Nynorsknorma i endring

AV EILOV RUNNESTØ

Nynorskseksjonen i Språkrådet arbeider no med å revidera rettskrivinga i nynorsk. Frå 1997 til 2000 utarbeidde seksjonen framlegg til ei norm som skulle gje mindre valfridom innanfor læreboknormalen i nynorsk. Den vide rettskrivinga derimot skulle framleis ha mange valfrie former (såkalla side- eller klammeformer). Dette arbeidet låg til grunn for rettskrivingsvedtaket på årsmøtet i 2000, då ei mengd tidlegare jamstilte hovudformer fekk klammeformstatus, og sjølve hovudnorma skrumpa mykje inn.

Dette 2000-vedtaket vart ikkje godkjent straks av Kulturdepartementet, og i eit brev av 5.12.00 bad departementet Språkrådet greia ut om skiljet mellom læreboknormalen og rettskrivinga kunne takast bort òg i nynorsk, slik det nett var gjort vedtak om for bokmålsrettskrivinga. (Det vedtaket er førebels heller ikkje godkjent av Kultur- og kyrkjedepartementet.) Departementet bad Språkrådet vurdera korleis dei spørsmåla som då ville dukka opp, kunne løysast.

Undersøkingar av språkbruken

Våren 2001 sette styret i Språkrådet ned ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe og tilrådde ein framdriftsplan fram til rådsmøtet i 2003. Som grunnlagsmateriale for arbeidet laga Åse Wetås og Aud Søyland ein del punktgranskingar for Språkrådet. Wetås undersøkte formbruken i ulike typar publisert og upublisert nynorskmateriale og samla opplysningar om rettepraksisen i skulen, i avisene og i forlaga. Siste undersøkinga hennar tok opp korleis brukarane opplever normsituasjonen i nynorsk. Aud Søyland utarbeidde ein rapport om typar av feil i nynorsk.

Ein klår tendens i materialet frå Wetås var at hovudformene (læreboknormalen) står sterkare enn venta; den store valfridomen innanfor rettskrivinga blir ikkje utnytta. Vidare gjekk det fram at mange av dei som skal forvalta norma og vidareformidla rettskrivinga, ikkje har gode nok kunnskapar om norma. Konklusjonen frå mange hald går ut på at valfridomen eksisterer mest på papiret. Av rapporten frå Søyland gjekk det fram at hovudtyngda av feil i nynorsk ser ut til å koma av bokmålspåverknad.

Framlegg frå referansegruppa

Hausten 2001 la referansegruppa fram tre framlegg for styret i Språkrådet, som sende dei vidare til nynorskseksjonen. Eitt framlegg gjekk ut på å avskaffa sideformkategorien når det gjeld einskildord, men halda han oppe i heile bøyingssystem. Eit anna ramlegg rådde til å oppheva skiljet mellom læreboknormalen og rettskrivinga i nynorsk. Sideformene (dei som var sideformer etter 2000-vedtaket i Språkrådet) skulle stort sett fjernast, men visse tradisjonsformer kunne få jamstilt status. Eit tredje framlegg gjekk også inn for å fjerna skiljet mellom hovud- og sideformer, men ville la valfridomen vera om lag som før.

Drøfting i nynorskseksjonen

På seksjonsmøtet i februar 2002 tala dei fleste for at nynorskrettskrivinga bør gå bort frå klammesystemet både av pedagogiske grunnar og fordi bokmålsseksjonen har vedteke å fjerna det i bokmål. Drøftinga gjekk vidare inn på kor stor valfridom norma då skal tillata. Dei som ynskte liten valfridom, peikte på at han er til skade. Det trengst ei offisiell norm, og fleire frykta at ho ikkje kan fungera som det om ho blir for vid. Mange jamstilte former forvirrar berre, folk maktar ikkje å ha oversyn. Fleire i seksjonen tona ned talemålspremissen: Det er ingen føremon for t.d. elevar å bruka berre nokre talemålsformer om dei ikkje får bruka alle. Valfridomen i nynorsk har heller ikkje fremja nynorskbruken utanfor kjerneområda. Det vart peikt på at den nye språkpolitiske situasjonen ikkje oppmuntrar til tilnærming mellom målformene, og bokmålet går i konservativ lei. Nynorsken har mykje å vinna på å markera seg med klåre, systematiske skilnader frå bokmålet. Skrifttradisjonen og systemet i dialektane er vesentlege byggjesteinar. – Andre hevda at det treng ikkje bli kaos om klammene blir fjerna, og «innhaldet» blir ståande som heilt valfrie former. Jamstilte former trengst for å få fram dei mange stillaga i nynorsk, stillag som det knyter seg sterke kjensler og ideologiar til, og som må ha rom i nynorsknormalen. Ei trong norm kan føra til statustap for nynorsken og vil ikkje spegla den faktiske språkkjensla som mange røynde og medvitne nynorskbrukarar har. Profesjonelle språkbrukarar er positive til valfridomen og bruker han til å utvikla ein personleg og særprega stil.

Referansegruppa hadde gjort framlegg om å byggja revisjonen av nynorsknorma på det grundige arbeidet som fagnemnd og råd gjorde i åra 1997–2000, som nemnt ovanfor. På seksjonsmøtet i februar såg det ut til å vera semje om å la denne 2000-rettskrivinga (som enno ikkje er godkjend av departementet) vera grunnlag for to alternative framlegg: eitt som byggjer på ei stram norm med dei mest brukte formene i nynorsk i dag, eventuelt med visse konsesjonar til meir tradisjonell nynorsk (seinare kalla B-framlegget), og eitt som opnar for eit større utval av regionale former (A-framlegget).

I mai møttest medlemmene av nynorskseksjonen att. Referansegruppa la no fram eit meir konkret drøftings- og vedtaksgrunnlag, og seksjonen freista arbeida saman dei to nemnde alternativa, A-framlegget (som opna for mest valfridom) og B-framlegget (med færre valfrie former). Det vart fleirtal i seksjonen for å leggja A-framlegget til grunn for arbeidet vidare, men det vart vedteke å innskrenka valfridomen i det på visse punkt. Referansegruppa hadde elles arbeidd ut frå eit «konsensusvedtak» på februarmøtet om å oppheva klammesystemet. På møtet i mai kom det opp framlegg om at skiljet mellom hovud- og side-/klammeformene skulle stå ved lag. Av dei 18 nynorskmedlemmene gjekk 10 inn for at klammesystemet skulle takast bort, 7 rådde til at det blir ståande, og 1 røyst var blank.

Ei større rettskrivingsendring

Departementet har lagt vekt på at den norma ein no arbeider seg fram til, bør kunna gjelda i lang tid frametter. Dermed kan denne revisjonen samanliknast med dei større rettskrivingsendringane frå 1901, 1917, 1938 og 1959. Ved ei så omfattande endring ynskjer nynorskseksjonen å setja normeringsspørsmålet inn i både ein normeringsteoretisk, historisk, sosial og pedagogisk samanheng. Referansegruppa arbeider på ei innstilling som ein tenkjer seg delt i to. Delinnstilling I drøftar m.a. normomgrepet og valfridomen i rettskrivinga og presenterer retningslinjene for normeringa. I denne innleiingsdelen er det òg naturleg å ta med den historiske utviklinga av nynorsken i norm og praksis. Denne delen er i store drag ferdig. Delinnstilling II kjem til å gå inn på lydverk og formverk i dei konkrete framlegga og vil framstilla dei pedagogiske konsekvensane. Det arbeidet skal gjerast frametter sommaren, og tanken er å senda heile innstillinga ut på høyring til hausten.

 

-- Eilov Runnestø er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015