Slutt på tilnærmingslinja i rettskrivingspolitikken

I Ot.prp. nr. 95 (2001–2002), som vart lagd fram 14. juni, gjer regjeringa framlegg om å oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd.

Tilnærming mellom nynorsk og bokmål «på norsk folkemåls grunn» var opphavleg eit uttalt mål i offisiell norsk rettskrivingspolitikk. Tanken var å smelta dei to målformene saman til eit felles norsk skriftspråk. Denne såkalla samnorskpolitikken vekte etter kvart stor strid, og gjennom skipinga av Norsk språkråd i 1971 vart det slutt på den aktive tilnærmingslinja.

Men tanken om eit felles norsk skriftspråk ein gong i framtida vart ikkje oppgitt. Norsk språkråd skulle framleis støtta opp under utviklingstendensar som på lengre sikt fører målformene nærmare saman. Dette har ikkje gitt seg nemnande utslag i den faktiske rettskrivingsutviklinga dei seinare tiåra. På viktige punkt har målformene snarare fjerna seg frå kvarandre. I ei stortingsmelding frå 1997 vart også tanken om eit framtidig felles skriftspråk lagd bort.

Den lovendringa som no blir foreslått, vil setja eit endeleg punktum for den omstridde tilnærmingspolitikken, skriv Kultur- og kyrkjedepartementet i ei pressemelding.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015