Ny giv for nynorsk språkbruk i staten

Regjeringa varslar ein ny giv for nynorsk målbruk i staten. I St.meld. nr. 9 (2001–2002), som passerte statsråd 21. desember i fjor, er det lagt opp til eit treårig satsingsprosjekt frå 2003. Siktemålet er at alle statsorgan skal oppfylla kravet om minst 25 pst. av kvar målform. Framlegget om eit treårig satsingsprosjekt byggjer på eit forslag frå Norsk språkråd. Kultur- og kyrkjedepartementet og Språkrådet skal arbeida saman om prosjektet.

Sentrale element i satsingsprosjektet er leiarengasjement, nynorskopplæring og etablering av faste rutinar for veksling mellom målformene. Departementet vil vidare etablera ei språkkonsulentteneste knytt til sekretariatet i Norsk språkråd. Den nye språkkonsulentfunksjonen vil vera eit viktig element i det treårige satsingsprosjektet som det er gjort framlegg om.

Gjennomsnittleg nynorskbruk i departementa har dei fire siste åra variert frå knapt 15 pst. til 25 pst. avhengig av dokumenttype og reknemåte. Utanfor departementa er variasjonane større. Det er snart 15 år sidan kravet om minst 25 pst. av kvar målform vart forskriftsfesta.

– Staten kan ikkje halda fram med å visa så liten respekt for eigne lover og reglar som mange statsorgan framleis gjer, seier kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

– Formålet med kravet om minst 25 pst. er jo at nynorsk skal vera godt synleg i staten. Slik får vi ei viss motvekt til den sterke bokmålsdominansen i samfunnet elles. Dette gjer sitt til å tryggja og styrkja nynorsken sin posisjon både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål.

– Nynorsk og bokmål må i dag oppfattast som to delar i ein nasjonal felleskultur, og det ville vera eit stort tap dersom den eine av desse berebjelkane skulle bli svekt. Difor er dette ei viktig kulturpolitisk sak, som også er forankra i Sem-erklæringa, seier kulturministeren.

Fleirtalet i kulturkomiteen har slutta seg til framlegget om eit satsingsprosjekt i Innst.S.nr.109 (2001 – 2002). Fleirtalet skriv: «Fleirtalet føreset at dei fleste av statsorgana etter at satsingsprosjektet er avslutta, vil oppfylle målbruksreglane fullt ut og at 25 % nynorsk vert nytta.»

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:17.06.2015