Ivar Aasen på førarkorta

Dei nye førarkorta som vart innførte i 1998, er fulle av mikroskopiske løyndomar.

Formålet er å hindre forfalskingar. Ein av løyndomane finn ein med lupe nede i høgre hjørnet på baksida av kortet. På ei overflate som måler mindre enn ein kvadratcentimeter, har Vegvesenet fått plass til to vers av Ivar Aasens dikt «Mellom bakkar og berg ut med havet». Bokstavane er prega med såkalla overflate-gravyr og har ingen farge. Brotstykke av det same diktet av «nynorskens far» går elles att overalt på førarkortet som bølgjeforma strekar. Avisa Gudbrandsdølen Dagningen, som har drive meir djuptgåande studium enn Språknytt av førarkortet som litterært og språkleg skattkammer, fortel at kortet også rommar eit par linjer frå Håvamål.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:17.06.2015