ordet er hestur.

Den ulike lagnaden åt hestr og hross kan ein samanlikna med korleis det har gått med norrønt ulfr og vargr. I dag er ulv eit mykje vanlegare ord enn varg i norsk. I Sverige er varg eit mykje vanlegare ord enn ulv, som er gammaldags og poetisk, men det heiter framleis en ulv i fårakläder, og ulvatjut (ved sida av vargtjut) om ulvehyl. Slik har det ikkje alltid vori, for i den bibelomsetjinga som kom ut så seint som i 1915, heitte det framleis: «Gån åstad. Jag sänder eder som lamm mitt in bland ulvar,» som i den nyaste omsetjinga lyder slik: «Gå, jag skickar er som lamm in bland vargar» (Lukas 10.3). I den gotiske bibelomsetjinga frå 300-talet e.Kr. heiter det: «Ik insandja izwis swe lamba in midumai wulfe.» Wulfe er genitiv fleirtal av wulfs, som liknar mykje på engelsk wolf og tysk Wolf, og det er mesta berre den opphavlege w-en som skil desse formene frå vårt ord ulv. Lamba er fleirtal av lamb, som er identisk med engelsk lamb, og lamb heiter det i somme norske dialektar framleis. På tysk heiter det Lamm.

På norrønt heiter det vargr undir sauð om det som me kjenner best som ulv i saueham / ulv i fåreklær ; og i saueham / i fåreklær heiter in wastjom lambe på gotisk. Norrønt hadde òg vargulfr, som tyder ’varulv’ og morðvargr, som tyder ’fredlaus mordar’. Vargr í véum, som eigenleg tyder ’ulv i heilagdomen’, var ein fredlaus mann. Usamansett tyder vargr også ’tjuv, røvar’. Det kan vera forklåringa på at det finst mange personnamn som inneheld ulv, men ingen som inneheld varg.

I Norrøn ordbok av Heggstad, Hødnebø og Simensen står dette: Hestr m. 1. hest (hingst; jfr. stóðhestr). 2. hest, øyk; noko å ride på. Hross n. 1. øyk, hest av begge kjønn. 2. hoppe, merr.

Likskapen mellom hestr og hross er såleis at båe nemningane kan tyda ’hest, øyk’. Skilnaden mellom dei er at hestr attåt den fyrste tydinga også kan tyda ’hingst’ – og berre det – og at hross attåt den fyrste tydinga også kan tyda ’merr’ – og berre det.

Truleg var hestr i norrønt eit vanlegare ord enn hross, så lenge det er tale om tydinga ’hest, øyk’. Dersom det var slik, kan det vera ein av grunnane til at hest framleis er eit vanleg ord, medan ross er svært sjeldsynt. I eit oppslagsverk med svært mange stadnamn har me funni tal som stør det synet at hestr før i tida var vanlegare enn hross: Av namn som har fyrstelekken ross-, er det om lag 350. Av namn som har fyrstelekken hest-, er det om lag 1830, altså meir enn fem gonger så mange.

Hross er opphavleg det same ordet som det engelske horse, og som det tyske Ross. Ordet Ross har altså samsvarande former i andre germanske mål, men slik er det ikkje med hestr, som berre finst i dei nordgermanske måla: dansk, norsk, svensk, islandsk og færøysk.

Omfram kvalross er det berre eitt vanleg ord til i moderne norsk som har elementet ross i seg, og det er røsslyng, som altså tyder ’hestelyng’ (av di lyngen vart nytta til hestefor).

I moderne norsk har me framleis ekko av ei tredje norrøn hestenemning – jór, t.d. i namn som Jostein og Jofrid. Her er det interessant å leggja merke til at me ikkje har noko personnamn som byrjar på Hest- eller Ross-.

Jór var nok ei poetisk nemning ettersom me finn ho mest i skaldedikta. Ordet er ovgammalt, for etymologisk heng det saman med aihwa- i det gotiske plantenamnet aihwatundi, som beinveges omsett tyder ’hestetann’, og med gammalengelsk eoh, lenger ute med latin equus, gresk hippos og gammalindisk aśva.

Smale, sau og får

Omfram ’sau’ tyder smale også ’flokk, hop, mengd’. Iallfall på Austlandet kan det tyda det same som brote (bokmål bråte), t.d. Jeg har en hel smala småmynt liggende i skuffen. Nemninga smale heng etymologisk saman med adjektivet smal, som på norrønt heitte smalr og tydde ’liten’. Den same tydinga har framleis engelsk small, som etymologisk sjølvsagt er det same ordet som smale. Når smale heng saman med adjektivet smalr, som tydde ’liten’, kan me jamføra det med at me framleis nyttar ordet små-fe om sau (og geit), altså smale.

Mellom smale og sau er det ikkje noko etymologisk samband, dei berre tyder det same. Norrønt sauðr har den same rota som verbet sjóða, som tyder ’syda, koka’. Om ein ikkje tykkjer at tydingssambandet mellom verbet sjóða og substantivet sauðr er berrsynt, kan ein kan henda jamføra det med tydingssambandet mellom verbet å steikja og substantivet ei steik, som alle ser med ein gong. Me får altså tru at sauðr opphavleg var ei matnemning, og seinare vart nemninga på eit dyr som ein ofte koka seg mat av.

Til den same rota som sjóða og sauðr høyrer òg norrønt soð, som på moderne norsk heiter sodd, t.d. grynsodd, kjøttsodd, som er nemningar på supper. I moderne norsk finst òg ordet sod, men det er sjeldsynt. Etter Nynorskordboka tyder sod: 1 syding 2 vatn som noko er kokt i; kraft 3 kjøtsuppe. Også i dette siste dømet er det eit tydingssamband mellom verbet syda, som merkjer det ein gjer med matvara, og sod, som er nemninga på det matproduktet som ein får fram og deretter et, nemleg kjøtsuppa.

Sau kan som kjent også heita får, som ikkje finst i nynorsk, men som i forma fær fanst i norrønt. (Jamfør at det framleis heiter Færøyane.) Saman med sauen høyrer heilt klart søya. Noko slikt ord finn me ikkje i den norrøne ordboka, og grunnen til det er vel berre eit slumpehøve i overleveringa av dei norrøne tekstane. For når det på norrønt heiter rauðr, som tyder ’raud’, og reyðr, som tyder ’raud(fisk)’, det vil seia røyr, skulle ein parallelt med dette venta å finna sauðr og seyðr. Og seyðr finst, men det tyder ikkje ’søye’. Det tyder ’sydande straum, stryk’. Sambandet med verbet sjóða ligg her klart i dagen. Det gjer det også i nynorskordet søy, som tyder ’brusing’, og som er eit beinveges framhald av norrønt seyðr.

Fiskenemninga røyr har ein variant røye, og det får oss til å tru at norrønt må ha hatt eit ord reyða, men i den norrøne ordboka står det ikkje. Også det er nok eit slumpehøve. Og når me ut ifrå den moderne forma røye må tru at norrønt må ha hatt ei form reyða, må me parallelt med det tru at det til den moderne forma søye har eksistert ei norrøn form seyða.

Sett opp i eit skjema, der * merkjer former som ikkje finst i den norrøne ordboka, men som norrønt truleg har hatt, ser samsvara slik ut:

NorrøntModerne norsk
sauðr m. sau m.
seyða* f. søye f.
seyðr f. søy m. ’brusing’
rauðr  m. raud m. (adjektiv)
reyða* f. røye f.
reyðr f. røyr f. (røye)

Norrønt hadde eit ord til for ’søye’, og det var ær, som har sideforma á. Me gissar på at dette var det verkeleg gamle norrøne ordet for ’sau/søye’. Ær/á har nemleg samsvar i gammalengelsk eowu, som på moderne engelsk heiter ewe, og gammalhøgtysk ouwi, som på moderne tysk mål heiter Aue, og gotisk awis-tr, som tyder ’sauefjøs’. Skyldskap lenger ute er det med latin ovis, gresk ois, av ei eldre form *owis, gammalindisk avis, litauisk avis, og gammalslavisk ovica, moderne russisk ovtsa, som alle tyder ’sau’ eller ’søye’ – eller båe delar. Ordet ær er i vanleg bruk i norsk i samansetninga ærsau, som tyder ’søye’.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2014 | Oppdatert:18.06.2015